Den lekse man lærer som ung, er aldri tung.


Vi hadde lekser, og vi gjorde lekser.

Å ha lekser var å vere stor, og frå byrjinga maste me på å få lekser på skulen. Det starta smått, med å leggje gråpapir på leseboka og kladdebøkene. Seinare var det å gjere ferdig sida med tal, og skrive bokstavar. Raude for konsonantar, og blå for vokalar,ogå skrive småord og etterkvart setningar. Det var stas å ta fram leksebøkene, og gjere ferdig sidene, medan småsøsken såg misunneleg på, eller sat ved sida av og teikna eller krota på eit brødpapir.
Det var ein gong i første klassen at leksene var eit herk, og det var den gongen eg elles hadde fått vore med far på ettermiddagsarbeid, men måtte heim og gjere leseleksa. Då var det protestar og gråt og tenners gnissel, men dei vaksne heldt stand. Lekser måtte gjerast! Men etter ei tid ved spisebordet knekte eg akkurat den dagen lesekoden, og stava meg fleire sider framover i boka. For ei glede å kunne forstå det som stod der! Eg kjenner det enno.

Bibelvers og salmevers skulle lærast utanatt, likesom etterkvart gangetabellen, nøkkelen til så mangt innan reknekunsten. Eg trur denne utanattlæringa var god for minnet, og du brukte hjernevindingane slik at det du lærde sat, og du kunne bruke tida på å lære noko nytt. Salmevers hadde rim og rytme, og det gjorde dei lett å læra, medan bibelforteljingane hadde ei logisk oppbygging som gjorde dei greie å hugse.
Verre vart det når ein skulle lære bibelord og katekisme, men det gjekk det og. For ikkje å seie landkunne, naturfag og historie . For å lære, var å lære utanatt, pugge og gjengi.
Sjølsagt drøfta vi og tileigna oss nytt, men du måtte reprodusere. Etter som tida gjekk, fekk me stilar der me skulle bruke fantasien, og dei vart for det meste produsert heime. Eg hadde ei livleg forestillingsevne, så eg kunne dikte opp dei fantastiske historiar. Hadde alt eg fortalde om livet heime vore sant, hadde det vore fare på ferde.

Me hadde heimerekning, og rikeleg med gjentaking av eit tema før me starta på noko nytt. Eg trur at noko av grunnen til at ein del ungar slit med matematikk i dag, er at timetalet har gått ned, medan pensum har auka.  Om det ikkje vert tid til å terpa inn det grunnleggjande, som addisjon, subtraksjon, ganging og deling, vil dei andre reknedisiplinane hengja i lause lufta.
Etterkvart fekk eg eige rom, og skrivebord til å gjere leksene på. Men det var ingen stad å sitje, åleine i ein krok på loftet, når alt foregjekk i stova nedanunder!  Det tok ikkje lang tid før leksebøkene låg oppslegne på stovebordet som før, og Britt gjorde lekser medan yngre søsken dreiv med sitt, radioen stod på og folk snakka saman. Eg fekk gjort det eg skulle, og samstundes vera med på det som skjedde.

Då eg tok til på realskulen vart det plutseleg eit kvantesprang i kunnskapskrav og mengde. Som eg har fortalt før,var engelskundervisninga mi eit halvt år med Linguaphonekurs på sveivegrammafon  med ein lærar som ikkje kunne engelsk. I matte var det nye rekneartar, og karakterane dala mot botn. Det var mange flinke, dei beste frå mange bygdelag, og plutseleg var eg ikkje flinkast og best, men heller tvert imot.

Tårer og protestar på heimebane, der eg truga med å gje opp var resultatet. Men eg hadde ei mor som sette ting på plass : Du får setje deg ned og arbeide! Rekne oppatt og lese på leksene. Eg kan hjelpe deg med den type rekningar eg kan, og elles får du lese og arbeide!
Å gi opp vart eit ikketema. Igjen sat eg ved spisebordet og måtte arbeide, og det gav resultat. Heimearbeid og lekser snudde skuta, og eg fekk gode karakterar til slutt.  Eg lærde eit par vesentlege ting: Arbeid og hald ut. Det gjev resultat! Dessutan , du lærer ikkje matte ved å lese om han, men ved å øve og gjere oppgåver, ved å gjere lekser!

Så er mi meining om lekser forma av mi erfaring: Lekser er bra. Du lærer å arbeide, du må arbeide sjølstendig, og du må halde ut for å få resultat.

Men eg gjekk berre tre dagar for veka på skulen, og hadde rikeleg tid til leik, sjølv om det var mange plikter som eldst i ein stor familie-
Likevel :I dagens samfunn er det nokon som vil ha leksefri for ungane. Eg trur ikkje det er vegen å gå. Men lærarar må samhandle med kvarandre så byrda ikkje blir for tung for eleven. Vekeplanar der faga tek omsyn til samla arbeidsbyrde for elevane. Ein skal ikkje ta bort byrdene, men gjera dei handterbare. Dessutan trur eg at elevar stort sett må lærast opp til  å ta ansvar for sine eigne lekser, og berre spørja om hjelp heime når det trengs. Det er ein del av opptreninga til vaksenlivet, det og.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar