Husgeråd.

 Det ligna dette, men blåare og mindre roser

Mor og far gifta seg i krigens siste dagar. Det var mangel på det meste, og ein av dei ting det var mangel på, var koppar, kar og bestikk. Dei fekk kjøpe 2 koppar, asjett, tefat , djupe og flate tallerkar, ditto bestikk på rasjoneringskort sidan dei skulle gifte seg, etter det eg har høyrt.  Dei var kvite, med blå rand rundt. Eg hugsar dei frå tidleg barndom.Litt utstyr fekk  dei i gåve frå slekt og vener, helst dei eldre som hadde samla før krigen, men det var ikkje mykje i kjøkkenskapa heime den første tida eg 


minnes.  Mor hadde eit stort brunt steinfat  og ei blågrå krukke,  og kasserollane var av aluminium, og slett ikkje tjukkbotna.  Men ei av kasserollane var stor, og vart brukt til å varme vatn i. 

Litt husgeråd

Me måtte  vera varsame, både når me sat med bordet, og når hjelpte til med å bære på og av bordet.  Oppvasken fekk me først vera med å turka, seinare vaske opp. Formaninga var den same:- Ver forsiktig! For gjekk noko i knas, var det slett ikkje sikkert ein kunne kjøpa nytt. Det meste var rasjonert.

Det hende me miste noko i golvet, og det gjekk i knas.. Djupt ulukkelege måtte vi vedgå brøda. Det er ikkje alltid lett for småe barnefingrar å halde godt nok fast. Mor vart nok sint, men det vart med ein reprimande. -Sjå deg for!  Men knuste krusbrot fekk sin oppstandeles i donhuset, det dei var gode nok til å servere syrstilk, vatn og raudkløver i. Såleis vart det nytt liv, inntil dei knustes enno ein gong, og måtte til dei evige krusbrotjaktmarker. 

Mor fortalde at  før krigen,  på Hjelmås, hjå farfar, var dei mange til bords. Åsa, andre kona til bestefar, klaga tidt og ofte over at ho ikkje hadde same sorten koppar  å setja på bordet.   Så far kjøpte henne servise til 12 til jul første året han var i arbeid. Det var stas!

Det tok mange år før me fekk besteservise, men eg trur far kjøpte kaffiservise til 12 først, deretter middagservise rundt den tid tvillingane kom til. Ein måtte jo ha å setja fram til dåpsgjestane, og til denne dåpen var det to, og den yngste var far sin etterlengta gut. - Eg treng berre ein, sa han til mor.    ,  

Ho likna

Me ungane syntes det var eit hendelse i verda med så mange  kaffikoppar, tefat og asjett, med kaffikanne, kakefat og sukkerskål med topp og fløytemugge i same mønster! Dei vart fint handterte, stod på øverste hylle, og brukt i selskap og til høgtider. 

Og fine var dei å sjå på ! Dei var kvite med blå blomar, og gullkant, og hanka var  forseggjort. 

På den tida kokte ein kaffi på kjel, og skulle det vera fint, serverte ein kaffi frå kaffikanne i poselen eller sølv.  Eg hugsar at det var viktig å ha varmt vatn i kanna, så ho var varm. Så tømde ein ut vatnet, og hella varm kaffi over i kanna. Fløyten i mugga  var fløytt av toppen på mjølespannet, og på øskja ein fann sukkeret i, stod det løs raffinade!  Små augo fylgde med, og fekk med seg det meste. 

Når så middagserviset kom i same vakre mønster, men flate og djupe tallerkenar, med potetskål, sausenebb, små og store serveringsfat, suppeterrin med lokk, ja då syntes me at no var alt på stell! 

Og servisa fylgde familien i mange år, sjøl om eit og anna vart knust.  Skal tru om det er nokon som har noko av det enno?



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar