Livet kring hønsegarden i Lunddalen


Då me budde i Lunddalen hadde me høner. Det var vanleg med attåtnæring like etter krigen, så dei fleste hadde nokre sauer, ein gris eller høner, om dei berre hadde eit mål tomt eller to. Dei sette poteter, fekk tak i bærtre og frukttre, og dreiv såleis matauk. Dei hadde ofte  beiterett hjå bonden dei kjøpte hustomta av, og av og til rett på ved frå gardbrukaren  sin skog,

Me hadde gris eit par år,  og mor hermetiserte kjøtet for å ta vare på det, og vi hadde spekeskinke.Eg trur vi selde halve grisen, og, eller bytte den bort mot ein sau.  Grisehuset var også opphaldsstad for oss ungane, i dei årstidene når det ikkje var dyr der. Kva mor meinte om det, veit eg ikkje, men grisemøkka var vel turka litt inn når me kraup omkring der!
Men tilbake til hønene. Dei hadde tilhelde i uthuset, som og rømde utedoen og skykkja med ved og hoggestabbe. Du kunne gå inn i hønehuset gjennom skykkja, og det var alltid spanande å gå inn der, til flaksande høner, og hente ut egg. Det var som regel mor som gjorde det, for me var rekna for små, og kunne knuse egga. Men vi var jo med !Dei var ein del av sjølberginga, og sett på som ein ressurs at du hadde høner. Alt du slapp å kjøpe, sparde du pengar på, og pengar var mangelvare.
 Det var ein glugge som hønene gjekk ut og inn gjennom, og mellom uthuset og steingarden var det ein liten hønsegard, der dei plukka makk, maur  og skjelsand . Bak uthuset var det og to.tre rader med bringebær, som eg ofte plukka av i sesongen, og elles var det moro å gå mellom radene, gøyme seg, eller fylgje pus på hans vandring etter mus og fugl.

Eg prøvde også å krype etter hønene inn gluggen, men vart sitjande fast, og etter ein del vræling vart eg berga av mor. Steingardar har fasinert meg frå tidleg alder, og eg klauv ofte på steingarden ved hønsegarden, og hadde ein konkurranse med meg sjølv om kor lang eg kom. Det var ei gran som stod så forderveleg i vegen, og ofte måtte eg ned av garden for å kome vidare. Det var fortredeleg!
Onkelen min, som var to år eldre enn eg, var ein roleg og sindig kar. Me leika ofte saman, og ein dag kjem han heseblesande inn til mor:- Ho Britt sit fast på taket over hønegarden! Hønegarden hadde nemleg hønenetting over det heile for å verne dei frå hønehauken, ein fiende som lett tynna ut i hønseflokken.

No hadde eg, som elska å klive, funne ut at det var greit å prøve å krype tvers over  hønenettingen, Det gjekk fint, og det var moro å sjå hønene ovanfrå, men plutseleg så hang eg fast i nettingen,
og kom meg ikkje vidare. Så måtte Leif avstad og hente forsterkingar. Ho mor fekk meg på ein eller annan måte ned, men eg møtte som vanleg lita forståing for utforskinga mi. Eg trur ho av og til yngste seg eit barn som held seg meir på jorda.
Etter nokre år vart hønene borte. Det vart fleire born, meir pengar mellom hendene, og mindre sjølberging. Vi kjøpte egga hjå andre.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar