Naustkleiva, vegen til Dalebygdsenteret.




I dag skal vi ta oss ein tur til senteret i Dalebygden, slik det var like etter krigen. Men først litt bakgrunnstoff: 

 Vestlandet er bratt. Det er mange ord for bakkar og haugar, og her ein dag tenkte eg på forskjellen på brekke og kleiv. For me hadde båe på den vesle heimstaden min. Det var Apalbrekka og Hodnesdalsbrekka, Midgards- og Hopsdalsbrekka.. Det skal kome frå ordet bratt, og det var bratt å gå opp alle dei. Men så hadde me Naustkleiva, garden Kleiva og Kleivdal.. I følge Svein Børtveit er det ein stupbratt skrent der ein måtte klyva for å kome opp. 

Ser vi nøgnare på Naustkleiva, ligg dei 4-5 nausta lunt til i ei lita vik, men det er bratt opp, om ikkje ein hadde hatt vegen der. Så ein må forestille seg at før dampbåten og kaien kom, ein gong midt på 1800-tallet, så måtte ein nærast klyve for å kome til og frå nausta.  Men nausta var viktige, for skulle ein ut av bygda, var det lettast å bruke båt. Kommunesetereret låg på Valstrand, kyrkja  på Hamre og Bergen var byen ein reiste til for å selja og handla. Bygdene

Kaia før krigen. Naust til høgre, deretter meier med ishus, handellaget med butikk i første og bustad i andre. Lager midt på kaia. 

tvert over fjorden, på Osterøya var naurlege kontaktsentra. Bygda fekk ikkje vegutløysing før i 1948, etter krigen, så kontakten med både Hjelmås og Eikanger gjekk mykje med båt.  

I barndommen min var det ein bratt bakke ned til kaien. Men han heitte Naustkleiva, ikkje brekka. 

Naustkleiva var fin å skreie i om vinteren, og kunne vera både glatt og lei for den som gjekk. Det var høgt utføre det på det brattaste , så dei fleste heldt seg på innsida av vegen. Ein liten bekk gjekk under vegen på det brattaste, og gjorde sitt til at  det var glatt å ferdast der om vinteren.  Vegen var smal, men det var ein veg å svinga opp på  dersom det kom bil imot. 

I min tidlege barndom var det ikkje så mange bilar, men nokre hestar som drog mjølkespann til meieriet.  Dei hadde god plass til å møte kvarandre. 

Men ei tid, etterat kaien vart utvida, gjekk det i helgene opptil 6  rutebilar til Hjelmås, Vaet, Ostereidet og Nesbø fra vesle Leiknes kai, og då kunne det vera verre å møte bussar på veg opp eller ned på kaien. Det er som eg høyrer han knaka i samanføyingane under vekta. 



Midt nede i bakken stod eit nyperosetre som blomstra så fint kvar vår, men elles var det lite vegetasjon, berre høge oldrar som tok lys og vekst frå andre plantar. Men den lilla storknebben vaks i brattlendet. 

Men nede i enden av Naustkleiva låg bygdesenteret for Dalebygden. Først kom du til det vesle posthuset i bakken på høgre hand. Men det måtte eigentleg vera stort, når du såg på alt det rømde.  Der var det venterom, to avlukke for å snakke i rikstelefonen, og innanfor døra , på baksida, var det rom for postkontor, rikstelefonsentral, og ei lita leiligheit med kjøkkenkrok, soveseng, og stolar og bord. Huset var bygd i 1948. 

På same sida stod forretningen, med lager og butikk i første etasje, og kjøkken stove og soverom, og ein tredje etasje med fleire soverom. Der budde handelsbestyraren, kona hans og 5 born. Det vart bygd omkring 1920.  Butikken hadde det du trong i det daglege, og du fekk margarin, sirup, brød, kaffi og middagsmat, snop og kjeks, og dei kunne skaffa ein del andre varer, som dei bestelte frå Bergen

På venstre sida stod meieriet, med ishus, kombinert lekjarkontor, som og hadde helselagsmateriell, plass til forreningsvirksomheit når ikkje lækjaren var der, og ein kaldt og romsleg hybel for meierska. Du kunne låne mellom anna klyster, sengetøy, bekken frå helselaget, og  dei oppbevarte sjukekorga i øvste etasjen på meieriet. Seinare vart det utlån av bøker her. Nokre bokhyller og kassar som vart skifta ut annankvar månad. . Utanfor meieriet var det steinlagde tropper ned til sjøen. Her kunne folk ro med båt for å levere mjølk, eller berre ta på passasjerar. Meieriet tok imot og selde mjølk, sende spann til Bergen. Dei fekk mjølk og ost i retur til leverandørane.



 Meieriet var bygd i 1897

Midt på kaia stod det vesle varehuset, der gods frå dampen vart låst inn. Då kaien vart utvida, bygde ein nytt i utkanten av den nye kaien, og fekk og eit provisorisk venterom. Det regna og bles ofte for den som venta på dampen.

Butikken hadde då utvida, og lageret var større. 

Til kaia kom dampbåten morgon og kveld, og var bandet til den store verda. Men sidan kommunen låg på begge sider av fjorden, var det skyssbåt  både for  lækjar, prest og ferdafolk. 

Fraktebåtar la til kai, og lossa sand og singel og  fiskekuttarar selde av fengda si. 

Skulle du gå dit det hende noko, ja så gjekk du Naustkleiva ned til kaia, til båtane og handlesenteret. 

No er Naustkleiva ein stad du passerer på veg til Knarvik. 

(


 


Bilete frå 60-talet. Nausta til høgre. Meieriet er rive, men posthuset, butikken med tilbygg står og heilt til venstre lager og venteskur. 

(Svein Børtveit:Ord og uttrykk heimanfrå. .. striledialekt frå Leiknes 6. )


.)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar