Smått og småkryp.


Eg snykta og gret.  Det var ein av dei første fine sumardagane, og eg gjekk berrføtt, med berre labbar i skorne. Då sveid det noko infernalsk på eine leggen, og ei humle surra vidare. Ho hadde stukke meg, og det gjorde inderleg vondt på ung hud. Mor smurde vel med smør, som var vanleg remedie mot insektsstikk i dei dagar, og litt etter litt stilna gråten. Men enno i dag kan eg kjenne kor besviken eg var over at humla verkeleg kunne stikke meg! Eg hadde jo ikkje gjort henne noko, og let ho surre i fred!
I barndommen min var elles menneska herre over dyra, og  eg hugsar enno biletet av den vesle jenta som stod på skalet av skilpadda, som eit symbol på at menneska rådde over dyra.
Så Passopp hjå bestemor fekk restar etter middagen, potetskrell og bein og sauserestar. Bestemor sanka det saman, og sende ein av onklane mine ut til hunden, som sjølvsagt stod i band det meste av tida.
Det var korkje Labb eller vaksine på dyret, som levde sitt hundeliv  i klar forvisning om at alt som menneske heitte, var over han på rangstigen.

Katten fekk mjølk, og litt fisk og fiskeavfall vart det på han og, om det var på menyen for herrefolket. Om ein gutlarv hadde vore og fiska, og kom att med småfisk, så var det kattfisk , og katten åt med velbehag. Men var det ikkje noko slikt, så var det ut å finne middagsmaten sjølv, Mus var det rikeleg av, og fann han ho ikkje i nærleiken av huset, så måtte han ut på jordet eller inn i næraste skogkrull for å jakte. Dei fleste kattar fanga fugl då som no, utan at nokon kom på tanken at dei skulle ha bjølle på seg for å varsle fuglane. Den sterkaste overlevde, og katten tok småfugl når han var dum nok til å vandre på marka.
På tomten vår var det maur Dei beit og, i alle høve pissemaur og hestemaur, så vi ungane lærde tidleg å ikke stiga på gangveiane deira, eller i nærleiken av tuvene deira.

Hestemauren bygde tuva mot sør, lærde vi, men no var det ikkje så langt heim, så vi visste retninga, så å bruke maurtuva på den måten overlet vi til Hjortefot og andre indianarar på prærien.
Derimot var far snar til å utrydde dei spede tillaup til maurtuver han såg, og metoden var enkel: I den tida hadde ein noko som heitte spillolje, olje ein tappa av bilane når ein fyllte på ny. Den vart oppbevart på spann i garasjen, og brukt mellom anna til å utrydde maurtuver. Eg kan ikkje hugse at vi ungane tykte synd i maurane. Dei lærde oss å vera flittige, men ein kunne jo læra det om ei såg ei tuva i utmarka og!



Saumauren, som vi kalla den svarte mauren, var harmlaus. Det einaste var om han kom inn i huset på jakt etter søtt. Då var mor snar om å setje fram potetmjøl. Mauren åt det, og det svall i magen, og krypa dauda. Greit nok.
Elles tok jo hønene mange av dei, der dei gjekk og nippa til alle småkryp som rørde seg på marka. Egga vart fine, med gul plomme når hønene fekk eta i seg det dei fann på bakken, særleg gras.
Mange hadde fuglekassar på uthusveggen og i trea rundt huset. Fuglar som tok fluger og mygg var populære, og gjorde nytten sin. Mindre insekt dr menneska var.
Synet på dyra og miljøet har endra seg. Styr kloden, eller er vi i ferd med å la kloden styre?                                   
                        







Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar