Håkonarhaugen

Tusenårsstaden i Lindås kommune


Året er 1961. Eg hadde begynt på Nordhordland kommunale realskule, avdeling Alversund hausten før, og hadde Alf Skodvin i historie.  Denne våren var det  ei begivenheit på Seim som var for heile Nordhordland.

Det var 1000 år sidan Håkon den gode vart gravlagd på Seim, og gravstaden hans var då bygd oppatt, og høgtideleg opna av Kong Olav.  Vi hadde repetert soga om Håkon, som vi sjølvsagt kunne frå før. Noreg var eit ungt land, med berre sjølvstende i 55 år, og 5 av dei under okkupasjon under Tyskland, Vi kunne Noregshistoria vår, var stolt av det norske, og kunne Snorre sine forteljingar om dei norske kongane i middelalderen.
Om Håkon den gode heitte det at han var kristen, men lukkast ikkje å inføre kristendommen i Noreg, Derimot lukkast han med å innføre leidang, ei slags sjømilitær verneplikt, og med å organisere rettsystemet i større einingar, i lagting. Han blir skildra som ein fager og venesæl mann, stor som idrettsmann og krigar, og styrde Noreg lenge, ca. 30 år.
Han vart såra i eit slag ved Fitjar mot Eiriksønene og danskane som og hadde interesser i Noreg på den tida, og gjerne ville overta landet. Flokken til Håkon drog nordover, og han døydde ved Håkonshella.  Han skal ha sagt før han døydde: - Eg har levd som ein heidning, så då kan de gravleggja meg som ein heidning, og.  Soga fortel at dei gravla han i haug på Seim, ved kongsgarden der.
 "Håkonshaugen er eit historisk gravminne etter Håkon den Gode som var konge frå omlag år 933 til år 960. Haugen var mykje øydelagd før han vart arkeologisk undersøkt i 1879 og i 1958.
Ved utgravinga i 1958 fann dei restar av den gamle haugkanten og kunne fastslå at haugen opphavleg har vore 20 m i tverrmål. Det vart funne spor etter ei båre eller ein kistebotn. Men leivningar etter kongen sjølv eller sverdet hans, Kvernbit, som han etter soga skal ha fått med seg i grava, vart ikkje funne. Håkonshaugen vart deretter oppbygd slik den er i dag til eit historisk minnesmerke ( Vest-landet, samfunn, kultur og næring )" Håkonarhaugen ligg like i nærleiken av Seimskyrkja.

På nettet fann eg at det var ein historieinteressert lærar,  Condrad Gudrow Clausen, frå Askøy som tok initiativ og var primus motor for å reise minnesmerket.
Det var sett opp bussar frå realskulen til Seim. Der det var mykje folk samla. Det var gudsteneste i Seim kyrkje som seg hør og bør ved slike høve, og dei som ikkje kom inn, lytta gjennom høgtalarar utanfor. Ved gravhaugen var det sett opp amfi, og det var innlegg av prominente som konge, fylkesmann, ordførar og ei rekkje andre. Det var song av musikkor.  Det var folksamt, med bunadskledde kvinner, eldre og yngre, skuleungar og vanlege folk som kunne ta seg fri ein kvardag. Syster mi, som var 3 år yngre, kom med skulebuss frå Leiknes, og eg trefte så vidt på henne, men ho hadde sine å vera i lag med, eg mine.  Dei innbedne var til middag, vi andre kunne kjøpa oss romegraut, kaffi og brus.
Ein dag med historisk sus over seg, der Seimsbygda vart sett på kartet, og vi hadde del i den "store" norske historia frå middelalderen. No er det tusenårsminnesmerket på Seim.
Bileta er tekne frå Vestlandet, samfunn, kultur og næring, og nettet.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar