Santalmisjonens ungdomsforreining i Bergen 1963




Då eg tok gymnaset i Bergen, budde eg på hybel der i vekene . Det var ikkje råd å bu heime, for det gjekk korkje buss eller båt som høvde med skulegang.  Etter at eg  hadde vorte personleg kristen, vart eg med i  Santalmisjonens ungdomsforrening, som den gongen heldt til i Santalmisjonen sine lokale,  ikkje langt frå Korskirken. 




Ungdomsforreninga var den gong stor, med eigen ungdomssekretær, og hadde mellom 30 og 40 medlemmer. Det var ungdomsmøte kvar veke, og det var ungdomskor og nokre  musikkgrupper som deltok på møtene. Foreininga var delt inn i bibelgrupper, som samlast på hyblar og i heimar for å studere Bibelen og misjon. Santalmisjonen var grunnlagt av Lars Skrefsrud, ein tidlegare straffange som var omvendt i tukthuset. Han lærde seg  tysk og engelsk i fengselet, og etter mange vanskar reiste han som misjonæ'r til India og seinare Santalistan, og grunnla arbeidet der. Han hadde eit godt språkøyre, og kunne 18 språk då han døydde.  Santalmisjonen dreiv enno i Santalistan, India, men kyrkja der var stort sett  sjølvstendig, og  misjonen hadde byrja å sjå seg om etter fleire misjonsmarker. Dei  starta opp  i Eucador i 1966. 


I 1963- 64 då eg var der, vart Bibelnøkkelen, eit bibeleseprogram  for ulike aldersgrupper , introdusert for ungdomsgruppa. Scripture Union starta i Australia, og hadde som mål å få både barn, unge og vaksne til å lesa  Bibelen.  Nøkkelen  la opp til tekstar for kvar dag, ein liten kommentar og kva du kunne gjere for å bruke det du hadde lest i kvardagen. Ved å følgje malen kunne du ved å lese litt kvar dag,  komme gjennom heile Bibelen på  eit eller to år. .Veldig fint for meg som var nybyrjar, men det må seiast at det av og til vart nokre gap mellom kart og terreng, der det var dagar og veker eg ikkje leste så mykje.  Men det la grunnen for ein vane som eg enno har. Eg må lese litt i Bibelen kvar dag, og finn stadig noko nytt og friskt for truslivet.  

        Bibelnøkkelen vert no gitt ut av Bibelselskapet. Ungdomsutgåva heiter Connect


No har eg aldri vore nokon songar, så den musikalske delen av foreininga var eg ikkje noko særleg med på. Men vi drog fleire gonger i halvåret på misjonsturar  til ei eller anna bygd i Nordhordland, og så var det møte laurdag  kveld og sundag føremiddag, anten i eit bedehus eller ei kyrkje. Kanhende var det utlodning til misjonen, ungdomssekretæren talte, og ungdomsmusikken  og musikkgruppene deltok med song.  Nokre frå gruppa deltok med vitnemål og fortalde kva Jesus betydde for dei. Andre fortalde litt frå misjonsmarka, og det var fleire frå gruppa som etterkvart fekk misjonskall og reiste ut som misjonærar.  Mellom anna  Sylvia Øvstegård , seinare Toppe,  og mannen, som reiste til  Eucador og var ute fleire periodar. 




Eg hugsar at me mellom reiste til Meland. Me reiste ein stor flokk med Melandsdrott frå Strandkaien, og tok buss til bedehuset der me overnatta. Me var mellom anna  i Meland kyrkje, og hadde møte der både laurdag og sundag. Det var stort oppmøte begge dagane, og me sat på galleriet fordi det ikkje var plass i salen. Eit høgdepunkt var nattverden, som eg var med på for første gong etterat eg hadde  teke standpunkt for Jesus. 



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar