Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2020

Globalisme

Bilde
På veggen framfor tavla hang det kart. Over Noreg, Europa, Asia og Afrika. Ja til og med over Amerika og Australia var det kart, men dei var sjeldan framme. Inne på det kombinerte lærarommet, bibloteket og lageret var det ein globus. Han tok læraren fram av og til, minna oss om vikingane som trudde jorda var flat, og var redd for å segle utfor kanten, og snurra rundt globusen, let oss snurre, og viste også at Kina var på andre sida av jorda. Me hadde jo ordtaket om at grov du langt nok ned i jorda, var du halvvegs til Kina. No såg me det var langt dit! Elles var oppveksten min like etter krigen, og då galdt det å bygge oppatt Noreg. Parolen var å produsere norsk, kjøpe norsk og bruke norsk. Vi var stolte over norske produkt, og leste gjerne om norske syklar, bærtre og ski, og at vi også eksporterte norske varer  til utlandet.  Ja, klippfisken vår vart sendt like til Spania, der dei var så  annsleis at dei fasta frå kjøt. godt for oss nordmenn.  Vel kjøpte me nokre varer f

Stabbesteinar

Bilde
Det hende at folk var uenige i gamle dagar og. Ein  kunne argumentere og motargumentere, utan å verte einige. -  Han va kje te å rikka. Han va so ein stabbestein! Om ei var heldig, kunne ein bruke eit munnhell frå i dag:   - Me vart einige om å vera ueinige! Om ein var uheldig, gjekk ein hovudrystande frå kvarandre. Ein stabbestein var ein stor jordfast veikantstein, seier leksikonet. Det var ein omfangsrik stein sett opp i vegkanten der det var bratt på sida av vegen, for å hindra at køyretøy hamna utfor. Stabbesteinar var ein del av vegsikringa, autovernet på den tida. Det var stabbesteinar overalt der bilar eller hest og kjerre kunne køyra utfor. Tångabrekka, Sudmannskleiva, ved Myramannen, Apalen, ..  Ja, du kunne ta for deg vegen, og finna stabbesteinar overalt. Tokagjelet Då far køyrde den lange turen til Ålesund, Lillehammer og heimatt om Hardanger, var stabbesteinar den vanlege vegsikringa, anten det var ned Stalheimskleiva, gjennom Måbødalen eller gjen

Møteplass

Bilde
I dag er møteplass ein stad menneske møtes , og ofte laga til for at menneske skal ha samvær På butikken, på kafe, i kyrkja eller  ute i det fri. Då eg googla ordet, fann eg ut at møteplass var mest brukt om dating, og for dei som hadde slektningar med demens. Når eg vaks opp var det smale vegar. Det gjekk ein bil i breidda, anten dei kom eine vegen eller den andre. Det var berre plass til ein. Den gongen gjekk vegen inn til Bergen rundt Hedlesneset, og etter det eg kan hugse var det også der berre einfelts vegar. Så når bilar møttes var det å rygge- til næraste møteplass, ei lita utviding av vegen der køyretøya kunne køyre sakte forbi kvarandre. Den som kom først til møteplassen måtte venta til møtande bil kom, og la han køyre forbi. Ofte helsa bilistane på kvarandre med å lyfte hånda i det dei møtte kvarandre.  Ein av dei viktigaste tinga som du lærte når du lærekøyrde,  var ikkje lukeparkering, men å kunne rygge, slik at du kunne køyre bakover til møteplassen, helst med

Vegaskifte på Tånjen

Bilde
Vegaskifte var det lokale ordet for veikryss. På Leiknes hadde vi eit veikryss, det var veikrysset på Tånjen. Vegane gjekk elles beint fram. Dei snakka om eit vegkryss i Hodnesdal, men vegen der leidde ut i ei utmark. Vegkrysset i Hedlesvågen var reelt nok, med vegar til Hjelmås og Sjauset/ Seim og den store verda, men vegaskifte var staden der vegane frå Hopsdal, Hodnesdal, Hillesvåg og kaien kryssa kvardandre. Vegaskiftet på Tånjen var korsforma. Eg syntest aldri at vegaskifte med tre vegar var det same. Det var meir stas med dei fire vegane. Det var ingen trekanta varselskilt før ein kom til krysset. Det var heller  veiskilt som viste retninga til dei ulike endepunkt på vegen. Du måtte vita vegen til Hodnesdal. Når eg hadde vore på besøk hjå kusina mi, som budde i Tångamarka, så var det spørsmål om kor langt ho kunne fylgje meg på heimveg. Oftast var det: - Til vegaskilje.  Når Oddveig var på besøk til meg, var det absolutt lengste eg kunne fylgje henne: til vegaskilje.