Yngresleiar

Så var eg blitt leiar i yngres. Det hadde seg slik at lærarvikaren Johanna  reiste vidare etter sine to år på Leiknes, og då var plutseleg  yngres også utan leiar. Det var ikkje mange å ta av, og assosiert medarbeidar Britt rykte opp, med  Magne Angelskår som  hjelpemann. 

Yngres var ungdomsarbeidet i indremisjonen  då eg var ung. Det var for dei i alderen 12-16-17, og hadde eit litt lettare form, med leikar, opplesing, tale og song.  Det er vel litt likt det som i dag heiter Tweens. 



Lite hadde eg greia på det eg gjekk til, og i byrjinga var det  mykje leikar og konkurransar. Stemninga vart ofte høg, uroa like så, men roa senka seg til den 10 minuttar lange andakten eg held. Me hadde eigne songbøker til yngres,. eit lite hefte med raudt omslag, men kva det heitte er ute av minnet no. Songar var eg ikkje, men så vidt eg hugsa kunne Magne ta opp tonen, så vi song det vi var gode for. 

Vi heldt til i veslesalen i bedehuset, og han måtte varmast opp. Eg kom heim laurdag ettermiddag , for det var enno ikkje 5 dagars veke. Etter ein time eller to  gjekk eg ofte gjennom marka frå Flossvik for å setje på omnane, eller fyre opp i omnen. Det vart lite tid heime, så etterkvart overtok dei i Myrane å setje på varmen, til glede for alle partar. 

Det var mange ungdommar  på møtene. Dei fleste i aldersgruppa gjekk der. Det var jo ikkje så mykje anna å ta seg til ein laurdagskveld. Eg har jo høyrt i etterkant at ein del av dei som gjekk på yngres brukte å møtast der, for så å planleggje vidare utferd på dans, men det var eg lukkeleg uvitande om den gongen.


                                                               Ill.foto

Var det tilreisande emisserar, var dei ofte med på møtene, og held andakt og song. Misjonærar fortalde om arbeidet i fjerne land, og viste lysbilete eller film  frå verksemda deira. 



Ein gong var den unge emisseren Bernt Falkum med. Han var utsending frå Vestlandske indremisjon, og verka ei tid i Nordhordland indremisjon. Han var eit brennande vitne , så han gjekk ut og tala med ungdommane, og etterkvart kom han inn med 4 som ville bli frelst. Vi bøygde kne, og dei 4 tok imot Jesus, som det heitte. 



Det vart litt meir fres på yngresmøtene etter dette. Dei nyfrelste vitna, og las frå nytestamentet, og fleire ungdommar vart med. Raknestunet på sørsida av Osterfjorden , hadde nett opna.  Ein del av oss reiste dit på leir, og slik vart gløden og gudslivet halde oppe hjå fleire. 

Nokre vart freista av den flokken som drog på dans, og valde, i alle fall for ei tid den breide veg vidare i livet, men nokre held ved  kristentrua og er på den vegen i dag og. 

 Yngres hadde eiga julefest i nokre år, med utanbygds talar, påsmurde brødskiver, kakao og juletregong. 


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar