Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2019

Minner om onkel Kåre

Bilde
Eigentleg kjende eg ikkje onkel Kåre så godt.  Han reiste i fjordafart med Nornen , og var mykje vekke i vekene, ettersom han frakta sardiner i boks frå hermetikkfabrikken Norwegian Preserving    i Bjørsvik og til store delar av Hordaland og Sogn. Eg hugsar han med blå gensar, skipparhuve,kloggar og ein sneip hangande i munnen, der han såg ut gjennom styrehusvindauga og gav sine ordrar. Han og tante Solveig budde i Tångamarka på Leiknes, i eit toetasjes hus som han delvis hadde  bygd opp av materialar frå eit nybygg frå bestefar, frå kaia på Hjelmås. Det var bygd opp like etter krigen, og dei nytta det dei hadde.  Der var god utsikt over Osterfjorden, og familien kunne fylgja med når Nornen  for ut og inn med last.  Båten låg fortøyd i Vågen når han var heime, like nedanfor Betel, og der var det ein smal bratt stig opp til bedehuset. Derifrå hadde han ein 10- 15 minuttar å gå heim. Seinare laga han seg ein kai nedanfor huset i Tångamarka, og laga ein smal stig med ein del k

En god bok er som en trampoline for fantasien. Den gir tanken noe å hoppe og sprette på

Eg kan så vidt hugse at eg var med mor på meierilemmen og lånte bøker. Dei hadde nokre trekassar med bøker, som dei fekk tilsendt frå Hamre folkeboksamling. etter ei tid vart trekassane sendt vidare til ei ny utleigestad, og Leiknes fekk nye kassar. Mor var glad i å lese, og fann seg alltid stunder til det, midt i ein travel kvardag. Så eg lærte at lesing var viktig. Då eg kom i storskulen, fekk eg tilgang til skulebiblioteket, nokre hyller med bøker innkjøpt i hovedsak fra  Det norske samlaget. Det var gode bøker, skrive på nynorsk, og opna ei verd utanfor vesle Leiknestangen. Eg lånte og las, lånte oppatt og las. Vi skulle låne ein gong i veka, men ofte var lesehungeren så stor at dei ivrigaste av oss fekk låne ekstra bøker. Kvar vår fekk skulen bevilga pengar frå kommunen  til å kjøpe inn nye bøker, og eg trur læraren la mykje arbeid i å bestelle desse bøkene, og bruke prngane fornuftig. Det kom i alle høve innbundne årgangar av  Norsk barneblad, forteljingsbøker som Vesle Lord

Det finnes ikke en bedre venn, bortsett en venn med sjokolade. Om snop

Bilde
Godis i Sverige I godt vaksen alder besøkte eg  godisbutikkane i Sverige, der det er hundre og hundrevis av kvadratmeter med berre snop, og der folk handlar gotteri for tusenlappen utan å blunke.  Då såg eg for meg min barndoms landhandel, der gotteriet var i eit lite skåp på disken, og kandissukkeret vart oppbevart i treliters metallspann på golvet. Snop i barndommens landhandel Å stå i barndommens landhandel med 10 - eller  50- øre eller tilogmed ei krone, og vite at nå kunne du snope, det var lykke, det! Foran deg stod nokre glas med kuler, småsjokolade, karameller og kjærlighet på pinne. Butikken på Leiknes trur eg hadde eige snopeskap, der mesteparten av herligheitene låg på rekke og rad. Eg tenkte og overvog lenge kva eg  skulle kjøpe, adderte og talde igjen, før eg bestemde meg for nokre sjokoladar, karameller og kuler. Butikkdama, som hadde venta tålmodig medan eg talde på knappane,  på fylte snopet høgtideleg opp i kremmarhuset, og eg tok imot, og gledde meg til søt

Rasmus Lakness returnerer til Oakland .

Bilde
Eg hadde tenkt å avlevere Rasmus Lakness på Skoltegrunnskaia i Bergen, og sjå han vel ombord i Venus. https://mangtegminnes.blogspot.com/                                                             Lunndalen på Leiknes i dag Men når eg les resten av boka hans, slår det meg at det er meir å fortelje, om båtreisa, om turen gjennom USA frå austkyst til vestskyst, og ikkje minst om møte med slektningar undervegs.Det er eit tidsbilete frå ei tid når reiser til gamlelandet var uvanleg. Når eg ser på bileta frå Amerika frå i dag, slår det meg kva klassereise dette var, også i 1948. Frå metropolar i USA, tilbake til røtene, og attende til storbyane i Amerika. Ein mann som er glad over muligheitene han fekk for seg og sine " over there", som har arbeidd hardt for sin suksess, men bar på ein lengt etter å besøke gamlelandet før han vart for gamal til å reise. Så er er resten av historia, krydra med mine tolkingar av forteljinga : Opphaldet i England  Han kjem til Newcastle