Søndagsskole


Vi hadde to sundagsskular i bygda. Den eine var i øvre bedhuset, som indremisjonen eigde, og den andre var i nedre bedehuset, som pinsevennene hadde. Dei fordelte søndagane seg i mellom, så ein sundag var det skule i øvre bedehuset, neste i nedre.
Å gå på søndagsskule var nesten obligatorisk, og etter kvart som søsken vart 3-4 år, var dei med. Når frukosten var fortært,  var det på med yttertøyet, og oppover mot bedehuset. Vi venta til det vart opplåst, og så var det inn i veslesalen. 7-8 benker, dei fleste med ryggstø, stod vent mot ein talarstol. Det stod vel eit orgel der, men elles var det ikkje bilete på veggen, så vidt eg hugsar. Me hadde to lærarar, begge bønder., så det hende dei var seine, om dei hadde kyr som kalva eller sauer som flaug ut- Men ingen av oss hadde klokke, så vi venta til dei kom.

Vi brukte Barnesangboken, og einkvar song med sitt nebb. Ein av lærarane innleia, vi song, og den andre hadde hovedtalen. Jesus som den gode hyrden var eit hovudtema, og eg trur den historia var fortalt mange gonger.

Vi song "Min båt er så liten", og laga bevegelsar til, og ekstra moro var det når me fekk reise oss og syngje " Om eg er liten eller stor", og bøye og strekkje oss. Av og til las ein av ungane frå eit søndagskuleblad, og så kom høgdepunktet:

 Vi fekk Blåveisen, som bladet heitte,, og så fekk vi stjerne i sundagsskulekortet vårt! Kortet var forma som ein himmel. der ein limte inn ei stjerne for kvart frammøte. Eg trur pinsevennene av og til hadde kort med livsens tre, der ein fekk limt inn eple for kvart frammøte.

Blåveisen, heitte sundagsskulebladet. Det var andakt, historiar, kryssord , fargelegging, og ei stund kunne ein få brevvenner gjennom bladet. Det vart lese frå perm til perm, og me gledde oss til neste nummer. Ja, det hende vi diskuterte innhaldet på skulen.

Om våren fekk me søndagsskolekorta med heim. Det var sorg over manglande stjerner på korthimmelen, og eg trur me av og til fekk ei eller to ekstra, fordi me argumenterte godt. Ein kunne jo ikkje kome på sundagsskulen om ein var sjuk, eller måtte besøkje bestefar!

Omreisande emisserar kom på sundagsskulen og talte då, og song til oss. Nokre var flinke å syngja, og spela gitar, ja ein gong var det citar, ein annan gong trekkspel. Dei lærde oss nye songar, og var dei frå misjonsorganisajonar, fekk me sjå lysbilete frå bushen i Afrika, kor vondt dei hadde det utan Jesus, og kor alt endra seg når dei vart kristne. Framanarta kultur, med palmar, kamelar og kyr med pukkel var artig å sjå på, og me undra oss over hytter med grastak og nakne ungar.  Me lærde misjonssongar, og av og til ga me 50 øre eller ei krone til arbeidet blant heidningar. Då fekk me beskjed på skulen at det skulle vera kollekt.Stor stas var det og når nokon av dei tilreisande hadde flanellograf, og sette på nye figurar på tavla etter som forteljinga skreid fram. Det hendte Jesus eller Josef datt på golvet, men han vart fort henta opp att.

Du gjekk på sundagsskulen til du var konfirmert. Den var ein del av sosialiseringa i mi tid, ein lærde respekt for det guddommelege, etiske reglar og mor og far fekk seg eit lite friminutt frå ungane.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar