Minner om tante Magny på Os


Tante Magny var eldste syster til far,  født i 1913.  Ho vart att på Eikanger for å fullføra folkeskulen då resten av familien flytta til Hakset og seinare til Hjelmås.  Etterpå bar det vel ut i teneste, og etterkvart møtte ho Roll Østrem og dei gifte seg i 1937 (?), og  budde  på Os. Men ein del av krigen budde Magny på Eikanger, truleg hjå onkel Eivind, og Irene er fødd der. Seinare slo dei seg ned på eit småbruk på Kuventræ på Os. Der hadde  tante og onkel  hadde ei eller fleire  kyr, høner og nokre sauer. Det var utedo, og ein stor bærhage utanfor huset. Men Roll arbeidde heile tida på møbelfabrikken til Bahus, og tante hadde delvis reingjering og hushjelpoppgåver . Eg trur det var hjå direktør Bahus, men det er eg ikkje sikker på.

Frå Bahus sin kolleksjon
Huset deira var spanande, med påbygg, og ulik høgd mellom dei ulike delane. Det var nesten ein labyrint å finna fram der.  Far besøkte dei av og til, men den tida var det langt frå Leiknes til Os, så det var ikkje ofte. Eg hugsar at vi var på besøk , og far hadde med seg ein del menn som var  som var og såg  på landskyttarstevnet 1952  på  Ulven på Os. Det låg like i nærleiken, og me høyrde skotsalvene frå gardsplassen deira.

Borna deira var Bjørn og Irene , og begge var eldre enn meg: Bjørn var nesten 10 år eldre enn meg, så han var stor, og held seg med jamaldringane sine, medan Irene fungerte som ei slags storesyster når me var på besøk.
Os stasjon
Me gjekk til Osøyri og handla, og det var stort for oss som kom fra vesle Leiknes. Der var det gate og mange butikkar, og jarnbanestasjon . Me gjekk til solstrand hotell, og eg trur me bada i sjøen der.
Det var ikkje ofte Magny og Roll var på besøk hos oss, men eg kjente stor glede når dei kom.  Det fylgde mykje prat, latter og glede med dei.

 Me besøkte  foreldra til Roll ein gong eg var på Os.  Dei buddde i eit lite hus nede på Osøyro, og eg hugsar at me fekk kjeks og saft. Eg hugsar også  ein gong ho var på besøk hjå Magny og Roll. Det skulle vera besøk, og Irene og eg skulle skala poteter, som det vart gjort når ein skulle ha finare middag. Men Marie tok ein kniv og skrella over potetene. Me hadde laga for mange " auge" på potetene.  Poteter servert til middag skulle vera fine, og utan flekker av skal! 
Mor til Roll, Marie Østrem, dreiv eit stort hjelpearbeid for russiske krigsfangar på Haugsneset ved Osøyri under krigen. Marie var driven av kristen nestekjærleik i sitt arbeid for å hjelpa lidande medmenneske. Då ho fekk sjå dei forkomne krigsfangene komma til Osøyro 26. oktober 1942 skreiv ho i dagboka si:
Tårene sprenger på [...] Og da jeg endelig går hjemover lover jeg meg selv at disse arme menneskene skal jeg forsøke å hjelpe det lille jeg kan. Jeg ber til Gud hele veien hjemover at han må gi meg styrke til dette arbeidet.[1]
Marie Østrem klarte å få dei  tyske leirsjefane som tenestegjorde frå 1943 til å godta at ho leverte mat og klede til krigsfangane, trass i at all kontakt mellom fangane og sivilbefolkninga var forboden. Ho gav inntrykk av å vera ei naiv kvinne og personleg kristen, og dei tyske offiserane rekna ho for å vera ufarleg og upolitisk. Dette utnytta ho på kløktig vis til å få driva hjelpearbeid. Det var mange osingar som gav mat og klede, men det var berre Marie som hadde høve til å levera det vidare til fangeleiren på Haugsneset gjennom sin personlege kontakt med leirsjefane. Ho vart dermed organisatoren av hjelpearbeidet i bygda.                                                                                                  Ho og mannen Reinholdt vart seinare heidra for arbeidet av russiske myndigheiter. Dei  fekk tildelt Sovjetunionens orden for Fedrelandskrigen av 1. grad. Sovjetunionens president, Kliment Vorosjilov, heldt tale for dei i Kreml 11. november 1958. ( Wikipedia).
Det var til Os far køyrde materialar ei helg i april 1958.. Han hadde hovudverk, men tok Globoid, som hjelpte for alt,  og reiste,  for han hadde lova å køyre.  Åsta og eg vart sett av i Kuventræ hjå tante Magni og onkel Roll, og far køyrde vidare for å lesse av materialen. Om natta vart han skikkeleg sjuk, og  ambulansen henta han og køyrde han til Haukeland sjukehus i Bergen. Han ropa meg inn, sa farvel og sa: "Ta deg av Åsta!"  Det var siste gongen eg såg han, for han døydde ei veke etter på sjukehuset, utan å ha kome til medvit att.  ( Dette har eg fortalt meir om på blogginnlegget  om far min https://www.blogger.com/blogger.g?blogID=5145840421804994256#editor/target=post;postID=7010388252100001281;onPublishedMenu=allposts;onClosedMenu=allposts;postNum=40;src=postname)
Irene fortel at ho hadde ordre frå mor si å ta seg av oss to ungane, og det gjorde ho. Vi leika og gjekk tur, og opplevde mykje  spanande, så spørsmålet om far var i bakgrunnen.  Eg hugsar ikkje kven som kom for å hente bilen til far, men trur det var  onkel Ingebjørn og Alf (Svingen) Fyllingen..   Me vart med heimatt, og skjøna kor sjuk far vår var. Magny og Irene var og med, og var hos oss den første tida, saman med nokre andre, for mor var i Bergen hjå far. 
Magny og Roll kom  innom oss  ofte når dei i ettertid i var på våre kantar. Det var som dei kjende eit ansvar for   mor og hennar farlause små.  Då mor gifta seg opp att vart det sjeldnare. 
Men det er som ho Magny har ein spesiell plass i hjartet mitt på grunn av turane me hadde til Os, opplevingane der  og fordi ho var nær oss då far vart sjuk. Saman med henne opplevde eg glede, fridom  og sorg. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar