Barnedåp.

                                          Utanfor Hamre kyrkje etter dåpen min.Mor, far og eg
Sidan eg nett har vore i barnedåp, kan det høve med eit attersyn på barnedåpen, slik eg opplevde han på 50-talet.
På 50-talet var lokalsamfunnet nokså homogent, og dei fleste døypte ungane sine, sjølv om dei hadde eit distanset høve til kyrkje og bedehus i kvardagen.  - Ungane skulle ikkje vekse opp som heidningar!

På skulen lærte vi om barnedåp, alle skulle døypast, det var slik det skulle vera. Dåpen var eit sakrament der Gud møtte dåpsbarnet og gav det sin nåde og fødde det på nytt. Luthers katekisme var enkel og klar.   Dersom det var fare for at barnet kunne døy, vart det hadde ein  heimedåp like etter at barnet var fødd. Kven som helst kunne utføre denne, og ritualet stod bak i salmeboka. Enno på mi tid var det snakka om at udøypte born kunne gå fortapt
Dåpen var ei gåve alle skulle få og ta imot, medan pinsevennene meinte at dåpen var for dei som trudde, og såleis ei vedkjenningshandling for den som allereide trudde på Jesus

.Pinsevennene hadde barnevelsignelse, fordi dei meinte at borna var Guds barn på grunn av Kristi frelsesverk, men at når dei vart bevisste og byrja å synde, måtte dei omvende seg , ta imot trua og så verta døypt. Men desse var det få av, og ungane deira måtte nok gjennomgå eit og anna, ettersom samfunnet var lite og gjennomsiktig, og alle visste kva trusretning foreldra hadde. Det var den ubarmhjertige sida av å bu i eit lite homogent samfunn. .
                                   .                                  Hamre kyrkje
Eg var døypt i Hamre kyrkje, som låg på andre sida av fjorden. Det var ei nesten ei dagsreis fram og tilbake, men når det var gudsteneste der, var det sett opp kyrkjebåt, og elles så gjekk det lokale motorbåtar og ei og anna skøyte, som alle la til kyrkjekaien nedafor kyrkja.  Det var vanleg at dåpsfylgjet var i  dåpssakristiet baki kyrkja, og klokkaren henta foreldre, dåpsbarn og fadrar  inn når kyrkjelyden song dåpssalmen.
                                                                       Ein annan dåp
  Dåpen var etter preika, og det var forsaking og truvedkjenning som no. Presten spurde kva barnet skulle heita, for i den tida vart det skrive ut dåpsattest, ikkje fødselsattest , som i dag, og namnet åt barnet og foreldra vart skrive inn i kyrkjeboka. Du kunne såleis endre namnet på barnet etter fødselen. Presten auste så vatn på barnet, tørka hovudet, og huva vart sett på att. Presten minna så fadrane om ansvaret deira, og om det var fleire dåpsborn, venta ein til alle var døypte, før ein gjekk innatt i sakristiet. Markeringa av inngang i kyrkja og tilhøyring til henne, var mindre då enn no.
                               Midtgård bedehus, sett frå baksida. Inngang til kjøkkenet.
Det kom interinmskyrkje i Midtgård bedehus i 1948, og sidan vart det halde barnedåp der for dei på nordsida av fjorden, så alle syskena mine er døypt i Midtgård bedehus. Kjøkkenet vart brukt som venterom for dåpsfolket, og klokkaren henta dei inn hovedsalen  her og. Ho/ han som bar barnet gjekk fyrst, så gudmor som skulle ta av huva, og så resten av fadrane. Dåpsbarnet hadde lang sid kjole, og dåpshuve.  Som regel hadde kvar storfamilie sin kjole, som vart lånt ut til slekta. Sjølvsagt hadde kjolen lyseraude eller blå band. Seremonien  var høgtideleg, sjøl om bedehuset var enkelt, og lite utsmykka.  Det var ein liten altaring, ein enkel døypefont og eg trur både dåpsfat og mugga til dåpsvatnet var av sylv. Det var eit enkelt orgel som gav tonefylgje til salmane, og presten messa truvedkjenning og kyrkjebøna. Vi ungane sat på benkane våre og såg på sjølve dåpen. Skikken med at borna  kom fram til døypefonten, kom seinare.
                                   
Vi ungane gledde oss til barnedåpane. Vi fekk gå i kyrkja, var fint kledde, og det var besøk for familie og fadrar heime. Det var god mat, oftast steik og dessert, og bløtkake til kaffien. Barnet fekk gåver, som seg hør og bør: smykke, skeier og klede. Vi møtte slekt som var fadrar, av og til var det ungar med, og vi leika oss mellom måltida. Den religiøse delen tenkte vi lite over. Men for barnesinnet var det godt å trygt å vere døypt, og at søskena var det same. At eg som vaksen endra dåpssyn, er ei anna historie.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar