Apropos skulestart


Det var stas å gå på skulen. Me gjekk 3 dagar for veka, og hadde ein fridag mellom kvar skuledag,Laurdag var det og skule.
 Litt yngre utgåve.

Du fekk ransel til du skulle byrja på skulen. Somme arva etter eldre søsken. Eg fekk grønrutete, med plastbelegg utanpå, så han ikkje skulle bli så fort våt, og bøkene like så.

Penalhus fekk eg og, trepenal med lokk  av tre og plass til blyant, viskelær og etterkvart blyantspissar, penn og pennesplitt.
Eg er ikkje sikker på om me kjøpte skrivebøker eller fekk dei, men etterkvart vart dei utlevert på skulen. Du måtte tydeleg dokumentere at du hadde skrive eller rekna ut heile boka, og brukt plassen godt før du fekk ny. Det same galdt blyantar og viskelær. Vi fekk opplæring i bruk av blyantspissar og viskelær, og nåde den stakkar som delte viskelæret i to med blyanten, eller ikkje viska til siste rest av læret var oppbruka! Eg trur læraren skreiv opp når du fekk ny blyant eller viskelær.
ABC og lesebøker fekk me på skulen, og dei måtte ein ta vel vare på. Eg trur me skreiv namn i dei, men elles skulle dei ikkje skrivast i. Sette me merke med blyant om lekser, måtte ein viske ut att alle merke før boka vart levert inn att. Siste innspurt før sumarferien!

Reknehefte, og etterkvart bibelsoge, katekisme, landkunne, natufagsbok, historiebok og  songbok  kjøpte foreldra våre.
Alle bøkene måtte få varebind. Vi lærte å leggje bind på bøkene på skulen, og fekk brunt sterkt papir rundt alle bøkene. Det var godt å teikna på, men det vart nok fulgt godt med at det var sømelege kommentarar vi skreiv på papiret. Ingen kommentarar av typen  "spynorsk ordliste" var tolerert.
Seinare brukte me hyllepapir og bokbind på bøkene. Det hadde litt høgare status enn det brune papiret, sjøl om det første var sterkare.  Bøkene skulle sjå nesten nye ut når varebindet vart teke av, det var målet. Når det byrja å bli hull i kantane, la du på nytt papir.. Bøker var dyre, og skulle vara lenge, ervast og brukast av yngre søsken.




Ein time for veka hadde me skjønnskrift. Du skulle då kopiere forhåndskriven håndskrift i boka, og i andre og tredje klasse byrja vi  å bruke penn og blekk når vi skreiv denne skrifta.  Det vart ei øving i tolmod og konsentrasjon , verst for dei som var keivhendte.  På pulten stod eit lite blekkhus, og du dyppa pennen nedi, prøvde å få passeleg med blekk på splitten, skreiv etter alle kunstens reglar, og bruka trekkpapir for å få blekket tørt. Du hadde ei fille til å tørke av pennesplitten, så ikkje det skulle bli søl  og blekkflekker i boka og på fingraneVar du uheldig og fekk ein blekkflekk, så var det å viska det hardaste du kunne, for å få vekk så mykje som mulig av flekken. Eg fekk meg blekkviskelær heime for å vera på hogget-For når du hadde skrive to sider, skulle du fram til læraren og få karakter for det du hadde gjort. Der stod det Orden: og Skrift: , og du fekk karakter for begge.  Ein blekkflekk kunne få katastrofale konsekvensar for for orden på sida. Vi som var ærekjære, ynskte oss ingen Nokså godt i orden, heller ikkje på ei side i skjønnskriftsboka!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar