Mor - Martha Leiknes


Eg tenkte eg ville skriva litt om mor mi denne gongen. Ho hadde eit langt og innhaldsrikt liv, så eg trur eg må dele innlegget i fleire delar.
Denne gongen skal det handle om oppveksten hennar og tida fram til ho gifte seg, så det er før tidsrommet bloggen stort sett handlar om..
Ho var den eldste i ein søskenflokk på 7, født i Bergen, der familien budde i ei lita kjellarleilighet fram til ho var 5 år gamal. Då flytte familien heim til Leiknes, og bestefar tok over garden heime, med far sin som kårkall. Sjøl arbeidde bestefar i byen, så det var bestemor mi som styrde heime, på ein tungvindt gard som ikkje fekk innlagt lys før 1940, og heller ikkje hadde innlagt vatn i byrjinga.
Oldefar hadde nordre del av huset, og den veksande familien hadde søre del.
Ungane hadde det nok fritt og godt, med stor tumleplass på garden. Onkelen min fortalde at dei delte blokkebærtuvene på haugen mellom seg, og at han som yngstemann etter to jenter måtte lære seg å strikke. Dei vart etterkvart 7 søsken, 3 jenter og 4 gutar.

Men på ein tungdriven gard var det naturleg at ungane tok del i arbeidet, og at dei fekk mange plikter. Mor fortalde om tunge bører når mjølka skulle berast til meieriet, og daglegvarer og parafin skulle fraktast heim att.
Då mor var 11 år, slutta bestemor å ha taus, for då var eldstejenta stor nok til å ta over tausa sitt arbeid, altså gjera vakse arbeid.  så då var det nok slutt på mykje av barndommen for eldstejenta.

Mor var skuleflink, og lika skulearbeid. Ho gjekk ut av folkeskulen med gode karakterar, og ynskte nok å ta utdanning og skular. Men bestefar meinte at det var ikkje så viktig å koste på døtrene. Dei skulle jo berre gifte seg alikevel. Ein av brørne vart psykisk utviklingshemma etter ein skade, og mor hjelpte han mykje med skulearbeidet. Han lærte å lesa takka vere henne, men rekning og skriving klarte han mindre av.

Mor vart beden om å sitje vakt over ei sjuk  eldre dame på nabogarden i Nordre Lunddalen, og ho bad om å få noko arbeid medan ho sat der. Ho fekk ei full korg av sokkar og leistar å bøte, og arbeidet vart fint utført - Difor fekk mor tilbod om å kome i sylære i Bergen hjå syster til bonden. Eg trur ho heitte Gusta.  .
Ho fekk hybel i  3.etasje hjå gammeltanta si, Stina, som dreiv tobakkshandel i Bergen, og starta med læra si. Tante Stina var kvinnesakskvinne, og ei som stod på for rettane sine.Eg trur ho påverka mor litt, for mor var medviten om kvinna sine rettar, sjøl om ho ikkje alltid levde ut utsegnene sine, så var ho medviten om at det ikkje skulle vera nokon skilnad på korleis gutar og jenter, kvinner og menn vart handsama i samfunnet.
På systova lærte mor  å tråkle og sy for hand, og var sidan alltid nøye med at ting skulle være like fine på vranga som på retta. Det gav ho uttrykk for, praktiserte og lærte vidare. Du skulle ikkje slurva, sjøl om ingen såg det. Bror min fortel at ho var med på å sy brudekjolar, så det var nok ei velrennomert systove ho var på.
Men bestemor vart gravid med ein attpåklatt, og då trengtest eldste dottera heime. Det vart for mykje å gjera, og for tungt, og dei hadde sjølsagt ikkje råd til å leige hjelp. For mor vart dette hennar livs vonbrot, som ho aldri klarte å forsona seg med. Ho fekk ikkje utdanninga si, sjøl om ho sydde for andre seinare. Det var også grunnen til at då ho fekk døttre sjølv, så skulle dei ha utdanning på lik linje med gutane.
Men korleis traff mor far min? Han var frå nabobygda, og det var vel ein og ein halv times gange mellom bygdene. Med båt tok det kortare, og var meir lettvindt, fr då slapp du utmarksvegane, som kunne vere vanskelege å gå i mørke og dårleg vær. Eg gløymde å spørja om korleis dei møttes, så eg kan berre gjette meg til at det var ein del ferdsel til nabobygda, sjøl om det var tyngre å kome frå Leiknes til Hjelmås dengong.
Men ein eldre bror av far fann seg jente frå Øvstegarden, og ho var venninne med mor, så dei vart vel kjende på den måten, tenkjer eg. Far var formann i ungdomslaget på Hjelmås ei stund under krigen, og onkel Erling fortalde om ei fest dei hadde på ungdomshuset, og at onkel Kåre fyrde opp båten og skulle skyssa kjærasten sin heim att til Leiknes. Dei andre deltakarane frå denne bygda fekk og vere med, og mor mi og far min var og med til kaia på Leiknes.
Då krigen gjekk mot slutten, bygsla far ei tomt hjå svigerfaren sin på Leiknes, og bygde eit toetasjes hus der.  Han selde båten sin for å få råd til å byggja huset.
Mor og far gifta seg våren 1945. Alle visste då at krigen gjekk mot slutten, sa mor.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar