Dei i Myrane.


Mellom Leiknesgardane og Øvstegarden låg Midtgård, eller Miggarden, som me sa, 3 små bruk med nokre kuer, sau , gris, høner og hest på kvar gard.
 Myrane var ein av desse gardane, og der budde 3 ugifte sysken, som saman stellte den delvis flate, men likevel forholdsvis tungdrivne garden. På folkemunne vart dei ofte omtala som: - Dei i Myrane.
Myrane eigde Lona, myrområdet der den vesle bekken rann stilt, der det var oter og selsnepe, og ei lita steinbru over bekken. Dei hadde Myraåsen der du fann kusymre, den vesle gule blomen som på Vestlandet var eit umiskjenneleg våprteikn, og der du kunne sjå vidt utover Dalebygda, Hillesvåg, Hjelmås og Fyllingsnes, og litt av Osterfjorden.  Dessutan var Myramarka deira, med hestevegen mellom Hillesvåg og Dalebygden, og skuleveg for mange av oss.
Fjøset deira var for det meste var av stein, og ofte dreiv dei fjøset når me kom forbi og skulle på skulen. Dei var barnevennlege, og gav seg tid til å snakke med oss når dei tømde opp mjølk eller skulle hente mat til dyra. Vi ungane lika å snakka med dei, for dei var vennlege og viste omsorg. Når vatnet steig over Lona, kom dei ned for å hjelpe skuleungane over, for straumen kunne vera stri for små ungar.

Dei hadde bærhage og frukthage, og på hausten fekk me smake både bær og nedfallsfrukt, sjøl om dei hadde mykje naturalhushald, og safta og sylta det meste frå hagen.
Dei var flittige og flinke bønder, og eg trur dei som oftast hadde mjølk i første klasse. Kondrad var med i mjølkekøyrarlaget for sitt område, og køyrde mjølk med hest og kjerre  dei to kilometrane til meieriet på kaia, når det var hans tur til å køyre. Elles sette dei mjølkespanna i eit lite mjølkehus attmed vegen, og dei som hadde køyringa den veka, tok spanna med.


Vi ungane selde  lodd, og då vart me bedne inn på kjøkkenet, med vedkomfyr og elektrisk komfyr. Det var eit kjøkenbord framfor det lave smårutete glaset, med nokre stolar, og av og til sat me der og venta medan dei fann fram pengar, og skreiv namna sine i loddbøkene. Det var Konrad, den eldste, og systrene Oline og Klara Midtgård. Skulelæraren min i storskulen var også frå garden, og han åt alltid middag saman med syskena sine, før han gjekk heim gjennom Myramarka til huset sitt i Hillesvågen.

Når me gjekk julebukk, var me innom alle. Eg veit ikkje kor stor pris dei eigentleg sette på skikken, men me vart tekne imot, og som skikken var, fekk me noko. Første gongen var det litt kokesjokolade innpakka i smørpapir. Det syntest me var rart. Seinare om åra var det julekaker, eple og appelsiner til dei som kom.

Dei tilhøyrde indremisjonen, og gjekk i  øvre bedehuset  som låg på nabogarden. Dei  var sterkt prega av pietistisk tenkjemåte, leste Bibelen, hadde husandakt og gjekk på møter og på gudsteneste  når det var det. Dei hadde ofte omreisande predikantar på besøk, og det er fortalt at desse åt ikkje saman med sjølvefolket, men fekk maten servert medan dei sat for seg sjøl i bestestova. Konrad var formann i indremisjonen i periodar, og styrte med fast hand. Han hadde ofte eit innleiingsord på møta, eller han kunne ha eit vitnemål om ei dagshending eller eit bibelord.
Klara hadde gått på sykurs  saman med mor, men ho fortsette å bu heime etterpå. Både ho og systra var flittige på kvinneforeningar, og det var ikkje lite dei bidrog med til basarane gjennom tidene.
Dei nytte stor respekt i bygda, men samstundes syntes nok dei fleste at dei var gamaldagse, og held sterkt på pietistiske verdiar, og dei  held sterkt på for eksempel helligdagsfreden. Det kunne vera eit og anna sneiordet om det. Men som vaksen fekk eg og vite at folk som hadde lite å rutte med, og sleit med å få dagleglivet til å gå rundt, fekk både mat og pengar frå desse tre.
Desse tre var ein del av barndommen min. Dei gav tryggleik og identitet. Som vaksen set ein pris på
desse trauste stille menneska som var del av nærmiljøet.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar