"Skulen"


Kjært barn har mange navn. "Skuln", Myramannen, eller Andreas Midtgård, som var det eigentlege namnet hans, var læraren min dei 4 siste åra på folkeskulen. Me gjekk i ein liten grendeskule, Øvstegard skule, med eit klasserom og kombinert lærarrom, bibliotek og lager i det andre. Læraren var vel mellom 40 og 50 då eg gjekk der, og hadde utdanninga si frå Kristansand lærarskule i ei tid når norskdom og opplysning var viktige i utdanninga.
Skulen var annankvar dag, også laurdag, og hadde stort sett sin daglege rytme.To og to klassar gjekk saman.
 Me byrja med kristendom.. Læraren spela orgel, og me song ein song, han las frå ei andaktsbok, og så vart me høyrt i salmevers og  attfortalde heimeleksa i bibelsoga og katekisma. Deretter gjekk læraren gjennom ny lekse.
Neste time var det rekning. Vi rekna i boka, men fekk lov å rekne lenger, berre me tok vår tørn og rekna på tavla. Siste del var hovudrekning, der me sat på pultane. Læraren plussa og minussa, ganga og dividerte, og me fylgde tankegangen. Den som fekk rett, fekk gå ut, og fekk såleis litt lengre friminutt enn dei andre.
Eg hugsar ein gong det var krangel i friminuttet, gjenter og gutar var ueinige. Læraren kom ut, men han hadde tollekniven med seg, og gjekk bort til ein seljerunn utanfor skuleplassen. Vi samla oss rundt han, og skjøna etterkvart at han skar vippepinne. Vi diskuterte beste emne, lengde på pinnane, og dei mest ivrige samla stein, så då han var ferdig, var me alt i gang å velje lag, og leiken var i gang. Gløymd var usemja. Vi hadde det moro, og friminuttet varde lenge.
Tredje time var lesing og skriving-Me las frå leseboka, og song songane som stod der. Nordahl Rolfsens lesebok hadde mange stykke frå norsk litteratur og mange dikt og songar. Me song  og ein del i lesetimen. Den andre klassa hadde skriving, og så bytte me på.
I landkunna var me på det store kartet og fann det me lærte om, me teikna kart og svara på oppgåver.
Historie var mykje konsentrert om Noreg, og me lærde mykje om vår ærefulle vikingtid, og om tida frå 1814. Me song om" merket som stod om mannen han stuper", og forstod så vel at det var eit ideal også for oss i vår tid. Sak var viktigare enn person!
Vår og haust tok han oss ut i naturfag. Vi fann blomar, han sa namn og familie, og då me kom innatt i klasserommet tok han opp ein og ein blom, og let oss fortelje namnet. Han fortalde om kjenneteikn på ulike familiar, og korleis dei formerte seg. Vi kunne mykje botanikk.
"Skulen" var interessert i blomar, og lærde oss å presse blomar til herbarium. vi pressa med rot , stengel blad og blome, og fann namn, familie og latinsk namn, som vart sireleg skrive på arket etterat vi hadde limt inn planten. Målet var å få mest plantar, og ikkje berre dei 20 som var minimum.
På sommaren  gjekk vi  til Piparvatnet og bada, og nokon av ossl ærde å symje på den måten.
Siste året skulle vi ha engelsk. Det var nok ikkje så lett for ein som hadde teke latinartium etter lærarskulen, men me fekk lærebøker, og så prøvde han å lære oss uttale med  å bruke sveivegrammafon og Linguaphoneplater. Vi var dårleg førebudd i det faget til realskulen!
Derimot kunne me gramatikk! Dei to siste åra hadde vi ein time for veka. der vi lærde ordklassar og analyserte setningar, "Skulen" teikna tre på tavla, med ulike setningar, og kommode med ordklassar. Vi fekk setningar til å analysere sjølv, og skrive ordklassar. Dei vart teke inn og retta, og etterpå fekk me poeng.Vi hadde stor hjelp av dette då vi seinare lærte tysk og latin.
Han las til oss i siste timen, frå mange av klassikarane fra Samlaget. "Frostmoborna", "Vesle lord Fontleroy", " Heidi" og "Den løyndomsfulle hagen" las han til oss. Interessante historier med godt språk, som seinare inspirerte oss til å lese og skrive sjøl.
"Skulen" var flink til lære frå seg  norsk og rekning, og folk frå skulen hans var ofte dei flinkaste i kommunen. Han var ikkje så flink med dei som hadde dysleksi og lærevanskar, men dei flinke anspora han til innsats, og dei kom langt.
Pedagogikken var på den tida prega av pugg, og kunne du pugge og hugse, kom du langt. Eg har hatt god nytte av å lære utanatt heile livet mitt, og trur at pendelen no har svinga for mykje til andre leia. Ein må både finne stoff og forstå det, men ei del ting må ein og kunne utanatt og automatisere.
"Skulen" lærde meg mykje grunnleggjande kunnskap. Det er eg takksam for.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar