Potetferie og potetkjellarar.


Haustferie? Berre ein månad etterat skulen har byrja etter sumarferien? Det er jo galskap, meiner mange. Ein bryt opp læringsprosessen til barn og unge.

 Men kvifor har vi denne skikken? Jau, før heitte det potetferie. Så lenge potetopptakinga var manuell, eller ein brukte hest og potetopptakar, trengtes det mange hender for å få potetene i hus.

Vi ungane hugsa den einslege poteta som vart sett i jorda, og gledde oss over å sjå at ho haddde blitt til mange. Samstundes var morpoteta blitt skrukket og nesten roten. Eit symbol på livets forgjengeligheit, og at eit verksamt og grøderikt liv gjekk mot enden. Vi mintes vel diktarens ord om tytebæret: -Mognar du , så vil du beda, just den same bøn som eg: mogen mann det mest må gldea, bort for folk å gjeva seg.- Ei potet døde, og gav liv til mange nye poteter, og mat til svoltne munnar.

Eg kan ikkje hugse at me hadde lang potetferie. Eg trur læraren vår var oppteken av å slutte tidleg til sommaren, så eg trur ikkje denne ferien var meir enn eit par dagar. Andre som hugsar?

Potetene skulle ha blomstra av, og helst skulle potetstilken ha visna litt. Nokre stader skar dei ned stilken, så det skulle vera lett å koma til.
Ungane fekk altså fri for å hjelpe til heime eller på nabogardane med å plukke poteter, eller "pitla pote", som me sa på striladialekt. Ja, i sume grender gjekk dei frå gard til gard og hjelpte til, til alle hadde fått inn potetene, stod det i ein artikkel eg las.  Det var hardt og skittent arbeid, Kaldt kunne det vera på hendene å rote i den kalde,og ofte blauite jorda, og det kunne liksåvel regne som at det var opplett.. Potetene måtte inn før frosten.
Større gardar brukte hest og potetopptakar, men på små åkrar var det ein eller fleire som spadde med greip, og ungane plukka. og samtidig som ein tok opp, skulle ein sortere. Store og middels for seg, og småpoteter og skadde i ei anna bytte. Når bytta var full, tømde du ho i ein strisekk som stod ved av åkeren, og når kvelden kom, vart sekkene lest på høyvogna og køyrt heim.


Lagringa skjedde i kjellaren eller  potetkjellaren, for dei som hadde det. Det var  ofte eit  hus for å lagre  poteter og andre rotvekster. Slike vekster måtte ikkje lagrast for varmt, og samtidig frostfritt i et ikkje for tørt eller for fuktig miljø.
Løysninga var å legge et par lag med stein til golv, bygge vegger enten av stein eller plank, sette tak over og dekke det heile med jord eller torv tjukt nok til at frost og fuktighet ikkje kunne trenge gjennom. Golvet vart så dekka til med plankebord for å gjere det lettare å hente ut . Det heile måtte ligge litt høgt slik at heller ikke grunnvatnet tok turen innom. Desse  kulturminne frå gårsdagens kvardag  finns på mange gardar på Vestlandet. .Kjøleskapet utan stikkkontakt, som nokon har kalla dei
No er potetferien haustferie, og jordkjellaren historie.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar