Minner om onkel Eivind på Eikong.


Han var fødd på  Eikanger  i 1912, og var eldste son til Petter og Brita Hagesæter.
Petter hadde garden dei første åra, men då Brita døydde, tok far hennar garden att på odel, og Petter, ungane  og den nye kona hans, Åsa, flytte til Hjelmås.
Då hadde Eivind allereide starta i smedlære i Hordasmia  13-år gamal , og reiste så  til sjøs som 16-åring for å tene seg opp pengar for å utdanne seg som maskinist.  Det tok lengre tid enn han rekna med å spare opp pengane, men han fekk utdanninga  og reiste til sjøs nokre år.
 Seinare tok han garden på Eikanger att på odel og tok til  som bonde i 1943. Garden var då reinska for buskap, reiskap og inventar, utanom nokre himmelsenger på eine lemmen.  Dette fortel   Kari Hagesæter Eidsheim, dotter hans i boka " Slekta etter Petter Martin Hagesæter"
Så onkel måtte byggja opp att garden, både med dyr, reidskap og møblar. Han fekk nok litt hjelp av far sin, men stort sett var det insatsen til han og kona  som litt etter litt skapte heimen og garden.

Erling, bror hans fortel også at det var smått med senger på under krigen, og korleis han sjølv  bidrog til at det vart ei seng meir der.  Han og broren trekte omatt ein gamal divan, og frakta han til Eikanger. Divanen var god å liggja på, og populær blant gjestene på garden. Han fortel også om at Eivind fekk låna ein uskodd hest av tyskarane, ( som brukte skodde hestar på brusteinen i Bergen), og at hesten kom med båten til Eikanger. Erling sytte for at hesten vart skodd, og så vidt eg veit hadde Eivind glede av hesten dei to siste krigsåra, til han vart returnert til Nordfjord, med skor.
Eivind fekk seg ny hest, med hjelp av Faren . Brunen heitte han.
Eivind var gift med Astrid frå Bergen. Det var ein stor overgang for henne å bu på gard, og ho arbeidde nok mest inne, og stelte eit tungvindt hus, syrgde for mat og klede og ungane som kom etterkvart. Eg hugsar henne som varm og omsorgsfull, og ho tok seg godt av gjestane som var innom. .
Då eg vaks opp, var eg på besøk på "Eikong", både fordi far hadde arbeid der, og på overnatting.
Far tok og søndagsturar til Eikong og besøkte slekta, og då var me ungane med.

Eivind og Astrid hadde 3 jenter, Liv var litt eldre enn eg, og Kari og Bjørg var litt yngre. Vi fann kvarandre i leiken, og han gjekk både ute og inne. Huset var stort etter vestlandske forhold, og inne kunne me leike både i søra stova og på lemmen. Det gjekk livleg før seg, men eg hugsar aldri at me vart hyssa på. Ute var det også store vidder for oss å drive på. Det gjekk i boksen går, gøymespel, tikkjen og mykje anna, og det var rikeleg med hus, haugar og nøver å skjule seg bak.
Kort var og turen i Vågen for å bruke krona me hadde fått av far til å snope, eller å hjelpe jentene med handlelappen. Vi kunne fylgje bekken eit stykke nedover, noko som var skummelt, for det var urskog og bratt ved bredda.
Ill. foto
Huset hadde utedo, med aviser og blad. Det var tosetar, og dermed eit stort og eit lite hol.  Vi kunne bli lenge der, både for å lese noveller, eller for å ha ein forteruleg samtale om noko me var oppteken av.
Onkel Eivind var bonden, eller skulle vi heller sei småbrukaren, og han  hadde mange jarn i elden. Han var tidleg oppe og i fjøset, og  me fekk ofte nysilt mjølk til frukost. Noko me opplevde som luksus: Mjølk rett frå kua!  Han var elles oppteken med utearbeid det meste av dagen. Tante Astrid laga middag til midt på dagen, og då var heile familien samla, og praten gjekk.  Eg trur dei vaksne hadde ei lita middagskvild etterpå.  I onnene arbeidde onkel Eivind  ute, og elles  var det  pløying, potetsetjing og oppattaking, gjerding, grøfting, tømmer og ved,  og alt som skulle til på ein gard. Så vidt eg hugsar hadde han og eit lite sagbruk i tilknyting til vatnet (?), der han saga litt tømmer. Eg trur også  at han dreiv med litt nydyrking på myrane i Eikongmarka.
Ill foto. Dei brukte nok meir maskiner,
Vi såg han ikkje så mykje på grunn av alt dette. Men han var der, i bakgrunnen som eit nødvendig nav i hjulet, som dukka opp og forsvann heile tida.
Om sundagane arbeidde onkel ikkje. Når me var på besøk, gjekk den vaksne praten om politikk og om forskjellane på nord- og sørsida i Hamre kommune, om skatt og Gerhardsen. Onkel hadde sine meiningar, og han gav uttrykk for dei. Han kunne vera kvass i replikken når han karakteriserte noko han ikkje likte. Elles sa han ikkje så mykje, men togg snus.

Den tid eg hugsar, var han mest heime og arbeidde på garden. Det var ikkje så mange vikarar å få, så han gjekk mest i same tralten. Å vera bonde var ein livsstil, då som no.  Seinare opplevde han endringane i jordbruket, og fekk meir fririd. Men då var eg vaksen, hadde flytta og såg han sjeldan. Men det var alltid kjekt å møta på han og tante Astrid, og koma på besøk til dei.
Kjelder: Kari Hagesæter Eidsheim : - Slekta etter Petter Martin Hagesæter  2011
Erling Hagesæter  -Adle dei bødne Oslo 2016

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar