Heimatvegen var innhaldsrik


 

Delar av siste skuletimen brukte læraren til høgtlesing. Frostmoborna, Holger Nilssons forunderlege reise og Lord Fountleroy var alle bøker som me fekk høyre. Det var inga klokke som ringde ut, så siste timen avslutta nok ofte litt etter tida. Det var ikkje så nøye slik.  Men skulen avslutta alltid likeeins: opp og stå med pulten. Vi song ein salme, og bukka og neia og sa  takk for i dag, før me gjekk ut, som oftast i\etter den rekkjefylgja me sat .  Nokre av oss tok fylgje ut skuleporten, andre fylgdes åt nedover vegen, og prata om laust og fast, men så skildest vegane for dei som for til Hedlesvågen og dei som drog nedover  storvegen i Dalebygden. 

Det vil sei, du kunne sykle til Hedlesvågen og. Det var fleire fine nedoverbakkar, ein skarp sving i vegaskillet, der det var lrtt å tryne om du hadde for stor fart, på grunn av sand og grus på feil stad i svingen. Ein lærte "by doing" i dei dagar, så etter å ha dotte av sykkelen og slege skrubbsår eit par gonger, så hadde vi akkurat rett fart for å halda balansen gjennom kurva. '

Det var grei flate bortover til brua, men så kom Sudmannsbakken som kunne vera lang og tung. Me hadde syklar utan gir, så i motbakkane gjekk du av, og skuva sykkelen. Det vart nokre pausar, ei kvil på stabbesteinar, og kanhende  undersøkte me den vesle myra attmed vegen. I sesongen åt me blåbær me fann etter vegen, og omsider kom ein seg opp bakken, og sykla vidare, og fekk utsynet over fjorden med Kråka, Hedlesneset, Fyllingsnes og mot Sauvågen. Nokre trøingar til, og eg var heime. 

Men vanlegvis gjekk me Myramarka heim att. Me hadde god tid, og mykje å undersøke. Var dei i Myrane ute, var det tid for ein liten prat. Nedover mot Lonæ var det bratt, og du kunne fylgje med årstidene, med svedl og vatn, mose og lyng, blomar, gras og lauv på trea.  I Lonæ vaks det myrblomar, og vi hadde tid til å betrakte den rolege straumen, og bruke tida til å teste kor fort pinnane kunne flyte under kloppa.  Me sprang for å koma først oppover bakkane på andre sida, for der var eit steinhus til å gøyme seg i, og sitja musestille medan dei andre i ungeflokken for forbi , og trudde me var føre dei. Så sprang vi etter, og hadde" lurt " våre medvandrarar.  Gauksyra vaks under granleggene, og var god å smake på.  Vi kunne sjå mot den nydyrka myra hass Arthur, og finne myrull på myra litt lenger borte.  Men vi måtte vera forsiktig så me ikkje sakk nedi. Vi hadde alle høyrt om søkkjemyr, og folk som nesten hadde mist livet i ei slik, så vi hadde respekt, og trekte oss lynsnart unna om støvlane tok til å sige ned i blautholet. 

Det var ein paddedam,- eller froskedam- , og me fylgde med utviklinga frå paddeegg til rumpetroll og småfrosk. Vi pirka i egga, kjende rompetrolla kitle i handa, og syntes det var greitt nok at froskebabyane forvann, anten myra tørka inn, eller dei berre vart borte. Vi kunne kvitringa til dei vanlegaste småfuglane, og fylgde med kvar dei hadde reir. Men ingen øydela dei. 


 

Så klauv vi over ein steingard, og balanserte på steinen, kjende på dei steinane som låg urolege, og berga oss over på sikrare grunn. Men det var ein konkurranse om å kunne gå lengst muleg på steingarden. Nede i storvegen var det stabbesteinar å klatre bak, prøve å rugge på dei, noko som ikkje lukkast, men ein kunne jo klatre opp på dei, hoppe utanfor vegen, undersøke veitene, og ete villbringebær når det var tida for det. Eit par tre å klatre i, der du fekk utsyn over fjorden, eit par graner å gøyme seg bak slik at folk på vegen ikkje såg deg. 



Heime stod middagen på ein på komfyren, potetene var breidd ned under sofaputen i stova. Mor sov middag, og småsysken var ute og leika seg. Eg fann meg ein tallerk og bestikk. Maten smakte! Det var ei heilt anna oppleving enn å ta buss. Du opplevde årstidene, og naturen var din ven og leikekamerat. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar