Var alt lettare før? Hermetisering, sylting og safting.



 Alt var ikkje betre før.  Eg har nett sylta og frose jordbær til vinteren, og i løpet av ein ettermiddag  var vinterforrådet sikra og på plass i frysaren.  Så minnes eg korleis mor heldt på med bærhausten. dei fleste  familiar hadde bær- og frukttre, og sylting, safting og hermetisering var var eit viktig og tidkrevjande arbeid kvar ettersumar.  Det var ein del av matforrådet til vinteren.



Å plukke bær var ofte eit barnearbeid, og me hadde vår økt mellom rips- og solbærbuskene. Bringebær .hausta vi og, men etter vi kom til Flossvik, plukka vi hjå Margit og Martin for ein billeg penge. 

Blåbær, blokkebær og tytebær fann me i utmarka

Mor sylta på Norgesglas, Og dei måtte vaskast i varmt vatn og såpe, skyljast og steriliserast. Steriliseringa foregjekk i  steikeomnen, dit alle sylteglas og saftflasker vart lagt  for å oppnå minst 120 grader. 



Når prosessen var kome så langt,  fekk vi borna beskjed om å halde oss unna, for vi kunne brenna oss på varme flasker, glas og  sylta frukt og bær. Dei eldste fekk beskjed om å leike med dei yngste, slik at mor hadde armslag til å ta ut varme flasker og glas frå steikeomnen med gryteklutar, og fylle på varm saft eller syltetøy.



Mor kokte safta, silte henne i klede , tilsette sukker, kokte safta opp og fylte henne på reine og steriliserte flasker.  Korkane var steriliserte, og  dei vart tilslutt lakka på flaskene forat ikkje gjærsoppen skulle vekse, og safta gjære.

Me safta mest av rips og solbær, eller blanda dei to slaga. Solbær var mest antioksidantar i, og 3-4 av dei flaskene var gøymt til forkjølelses-og influensaperiodar om vinteren. Solbæra vart forresten kokt saft på 2 gonger, for ein fekk ikkje ut all safta  i første koking. 



Ein brukte lite sukker. 200 g til kvart kilo, litt meir til rips, litt mindre til bringebær. Når ein tenkjer på kjøpesaft i dag, der målingane viser 1000g sukker pr. liter råsaft, ser ein at det er stor forskjell på  søtstoffet i kjøpt og heimelaga saft.  Ein insitament til å laga safta sjølv.  ( Eit tips: Kall safta juice, så glir ho ned hos kjøpesaftbrukarar! 

Å kome inn på kjøkkenet var altså farleg.  Men vi fekk smake. Mor leverte ut ein kopp eller to med nynkoka smaksprøvar. Safta måtte  skummast, forat ikkje luftboblene skulle lagre gjærsopp, og vi fekk smake. Kjempegodt med lunka nykoka saft! 

Syltetøyet  vart koka, ofte tilsett pektin, og fylt på reine og varme glas.  Så fekk syltetøyet smelta voks på toppen, for å hindre vekst av gjærsopp. For syltetøyet skulle vare til neste år. 


Syltetøyet måtte og skummast, og overfloden smaka kjempegodt på ferske langebrødskiver. Nam, nam, me åt dobbelt så mange blingsar som vanleg !

Hyllene i kjellaren var fylte opp av Norgesglas med ulike typar syltetøy, og flasker med saft.


Ein av sundagsdessertane om vinteren var hermetisk frukt med krem , og mor hermetiserte både eple, plommer og pærer.  Frukta vart kokt i sukkerlake, fylt på steriliserte Norgesglas saman med sukkerlaken.  Ein snudde glasa på hovudet for å sjå  at det ikkje var  luftbobler. Det var tegnet på at hermetiseringa var i orden. 

Her og kunne det verta smaksprøvar, så for oss borna var sylte- og saftesesongen  ei god tid!.

Så kom saftkokaren, og alt vart lettare. Bær og sukker stod og trek
te, og mor fylte safta direkte på varme flasker. Seinare vart safta frose i frysaren. 

Bæra vart blanda med sukker og frysepulver, og frose ned i passe porsjonar. Enkelt og lettvint, og lett å ta att.  Så lettvint er det i dag! Så rart at mange heller vil ha kjøpesaft og syltetøy, eller plukke frå frysen i butikken!  Eit par dagars arbeid, og vinterforrådet er i boks, og mykje sunnare og billegare!



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Sunlight gjennom tidene.

Splint

På gamle stigar- i Husdalen.