Bryllaup fredsvåren 1945


Det er våren 1945. Folk visste at krigen gjekk mot slutten, og såg fram mot det.
Far hadde arbedd for fullt med huset på Lundalshaugen, og han og mor skulle gifta seg. Eg har ikkje eksakt dato, men det var  tidleg vår. Dei måtte først til Bergen og registrere seg hjå¨offentlege myndigheiter, altså hjå den tyskstyrde byfogden, og så valde dei, som så mange andre, å gifte seg i kyrkja. På den tida var det Osterfjorden som var riksveg 1, og kyrkja låg på Hamre. Eg er ikkje heilt viss på om dei tok rutebåten, eller onkel Kåre skyssa med båten, men dei gifta seg, eller fekk kyrkja si velsigning over samlivet i den gamle tjørebreidde middelalderkyrkja på Hamre. Brudebiletet er teke i Bergen, og viser mor i lånt brudebunad, med krune på hovudet, og far i blådress og slips.
Bryllaupet stod hjå besteforeldra mine i Lunddalen, og korleis dei kom seg frå kaia og dei 1,5 kilometrane dit, veit eg ikkje. Gjekk dei, eller stilte bestefar med hest og kjerre? Eg gløymde å spørje då eg hadde høve. Kanhende andre veit?
Bestefar var bonde på heiltid då. Han hadde betalt ned lånet på garden, og ville ikkje vera i byen lenger. For det fyrste arbeidde han hjå ein som var underleverandør til tyskarane, og for det andre hadde det vore fleire alvorlege bombingar av engelskmennene i 1944.
Bestefar hadde slakta ein kalv, er det blitt meg fortald, og dei hadde sanka saman så det var rikeleg mat denne siste krigsvåren. Dei bad inn slekt og vener frå Leiknes, Hjelmås og Bergen. Tante Olivia  og  dei to søskenbarna med menn frå byen var sjølvskrivne gjester,
I sakene til mor fann me ein heimedikta og opptrykt bryllaupssong, og det eg synest  er morosamt og tankevekkjande, er at songen har fleire liner med positiv omtale av konge og fedreland.  Dei må ha vore sikre på freden, og at ingen i bryllaupet var stripete eller quislingar!

Festelegram fekk dei mange av. Viseverten las opp dei mange festtelegramma under middagen, og folk klappa etter kvart telegram. Det var vers, gode ynskje, bibelvers og songar, alt ettersom dei som sende telegrammet la fram ynska om ei god og lukkeleg framtid.

Onkel Erling fortel i boka si at det var mange bunadskledde i bryllaupet, og at dei svinga seg til trekkspeltonar til langt på natt.
Då festen var over, gjekk mor og far dei hundre meterane til sin eigen nye heim, eit toetasjes hus med full støypt kjellar under.  Dei hadde planta nokre bærbusker på tomten. Uthuset var og på plass, med vedskjul, do og plass til høner. Det var innlagt vatn i hus og kjellar, mor og far skulle bu i andre etasje, medan dei leigde ut første til byfolket , til dei to kusinene til mor og familiane deira. Dei hadde bod, kammers, soverom og stove, med skråtak, og  ark.
Så vidt eg veit hadde far laga møblar, spisestue med 6 stolar, 2 uttrekk så det var plass til  10 rundt bordet, kråskap og sjenk (?). Ein gamal divan var nok arvegods frå tidlegare generasjonar. Han hadde laga soveromsmøblemang, med dobbelseng, nattbord og ein slags sjenk der og. Møblane var i eik, som det seg hør og bør, og stovemøblane hadde utskjeringar og runde kuler på beina.
Om alt var ferdig til denne vårnatta veit eg ikkje, men mykje var. Dei gifte seg til fred, og levde ekteskapet sitt i oppgangstida etter krigen.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar