Freden og tida etter.




I desse vakre maidagane er det fint å minnast ei tid som var. Eg er fredsbarn, eller litt etter freden, eigentleg. Eg vaks opp med foreldre og besteforeldre som mintes krigen, der tyskarane så absolutt var "the bad guys" og  amerkanarane "the good ones".

Foreldra mine snakka om krigen, og kor godt det var då meldinga kom om fred, om korleis flagga vart heist over heile bygda, og folk kom på vitjing for å fortelje at det var fred. Rusen og begeistringa var til å ta og føle på, sjøl i ei lita avsondra bygd som vår, som enno mangla bru over Vågen for å kome i kontakt med andre bygder, og måtte ut med båt for å få kontakt med andre, om vi ikkje fylgde utmarksvegar til Hjelmås eller Seim.
-Det kom eit par tyske soldatar nedover vegen, sa mor.- Dei hadde vel lege i dekning  i utmarka ein eller annan stad. Ho fortalde ikkje så mykje meir, men i dei siste åra vart det meir om krigen, om frykt,  blending, tyskarane på gatehjørna i byen, om razzia, bombing og undersøking av rutebåtane sundagskveldane,for å avsløre svartebørshandel. Ho fortalde at dersom tyskarane hadde undersøking av fjordabåtane når dei kom innst i Vågen, stod det ein mann ytterst på Skoltegrunnkaia. .Då tømde folk mjølespann i fjorden, og poteter og kjøt gjekk same vegen.
- Du skjønar ikkje kva det vil seie å vera fri, sa ho ein gong vi prata om det.

Amerikanarane hadde vore med på å snu krigslykka så vi vart frie! Det var det som sat att. Dei sende Marshallhjelp og hjelpte oss etter krigen. ja, enno i dag, etter Vietnamkrig, Golfkrig og Afganistan set det i mitt hjarte og mine kjensler ei djup takksemd og glede over dette folket. Eg kan liksom ikkje ta inn over meg at dei gjer noko gale! Det skuldast nok den haldninga me fekk i oss i tidleg oppvekst.

Tyskarane høyrde vi ikkje noko særleg om. Dei var borte, og bra var det, syntest vi

 Borte var og den ekstreme matmangelen, klede og sko vart etter kvart frigjeve, sjøl om eg kan hugse at mor klipte rasjoneringsmerker for å handle daglegvarer dei første åra, og at det var lite tøy til klede. Det var nok omsydde klede , snudde ytterklede  og mor  rekte opp att garn  for å strikke på nytt dei første åra av livet mitt.
Likevel var det slik at vi var fredsbarn, og sigersbarn. Alt gjekk framover! Det vart fleire klede og meir varer, meir arbeid,  meir pengar mellom folk, sjøl om dei levde utruleg nøkternt etter  målestokken i dag.
Eg fekk mi første Olabukse, svart med stikningar, og var utruleg fin! Einaste aberet var at det var gutaluking på ho, På 50-talet hadde jentebukser glidelåset i sida, for mannfolkklede og kvinneklede skulle ikkje vere like. Det visste ein 7-åring!
Eg fekk min første kjelke og mine første ski, og brukte dei flittig. Eg fekk min første vesle nye sykkel, og sykla overalt. Det var ingen som sa det var farleg. Det var tvert om ein vidunderleg måte å kome seg fram på, og området mitt vart vesentleg større. Eg lærde å sykle over vaskebrett og på grus, og av og til vart det både skrubbsår og naseblod.
Eg klatra i tre, og lærde å symja. Det var så mykje å erobre, og vi kunne gjere det, utan frykt for tyskjen! Livet var fantastisk.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar