Litt av kvart frå 60-talet



 Det er litt minnetørke for tida. Ikkje så rart, for eg har skrive minner  i 5-6 år no, og ein gong må det bli slutt!  Men eg tenkte eg skulle skrive litt om religiøse delen av Bergensopphaldet på 60-talet og fortelje om ein del menigheiter og bevegelsar eg var innom. Hovedbasen min var Betlehem, indremisjonen si høgborg i Bergen.

 

                               Ole Abel Sveen i eldre år

Ole Abel Sveen var ungdomssekretær, som det heitte i dei dagar.  Han var ein dyktig songar og forkynnar. Møtene var tradisjonelle, med song, bibellesing og forkynnelse.  Der vart eg kjent med nokre frå Smiths venner, som bad meg på heimebesøk  på Nøstet. Der sat eg då på ein overmøblert hybel med utsikt over Puddefjorden medan dei fortalde om  trusamfunnet sitt.  Dei hadde eit tilleggsskrift til Bibelen, Smiths bok, der det var ein del lover og forskrifter du måtte halde for å  verte frelst.  Kvinnene skulle ha langt hår og skjørt, og dei praktiserte ikkje barnebegrensing, mellom anna. Dette var nesten 50 år  før Brunstad Conference senter i Stokke såg dagens lys, men eg fekk kjennskap til samfunnet då. Litt eksotisk, litt framand, og framfor alt eit ukjent kvinneperspektiv. Eg hadde  nok lært av mor, og hennar tankar om likestilling, og avslutta kjennskapet.   



Det kristne skulelaget held til like ved Jernbanen. Dei hadde møter, møteveker og var oppteken av å evangelisere blant medelevar og studentar.  Diskusjonane gjekk høglydt om tru og viten, om apolegetikk og tvil , og var skjerpande for  den som ville at trua skulle bety noko i samfunnet. 


 Billy Graham i seinare år

Dette var tida då Billy Graham hadde sitt store Euro 1970,  frå Dortmund i Tyskland , og sendt på storskjerm til storbyar i heile Europa.  I Norge var møtet ført over til  Oslo, Kristiansand, Sarpsborg, Molde, Ålesund, Stavanger, Bergen og Trondheim.  Aftenposten meinte at den gangen hadde minst 150.000 nordmenn fått med seg møta, og det før avslutningsshelga.  

Møta var førebudd  i eit halvt år, og frivilljuge vart opplært som møtevertar, til å samle inn  kollekt og til å vegleie dei som søkte frelse. Det var utarbeidd materiell til å bruke i forkant av kampanjen, og til å følge opp  menneska som søkte frelse etterpå.  Eg var med på desse innleiande  møta, vart vegleiar, og hadde fått grundig opplæring, også i den såkalla frelsesvegen, der Kristus var vegen som leidde over  avgrunnen  mellom mennesket og Gud.   


 Sjølv hugsar eg ikkje så mykje frå sjølve møta, og saksar litt frå Egil Sjåstad sin blogg:                            "Det er april 1970. Jeg sitter inneklemt i Nidarøhallen sammen med venner fra gymnaset. På en svær skjerm ser jeg den verdenskjente evangelisten Billy Graham. Underlig nok oppleves han så nær. Det er som jeg sitter på fremste benk på bedehuset hjemme. Men i virkeligheten er han hundrevis av mil unna. Kampanjen kalles Euro 1970. Den overføres fra Dortmund til storbyer over hele Europa. (Som trøndere liker vi å si at Trondheim også er en storby.) Min far var i utgangspunktet skeptisk til slike kampanjer. Her skulle folk varmes opp av søt musikk, settes under psykologisk press, styres av en stemning, følge et miljøbestemt mønster, gå fram til podiet … Han var redd det ble lettvinte omvendelser av den slags. Hans skepsis ble etter hvert betraktelig dempet. Han leste og siterte flere ganger reportasjen fra nevnte journalist. Her forkynnes Bibelens Jesus, her lyder det et bibelsk budskap, og folk responderer på selve budskapet.

Vi satt i Nidarøhallen, hørte det store sangkoret ledet av Cliff Barrows, vi lyttet til George Beverly Sheas varme solistrøst. Og vi hørte Grahams forkynnelse. Den varte i ca. 40 min. Et høydepunkt kom da sangen “Just som jeg er” lød fra Dortmund. Vi sang samtidig, på norsk, og visste at samme sang nå synges på ulike språk i haller og på idrettsarenaer over hele Europa.

“Just som jeg er ei med et strå
av egen grunn å bygge på.
Jeg uforskyldt må nåde få
og kommer, o Guds lam, til deg.”


Under den dempede sangen sto Billy Graham på prekestolen. I dyp konsentrasjon. Han inviterte folk til å gi sine liv til Kristus. Herr gang var dette en stor påkjenning for ham. Han kjempet for for Guds ansikt i bønn mens han innbød. En inderlig omsorg for forkomne mennesker i ulike samfunnslag lå på ham. Dette kan bli en avgjørende kveld i deres liv. Jeg er helt avhengig av Guds Ånd. Hver eneste gang. Ånden, ikke jeg, kan bevege hjertene og føre dem til sann omvendelse. Samtidig visste han også: Nå bekreftes eller avkreftes medienes tanker om hvor vellykket aksjonen er.

På bussen tilbake sitter vi og tenker over det vi har opplevd. Og vi vet: Titusener sitter nå i biler eller busser og tenker akkurat som oss. Og noen tenker: Hva med meg? Hvordan er mitt forhold til Gud?"  

Eg tok oppgåva som vegleiar alvorleg. Etterpå fekk eg nokre adresser eg skulle oppsøkje.  Det var nokre unge jenter, og dei budde i dei gamle tyskarbrakkene ved  Laksevåg.  Dei var litt brydde då eg traff dei i heimemiljøet, og ville ikkje vere med på noko oppfølging gjennom bibelgruppe. Men dei fekk eit  oppfølgingshefte, og ei formaning om å lese i Bibelen. 



Eg hadde nok brukt for mykje tid på Billy Grahams møter denne våren.  Eg skulle lese hebraisk førebuande som privatist og ta eksamen før eg reiste til Oslo.  Det var eit språk der du les frå venstre til høgre, med andre bokstavar, ein annan tankegang om korleis du utrykkjer tid. Du måtte pugge grammatikk, og lese utvalgte delar av Det gamle testamentet på originalspråket.  Presten og nynorskmannen Eigil Lehman var førelesaren min.  Han var ikkje den beste pedagogen, og kunne ofte falla i stavar om teksten vi las. Eg fann det nok lettare å bruke tida på førebuingar til Grahams store møte.  Det straffa seg, så eg strauk og måtte  ta eit semester til med hebraisk i Oslo. Der fekk eg Rosmarie Køhn, som var ein dyktig  og engasjert forelesar i  språket, og eg stod med glans.  

Det var etter det stryket  at eg samla saman flaskepant i frå skapet  og ringde heim. " Eg strauk", sa eg gråtkvalt til mor.  Det var eit stort nederlag for den skuleflinke  Britt.  "Ja, ja, du får no koma heim att," sa mor. Gudmund, minstebror min,  var liten og ho hadde ansvaret for bensinstasjonen.  Men då båten la til kai, stod ho der og venta på dotter si.  Eg fekk ei sterk kjensle av at om alt sviktar, så er ho mor der og tar imot.   

   


https://r.search.yahoo.com/_ylt=AwrJCNFtG4Zih2IAHQbsDYpQ;_ylu=Y29sbwNpcjIEcG9zAzYEdnRpZAMEc2VjA3Ny/RV=2/RE=1652984813/RO=10/RU=https%3a%2f%2fesjaastad.wordpress.com%2f2018%2f02%2f21%2fbilly-grahams-liv-og-virke%2f/RK=2/RS=wPUoTbl8Xj9f8LElKp6mrFoAQOI-

https://r.search.yahoo.com/_ylt=AwrINmCdGoZiCiUAy4PsDYpQ;_ylu=Y29sbwNpcjIEcG9zAzYEdnRpZAMEc2VjA3Ny/RV=2/RE=1652984605/RO=10/RU=https%3a%2f%2fwww.dagen.no%2fokategoriserade%2ftilbake-til-jesusvekkelsen%2f/RK=2/RS=nUQUJ_zDAsILGzkCP14TGKq2CKQ-                                                                                                                                                                                                                                                  

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar