Rundetider



Tre etter Maier! - Fire foran verdensrekorden! - Han går med armen laus i svingane!
I min barndom hadde me skeiselaup, og dei vart referet gjennom radio. Reportaren forsøkte å beskrive kva som hende, og du danna deg eit bilete i hovudet av det han fortalde. Dei ferraste av oss hadde sett eit skeisestadion, og i den korte vintertida det var skeiseis på Vestlandet, laga dei ivrigaste blant oss skeisearena, la hendene på ryggen og agerte Hjallis og Kuppern med snabelskeisene på. Dei  færraste av oss hadde sett dei store skøyteløparane i live, eller vore på eit verkeleg stadion, men vi laga oss vel eit bilde av teknikk og stil gjennom radioreferata. Vi fekk blant annet høyre at russerne var kattemjuke og kraup godt sammen i svingane. Og så ble vi fortalt at løperne ”kastet” armane .  Dei ivrige  prøvde så godt  dei  kunne å følge instruksane, og kasta eller veiva med armane når dei sveiv rundt den vesle skeisebana. Rundetider tok ein nok, men dei stemte jo ikkje alltid. Skeisebana var for liten, og tidtakarane for unøyaktig.

 Når det gjelder tidsriktig bekledning hadde mange av oss skøyteluer med de norske fargene i front, såkalte Hjallis-luer, eller djevlehuver, som dei og vart kalla. Nokre kjøpte, andre heimestrikka. Det var strikkeoppskrifter i både Hjemmet og Allers.
 Men akk, skeiseisen vart ofte borte etter så altfor kort tid, for det kom eit mildverlavtrykk frå Atlanteren, og så var det sludd og regn på nytt.

Men når det var NM, EM og VM på skøyter, då sat me klistra til radioen og høyrde. Det skulle vera stille i stua, Vi hadde kladdebok med ruter, og skreiv sirleg rundetider til alle deltakarane på 5000 og 10000 meteren. Sluttsum og poengsum noterte me og. Her skulle det vera skikkeleg. ! Avisene hadde oversikt over 500 og 5000 meteren, for dei gjekk laurdag, men 1500 og 10000 gjekk sundag, så dei måtte me fylla ut sjøl. Men me brukte kladdeboka med ruter. Det vart mest personleg då.
500 og 1500 vart liksom for smått til å notere, men når dei lange distansane kom, så var det å sitje ved stovebordet og notere runde etter runde. Stakkars den vesle syster som då braut inn med unødvendige kommentarar. Arbeidet krov konsentrasjon, og rundetidene skulle vera i orden. Kva skulle me med dei? Ja, du kan lure. Vi samanlikna vel litt på skulen, og kommenterte dei beste, men det var eit her og nå arbeid, nødvendig i augneblinken. Og medan Per Jorset  og Knut Bjørnsen kommenterte at Hjallis hadde siste ytre og slengte med armen på siste langside, at Kuppern såg sliten ut og sette inn dei siste kreftene, så skreiv me rundetider. Men fritt om eg hugsar ei einaste tid! Det møysommelege arbeidet har så heilt gått i gløymeboka.
Radarparet som skildra skeiselaupet på radio heitte altså Per Jorset og Knut Bjørnsen. Knut  var han som skildra løpet, korleis løparane gjekk, kven som veksla fyrst, kven som var sliten og opplagt, og korleis dei ulike nasjonane gjorde det. Han var ein dyktig kommentator, og kunne skildre slik at det skapte bilete hjå tilhøyrarene. Han intervjua løparar og tok oss med bak scena.  Jorset held styr på rundetider, tider og poengsummar. Han var nøyaktig, og det var sagt at når det uenighet mellom tidtakarane og Jorset, var det Jorset som hadde rett.
  Så kom TV. Du trengte ikkje skrive rundetider, for dei kom på skjermen. Bjørnsen og Jorset held fram, og rapporterte for TV. Nå såg vi arenaen, publikum og skøyteløparane. Vi såg kven som var først, kven som svinga med armane, og kven som kjempa på siste langside. Ein ny epoke.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar