Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2016

Julebukk

Bilde
Vi ungane gledde oss til jul, til fødselsdagen, 17.mai og jonsok. og ikkje minst til nyttårsaftan.. Den siste kvelden i året skulle me gå julebukk. I folkeleg tradisjon har denne skikken røter tilbake til førkristen tid, der ein slakta ein geitebukk ved vintersolhverv for å sikre grøda neste år. Seinare vart det ein tradisjon som kunne vera bunde til Lucia, oskorrreia eller julenissen.Før var ein i følget utkledd med dyrehovud, horn og dyrefell, og såg skræmande ut.  Ulike land hadde ulike skikkar.  Halmbukken med raude band som mange har som julepynt den dag i dag, er eit symbol på julebukkskikkar. I Noreg har det utvikla seg til at ungane går utklede frå hus til hus i romjula, syng og får gotteri.  Så langt eg veit, er dette å gå julebukk på  nyttårsafta ein skikk ein finn berre i Bergen og på strilalandet. Vi planla på forhånd, og la opp ruter. I byrjinga var det helst besteforeldra og naboane me besøkte, seinare utvida me området, og dei siste åra gjekk me både til

Skitnesundag

Bilde
Sundag var kviledag. Ein fekk på seg fine klede, åt sundagsfrukost med blautkokte egg, og far tok oss med på sundagstur, anten etter vegen, der han preika med andre fedre som var ute og gjekk tur, og me leika med ungane som var med, eller drog i armane på far for å koma vidare. I seinare tider reiste me på biltur og besøkte slektningar, medan mor var heime med småsøsken og laga sundagsmiddag. Me kom heim att til ferdige kjøttkaker og ertestuing, eller kotelettar med surkål, og hadde dessert  med sjokoladepudding med vaniljesaus, eller eventyrpudding med raud saus. Dei vaksne kvilte ofte middag, og me ungane leika rolege leikar, eller etterkvart som me vart eldre  tok  me oppvasken.. Det vanka ofte kake til nons, eller bollar. Sundag var annsleis, ein kviledag for vaksne og born. Ikkje slik med skitnesundag. Siste sundag før jul vart rekna som arbeidsdag,  der ein gjorde ferdig til jul. Det vart vaska rundt der det ikkje var gjort før, eller ein baka dei siste kakene før jul. Nokre

Advent

Bilde
Advent betyr å vente på noko. I kyrkjeleg tradisjon betyr det å vente på Jesu andre kome, og er innleiinga på kyrkjeåret. I folkeleg tradisjon har nok advent vorte å vente på jula og feiringa. Korleis var advent i min barndom?   Jau, vi hengde nok opp ei adventstjerne , laga av papir og etterkvart plast, og let ho lysa om kvelden. Straum var dyr. På skulen laga vi som regel adventskrans av granbar, og pynta han med lys, raud sopp og lav., Så tende me lys medan me song julesongar, og læraren las forteljingar. Me lærde mange julesongar, og song dei på skulen, slik at når jula kom, kunne me dei fleste, og kunne gå rundt juletreet og vere med i songen. Det var ikkje slik som no, når gongen rundt juletreet fortonar seg som lang dags ferd mot natt, fordi ungane ikkje kan syngje med. Då vert jo juletregangen ei endelaus mil, utan slutt, der det mest morosame vert å dulta borti dei som går i ein av dei andre ringane. Jula hadde meir kriste innhald enn i dag. Jula var til minne om

Å nå opp.

Bilde
 I mine unge dagar lika eg å klatre. Det var viktig å kome opp, og få oversikt og utsyn. Det har blitt meg fortalt at då eg var to år, klatra eg ut på nettingen over hønegarden, sette meg fast og måtte hentast ned att. I gamlahuset hadde far garasje med skukk, og for å kome opp dit, måtte ein klatre i stige. Det var greit å klyve dit opp, og så vere i  i si eiga verd. Katten var også der oppe, og ein gong hadde han fått kattungar. Mor sin reaksjon på det har eg fortalt ein annan stad. Men pus kunne kosast med, og kroa seg inntil meg.  Eg kunne lura med seg ei bok og lese litt, tegne litt, eller berre vere der for seg sjøl. Litt moro var det når dei andre lurte på kvar eg var : - Kvar er ho Britt? Og så kunne eg liggje der og bestemme sjøl om eg ville gje meg til kjenne eller ikkje.  I rule.                                                                 Der var ein del tre på og omkring tomta. Ikkje alle eigna seg til å klatre i, men eiketreet nedst i hagen hadde f