Innlegg

Viser innlegg fra 2017

Lys i mørket

Bilde
Lyset blinka ein gong, så eingong til, og du heldt pusten: Gjekk lyset no? Ja, plutseleg var stova i stummande mørke, og det var mørkt i gang, kjøkken og utelampa var sløkt. Det var straumbrot enno ein gong. Slike brot kunne vara lenge, for linemanskapa skulle ut, gå etter linjene i ulendt terreng, ta vekk trea som hadde lagt seg over linene eller feste lina eller kva det enn var som var gale denne gongen. Det tikka ikkje inn ei forklaring på SMs som det gjer i våre dagar, så du måtte berre vente og vone at det ikkje skulle ta dagesvis. Rutinene var klare: Famle seg fram i stummande myrker og finne fyrstikker, tenne ei og orientere seg i landskapet. Stearinlys stod som sedvanleg ikkje framme, men vi famla oss fram til kråskapet, og fann ein lysestump, og etterkvart ein lysestake. Då såg ein litt framfor seg, og kunne starte jakta på fleire stearinlys og stakar. Vi sette dei på strtegiske stader på kjøkken, gang og stove, og så strarta leitinga etter lommelykter med både batteri og

Udlavågen - ei hjørnesteinsbedrift på 50-talet

Bilde
  Inne i ein liten våg mellom Leiknes og Hjelmås ligg Hillesvåg Ullvarefabrikk, eller Udlavågen, som han heitte i daglegtale. Han hadde kai, og i mine heilt yngste dagar hadde dampbåten stopp der om hausten, for å levere ull frå indre Osterfjord til fabrikken. Då som no kunne du levere rein ull og skiten ull, og  fekk betaling for kvaliteten. Ulla vart vaska og tørka, karda og spunne til ull og tvunne til hesper. Da eg var lita var fabrikken hjørnesteinsbedrifta i bygda, om du kan ta så store ord i munnen. Det var vel litt småindustri i bygda elles, som garveri og snekkarar, men dette var staden som hadde flest sysselsette,  20-30 menneske på det meste. Mellomkrigstid Dei tok altså  imot ull frå bønder frå heile Osterfjorden, sorterte, vaska, karda og spann ulla til grått og kvitt ullgarn. I  den første tida kom bøndene med ulla si og fekk igjen garn laga av si eiga ull. Fra 1953 utvida dei til sentralt ullkjøp. Fabrikken hadde og eige veveri  der  det vart laga vadmol, sjevi

Gratulerer med dagen!

Bilde
Vi feira fødselsdagar, som i den tid heitte gebursdagar. Nærleiken til Bergen var trass i alt stor, og det tyske Geburtstag var ein del av daglegtalen på bygdene og, akkurat som ein god del an-be- -het-else ord ein ikkje skal bruke i nynorsk. Men dialekt er levande språk, og ulike distrikt har sine særpreg,og det har strilemålet og.  Kvart år bad me jentene i klassa på jebursdagsbesøk, som det heitte lokalt. Ein ettermiddag, anten like etter skulen, eller i 3-tida kom me anstigande, med faldeskjørt, fin bluse og gensar, og finskoa i eit nett eller pose. Ikkje i plast, for plast bruka ein ikkje til emballasje i det heile. Bursdagsbarnet kom ut og helsa, og vi gratulerte med dagen,gjerne i handa. Ho fekk gåver, kjøpt inn på landhandelen eller når mor sist var i byen. Hadde vi ikkje gåve, så fekk ho nokre kroner fint bunde saman med silkeband, for både kronestykka og 50-ørane hadde hol i dei dagar. Etter litt prating vart me bedne til bords. Det var dekka på med fine kjørel, og vi

"Skulen"

Kjært barn har mange navn. "Skuln", Myramannen, eller Andreas Midtgård, som var det eigentlege namnet hans, var læraren min dei 4 siste åra på folkeskulen. Me gjekk i ein liten grendeskule, Øvstegard skule, med eit klasserom og kombinert lærarrom, bibliotek og lager i det andre. Læraren var vel mellom 40 og 50 då eg gjekk der, og hadde utdanninga si frå Kristansand lærarskule i ei tid når norskdom og opplysning var viktige i utdanninga. Skulen var annankvar dag, også laurdag, og hadde stort sett sin daglege rytme.To og to klassar gjekk saman.  Me byrja med kristendom.. Læraren spela orgel, og me song ein song, han las frå ei andaktsbok, og så vart me høyrt i salmevers og  attfortalde heimeleksa i bibelsoga og katekisma. Deretter gjekk læraren gjennom ny lekse. Neste time var det rekning. Vi rekna i boka, men fekk lov å rekne lenger, berre me tok vår tørn og rekna på tavla. Siste del var hovudrekning, der me sat på pultane. Læraren plussa og minussa, ganga og dividerte, og

Erten og furten dei sat på ein haug, og furten han ynskte at erten var daud". Om å terge og plage

Bilde
" Vi mobba ikkje i mi tid, for me kunne ikkje engelsk. Men fenomenet var der nok, og i si milde form t heitte det  erting. Kva gjorde du når du erta`? Du terga nokon, Du dreiv ap med dei for å få dei sint. eller grine.Eldre søsken hadde mange måtar å terge dei som var yngre på. Som regel gekk dei vaksne imellom, dersom dei syntes det gjekk for vidt. Eg var vel ikkje heilt fri for å terge og egle, eg som var eldst i søskenflokken. Verre var det når ein gjeng som brukte fysisk eller psykisk vald mot ein einskild.. Det var nok moro for dei som var i flokken, men slett ikkje for den som var åleine.Skadeleg då som no. Nokre var hissige, og dei var lett å terge så dei miste fatninga. Nokre innesitjingar og attsitjingar på skulen vart det nok på  grunn av det,  helst på gutegjengen. I første klasse var det nokre jenter som sprang etter nokre andre på heimvegen. Dei siste vart redde, og det syntes dei første var moro, så dei sprang etter på nytt, huja og ropa. Dagen etter fekk d

Ferjer batt oss saman.

Bilde
- Vi må nå ferja. Eit vanleg ord når eg vaks opp. Skulle du over ein fjord, måtte du ta båt eller ferje. Bergen Norhordland Rutelag hadde eit hefte med ferjeruter så langt som eit vondt år, og det gjekk ferjer på kryss og tvers over fjordane for å binde folket saman. Reiste du med bil, var livet styrt av ferjerutene. Du kom ingen stad før ferja gjekk, og du kom ingen stad etter siste ferje. Då eg var liten, slutta dei å gå tidleg, særleg om laurdag. Etter kl.18.00 gjekk det ingen ting. Far kom for seint til ferja på Steinestø ein laurdagskveld, og returnerte då til slektningar i Bergen. Telefonen var stengt for helga, så dei kunne hverken ringa eller sende telegram. Ei tante mi vart redd for onkelen min, som og var med, og trumfa gjennom at dei skulle etterlysast. Dei sette nesten kaffien i halsen då dei høyrde seg etterlyste på radio utpå kvelden. Det var berre kriminelle som vart etterlyst! Far var skikkeleg opprørd då han kom heim att ut på sundagen. Då eg var riktig liten,

Myramannen, ein nabo

Bilde
 I dag skal eg skrive om naboen vår, Myramannen, slik eg hugsar han som barn. Det er sikkert mykje å føye til, men dette er slik barnet hugsar han. Han var fødd i Myræ, ein gard i Dalebygda, og sidan han ikkje var odelsgut, tok han lærarskulen i Volda. det var ei dyr og omfattande utdanning i dei dagar. Som nyutdanna lærar hadde han mor, så han var utgamal i mine auge.  I fyrstninga budde han på heimegarden saman med syskena sine, og hadde eit rom der, men bygde seg så hus i Naustdalen, og då me flytta til Flossvik i 1954, vart han næraste nabo. Som dei fleste, leigde han ut øvste etasje, og budde sjølv nede i huset sitt. Han gjekk gjennom utmarka til skulen kvar dag, og åt middag hjå syskena sine på heimegarden, men heldt brødmaten sjølv. Rundt huset hadde han planta ein stor frukthage, og då eg var liten, hadde han vakse seg til, så det var rikeleg med både eple, pære og plommer. Ja han hadde til og med moreller og kirsebær! Vi ungane kom med nett og plastposar, og fekk plukk

Syne på språkje ha vørte omkalfatra..

Bilde
 Idag er striledialekta populær. Det er nettside på Facebook, språket blir forska på, det finns bøker, og Svein Børtveit har lagt ned eit stort arbeid med å utarbeide ei ordliste med forklaringar på ord og uttrykk frå mitt heimeområde. Å vere stril er i vinden, og eg fortel ofte om strilekrigen,på 1750-talet, der folk frå Norhordland drog til Bergen med høigafflar og øks for å klage på skatten. Dei tenkte lite på at futen hadde muskedundre og kanoner! Eg vart faktisk litt stolt då eg i sommar  fann ut at ein av forfedrane mine frå Leiknes var med på den turen. Det språklege medvitet om dialekta var ikkje så stor då eg vaks opp. Medvitet om det skriftlege språket var der . Bestemor sa eingong :-Du forstår ikkje kor godt det var å kunne skrive og lese på sitt eige språk! Medan ho gjekk på skulen,omkring 1915,  skifte dei målform frå bokmål (som nærast var dansk då), til nynorsk. Mor var klar  om det nynorske språket, og det same var læraren vår, Andreas Midtgård. Så me skreiv

Veg, vaktarar og nye vegar.

Bilde
Det var grusvegar i barndommen min. Kom du til Bergen, hadde dei brusteini heile sentrum. Og rett som det var, vart det lagt ny stein der den gamle måtte vølast. Det var vel asfalt på ein del av vegane rundt Bergen, men det hugsar eg ikkje så mykje til. På landsbygda var det grus som galdt. Stabbesteinar der det var høgt utfor, og nokre stader vart det etterkvart støypt mur for å skillje veg og stup. Grusvegen fekk holer etter regn, og vart det hol etter hol, heitte det vaskebrett, og der humpa det ettertrykkeleg, anten du køyrde sykkel eller bil. Grusen la seg etterkvart i vegakanten, og då hadde kommunen ein ansatt som kom syklande med spade og krafse for å få grusen innatt i vegen og oppi hol og vaskebrett, slik at det  vart lettare å køyra. Arbeidet var tungt, men eg er ikkje sikker på om folk flest såg på dette som arbeid. Nokre var vel også misunnelege på at desse var kommunalt tilsette og fekk fast løn. Det gjekk ein del vitsar om korleis vegvaktarne, som dei heitte

Varme om vinteren

Bilde
Når nettene blir lange, og kulda setter inn.. Husa var bygd annleis, og det var ikkje trelags vindaugo og isolasjon i veggene. Treullplater og sagflis var vanleg i nye hus på 50-talet, og doble vindauga var regelen, og så tok du ut det eine laget om våren, og sette det innatt om hausten. Ein fyrte med ved, og brukte elektrisitet til å ta toppane, for straumen var dyr. I  min tidlege barndom fyrte ein med koks og ved, og eg synest å hugsa at ein brukte ved til å tenne med, deretter  koks , og kol oppå det, når ein hadde fått skikkeleg varme. Begge to kjøpte me i sekkjer, og henta inn fra skykkja i koksboks, og så brukte me skyffel til å kasta koksen inn i omnen. Men det langt vanlegaste var ved, som det var rikeleg av i alle utmarker og på alle haugar. då som no. Bjørkeveden var rekna som den beste, og bruka når det var verkeleg kaldt, medan older var kvardagsveden, saman med litt gran og furu, men ho var det ikkje så mykje av på min del av Vestlandet. Veden vart felt, saga og