Båturen som endra livskursen.


 Kva er meininga med livet?  Eg sat på hybelen min i Bergen 17 år gamal, og var oppteken med dei eksistensielle ting. Frå ståstaden min  gjekk det an å skape seg meining gjennom karriere, yrkesvalg, familie og vener. Men kva var den eigentlege meinuinga? Eg tenkte og funderte, og fann ut at det måtte vera Gud og samfunn med han som var meininga.  Hugs at eg  vaks opp  med kristendomsundervisning, statkyrkje og sundagsskule. Eg hadde gått på yngres, og brått stod det for meg at  eg burde gjera eit aktivt val, velge Gud, på ein måte. 

Eg hadde som dei fleste andre gått på yngres før eg reiste heimanfrå på skular. Ho som hadde vore leiar for yngres på Leiknes heitte Sylvia Øvstegård, ( seinare Toppe) og var då  lærar på Osterøya, på sørsida av fjorden. Eg trudde ho budde på Tepstad, men ho budde på Hjelvik, nabobygda lenger inn i fjorden. 

Men eg skreiv eit brev til henne, adressert Tepstad, og spurde om ho ville vera på kaia førstkomande tysdag, for då ville eg besøke henne. Såg eg ho ikkje, så reiste eg heim til Leiknes.  Brevet var adressert til Tepstad, og postopnaren ringde Sylvia og fortalde at det var brev til henne.  Ho fekk det, og sto på kaia då rutebåten la til.  Me gjekk den halve timen heim til henne, og  vi åt middag og prata om laust og fast.  

Så kom eg fram med ærendet mitt, og ho las nokre velvalgte ord frå Bibelen, før me bøygde kne.  Det var ikkje mykje eg bad, men eg hugsa eg takka " for freden eg kjende i stad". 

Eg reiste til byen att morgonen etter, og  vandringa som kristen tok til. Ei viljesvandring var det nok, etter som omvendinga mi var drive av fornufta, og ynskje om eksistensiell orden på tilværet. 

Omvendinga mi vart ikkje motteke med stor entusiasme heime. Sigmund , som på den tida bekjente seg som ateist og gudsfornektar, såg det heile som eit personleg nederlag, trur eg. Mor sa noko som: " er det det du vil, so....."  Ho hadde som motto at me måtte velja livet vårt sjølv, om det gjekk på tvers av hennar ynskje. 

Heime vart det mange konfrontasjonar og mykje diskusjonar, lite visleg frå alle partar. Det var ikkje enkelt å fronte ei ny tru, og det var ikkje enkelt for andre at tenåringen ikkje hadde blitt særleg heilagjord gjennom frelsesopplevinga si.  Innimellom diskuterte og krangla vi , og eg  slo med dører  og  tok til tårene.  



Eg kjøpte meg nynorsk Bibel, og etterkvart Sangboken, indremisjonen  si offisielle songbok.  Atonalt song  eg medan eg strauk klede og vaska opp. 

Eg visste at eg måtte gå i bedehuset, for dit  gjekk dei kristne. Så neste møte der troppa eg opp. Eg gjekk vegen opp  forbi Leiknesgardane, og syntest så tydeleg at i kvart vindauga stod det folk, og at alle visste at no skal ho Britt i bedehuset.  Eg var ålsveitt då eg endeleg nådde fram til bedehusdøra.  

Folket der  tok imot meg , og møtet gjekk sin gang. 

Bedehuset i dag


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar