Gratulerer med dagen!


Vi feira fødselsdagar, som i den tid heitte gebursdagar. Nærleiken til Bergen var trass i alt stor, og det tyske Geburtstag var ein del av daglegtalen på bygdene og, akkurat som ein god del an-be- -het-else ord ein ikkje skal bruke i nynorsk. Men dialekt er levande språk, og ulike distrikt har sine særpreg,og det har strilemålet og.
 Kvart år bad me jentene i klassa på jebursdagsbesøk, som det heitte lokalt. Ein ettermiddag, anten like etter skulen, eller i 3-tida kom me anstigande, med faldeskjørt, fin bluse og gensar, og finskoa i eit nett eller pose. Ikkje i plast, for plast bruka ein ikkje til emballasje i det heile. Bursdagsbarnet kom ut og helsa, og vi gratulerte med dagen,gjerne i handa. Ho fekk gåver, kjøpt inn på landhandelen eller når mor sist var i byen. Hadde vi ikkje gåve, så fekk ho nokre kroner fint bunde saman med silkeband, for både kronestykka og 50-ørane hadde hol i dei dagar.

Etter litt prating vart me bedne til bords. Det var dekka på med fine kjørel, og vi fekk påsmurte skiver med godt pålegg, som ost, pølse, leverpostei og egg og ansjos. Vi song for maten, og så var det berre å setja til livs. Attåt maten fekk vi kokt kakao, eller sjokolade, og det smaka kjempegodt. Unntaket var ein gong vi var hjå nokon som hadde vedomn, og kakaoen hadde brent i botn, fordi husmora nok hadde mange andre gjeremål enn å lage kakao til ein ungeflokk. Men ungar er ubarmhjertige. Me bemerka smaken, og ville ikkje ha meir, enno dei hadde koka ein stor kjele, sikkert til sorg for bursdagsbarnet.
. Etter maten song me takkevers, og gjekk til morvertinna, neia og  takka i handa for maten . Ein hadde jo oppdragelse, må vita!

Var det fin ver og sommarsdagen, vart det uteleik. Som oftast var det fleire ungar i kvart hus, så vi var mange, anten det vart leika gøymespel, tikkjen eller slåball. Boksen går var og morsom, der me sprang mellom treleggjar og husnover for å gøyma oss.  Nokre av oss gjekk inn og såg på gåvene, og eg tok rett som det var eit overblikk over vekeblada som låg framme, og las meg inn i ei romantisk verd der dei utvalde held hender. - Kvar er ho Britt? - Ho sit vel og les, som vanleg! Så var eg avslørt, og teken inn att i leiken.

Så kom kaka på bordet, og bursdagsbarnet måtte blåse lys, om kaka var pynta med det. Det  var bløtkake med piska krem, og kremen var skumma av mjølka me kjøpte på meieriet. og ofte piska for hand med vanleg visp eller hjulvisp.  Ho var pynta med krem som var spruta over kaka, Sprutposen var av tøy, sjølsagt, for plasten var fråverande. Kanhende var det strø på og tende lys. Det var viktig at kaka stod på asjetten, elles vart me ikkje gifte. Men nokon velta kaka, og erklærte høgt og tydeleg at dei skulle aldri gifte seg! Det var ofte saft å drikke til,.seinare stod det  kvar si lita flaske brus ved plassen, raud eller gul, med bilete av Perle og Bruse på, dei to gutane på det etterkvart så legendariske merkevarebiletet. til Hansabryggeriet.  Metallkork på toppen,og oppdragelse måtte til for å opne ho, og det brusa kraftig då du tok første slurken. Kunne livet bli betre? Me drakk og rapa, sjølv om det siste ikkje var heilt god tone.
 Elles var det småkaker på bordet, og dei gjekk ned til magen var stinn..
Leiken gjekk vidare, . Var me inne, så leika me blindebukk, gøymsle i heile huset. Spanande å finne seg gøymeplass i ukjende hus, båk dører og inne i skap. Me leika gnav eller ludo. Snart  sat vi i ring, og såg med gruglede flaska snurre rundt i midten i flasketuten peikar på, og håpa han ikkje stansa framfor deg. Pustande , ivrig og utydeleg kviskra ein munn mot øyra ditt, og du prøvde å oppfatte stavinga og orda, og så kviskra du brokkene vidare. Sistemann i rekka fortalde kva ho hadde høyrt, og vart møtt av giglande latter: - Det var ikkje det eg sa! Så fniste me litt, og leiken held fram.

I 6 tida var tid til å takke for seg. Vi gjekk til mor i huset, neia og takka i handa, bytte på oss yttersko og gav oss på heimveg, metta på kake, leik, opplevingar  og felleskap.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar