Møte på bedehuset


Då du kom inn i gangen tok du til venstre, inn i veslesalen. På høgre sida var det 2x2 dobbeldører inn til storsalen, og  til venstre eit stort smårutete vindauga. 6-7 trebenker med ryggsete, nokre panelovmar  og ein stor etasjeomn var mesteparten av innreiinga.  Ein talarstol og eit orgel  stod på eine kortveggen. 

Bedehuset var sentrum for møteversksemda. Det var mange forreningar som kom dit i løpet av ein haust og vår: Vestlandske indremisjon hadde både barnearbeidarar, ungdomsarbeidarar og emisserar. Elles kom det utsendingar frå  Den indre sjømannsmisjon, Santalmisjonen , Misjonselskapet, Misjonssambandet og Israelsmisjonen. Nokre sende emisserar for ei veke, nokre for eit par dagar, men for ei lita bygd må det ha vore  eit stort løft å ta imot, hyse og gi bidrag til så mange. i løpet av eit år. 

Misjonen var mest spanande, for det var ofte misjonærar, og dei viste lysbilete eller flanellograf.  Dei hadde barnemøter,  og  ofte hadde dei gitar og song enkle songar som barna likte

Veslesalen var oftast brukt til møte. Han var stor nok. Dessutan var storsalen leigd ut, både til småskuen og som interimskyrkje, så det var meir plunder å rydde han og stellt han i stand til samlingar.  Han vart berre brukt til større møte, til basarar, juletrefestar  og når det var større misjonsmøter med lysbilete

Oftast var det rikeleg plass.  Det var sjeldan det var meir enn 20 på eit møte. 

Møta starta med allsong frå Sangboken, og ein ynskte talaren velkommen. Ein song til, og ein av dei mest betrudde medlemmane  innleia med eit ord frå Bibelen, knytt saman med nokre eigne  betraktningar og erfaringar.  Det var herma etter  ein av dei: Det kom så før meg då eg sat borti floren... Men kanhende var det ikkje så rart at openberringa kom der. I floren var det ro og tid til ettertanke, så det var lettare for Vårherre å få menneske i tale.  

Me song ein song til, eller kanhende var det song av talaren eller andre.  Talaren fekk ordet, og las ein epistel frå Bibelen, og la ut om han. Ofte frå Gamle testamentet, som var til lærdom for oss, eller frå eit av Pauli brev. Den store frelsa og vår vesaldom var ofte tema. 




Etter ei avslutande bøn kunne det vera ettermøte på kne, der dei vantruande skunda seg ut for å sleppe å bli tiltala og bedt om å vende om. Det kunne vera vitnemøte, der dei truande leste litt frå Bibelen, eller vitna om noko dei hadde opplevd. Eg skjøna ikkje alltid kvifor det var så mykje  tårer under desse vitnemøta, men trur vel at det hadde noko med at mange hadde lita tid og ro i ein travel kvardag, og difor kjende på tilkortkoming og lite verde for å bringe fram eit vitnemål om Frelsaren. 

Ein avsluttande song, og så gjekk me ut i vintermørket. Etter storvegen lyste  det ein og annan lyktestolpe , eller litt lys frå ein utelampe,  så ein hadde eit slags gangsyn. Men gjekk du markene, som mange gjorde fordi det var kortare, så hadde ein med lommelykt som lyste ein forbi vasshol, røter og steinar på stigen. 









Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar