Raknestunet- litt om leirstaden og leirar på 60-talet.


Raknestunet ligg på Osterøy, idyllisk innst i Raknesvågen. Du kjem dit med buss, eller med småbåt frå andre sida av fjorden. 

På nettsida deira står det : Til no har møtesal, matsal, peisestove og aktivitetsrom vore samla på ein stad, saman med kiosk og internat. Det er 22 rom, og eigne bad. Det er plass til 5 på romma. Bygget ligg fint til ved ein våg. Eigen kai, eige naust med båt og kanoar. Tarzanløype, badestrand, trampoline og plass for ballspel.

Raknestunet vert dette året renovert, og sett i stand til å  møte nye generasjonar barn og unge.  Korleis det går til, kan du lese på Facebooksida (5) RAKNESTUNET NEDOPP | Facebook


Raknestunet slik eg hugsar det, stod ferdig i 1965. Det var ei storsatsing  frå Nordhordland indremisjon, der dei satsa på ein leirstad for heile krinsen. Før hadde leirane vore haldne kring om i bygdene, med møtene på eit bedehus og innkvartering rundt om i heimane. Søskenbarnet mitt, ho Oddveig var med på slike leirar, og kom att og fortalde både om overnattingar, turar etter vegane  mellom møtene,  og møter som gjorde inntrykk. Eg spurde vel om lov til å reise, men heime var det lite syn for denslags. Både møteverksemda og innkvartering gjorde at svaret var kontant nei. 

Etter att eg hadde fått mitt livsforvandlande møte med Jesus, vart eg etterkvart yngresleiar sjølv, og  vart hjelpeleiar på fleire leirar. Yngreslaget sponsa ofte turane, slik at fleire kunne vera med.  Me reiste ofte med motorbåten til Magne Angelskår , "Slaven" ;  over fjorden frå Leiknes til Raknes, og gjekk i land på kaia. Der var det 5-10 minutt til tunet. 


                                           Leirminner frå 80-talet

Sovepose, ryggsekk eller koffert, spenning og litt eventyrlyst var med på lasset. Me vart innkvarterte, og mange leirdeltakarar kjøpte leirminneboka, eit lite hefte med råd og reglar, songar  plass til referat, og ikkje minst plass for å skrive minne, og namn og adresse på sine medleirdeltakarane. 

Møtene var i peisestova, med fin utsikt over fjorden. Det var bibeltimar, gruppemøter og kveldsmøter, bønnemøter og  uteaktivitar.  I førstninga var ikkje tunet heilt ferdig, og mykje vart då som no gjort på dugnad. Etterkvart gjekk det seg til. 


                                            Eldre utgåve av HR

Bibeltimane var ei grundigare innføring i trua, der ein ofte tok notatar av det som var sagt.  På gruppemøtene bearbeidde ein stoffet i mindre grupper, og på kveldsmøtene var det tale, sang og ofte innbyding til frelse. Eg minnes eit møte med Henrik Røykenes der Anden var så sterkt til stade at du såg korleis den enkelte deltakar fekk eit personleg møte med Jesus. Det var roleg og stille, men eit sterkt gudsnærvær.

Mange fekk livet og livskursen endra under slike kveldsmøte.

Andre gonger kunne jubelen stå i taket, når ein hadde konkurransar og tevlingar, og gruppene konkurrerte mot kvarandre i kunnskap eller med praktiske oppgåver.  Ein henta ting på bokstaven S, fann pinnar og sko nr. 36,  sang unisont eller fann bibelvers. Beste gruppe vart premiert, sjølvsagt! 



Matsalen fyltes opp, og bordverset ljoma før ein tok føre seg.  Best hugsar eg raspeballmiddagane, med steikt flesk attåt. Då gjekk det mange. Leirdeltakarane hjelpte til med  borddeking  og oppvask, og det gjekk unnan, før ein  fekk si fritid. 



Det skulle vera ro i 11-tida om kvelden, men ofte vanskeleg å få det til. Prating, kviskring, fnising og latter lydde ofte. 6- 8 plassert i køyesenger var ikkje alltid lett å stilne.  Så var det dei som "måtte" på doet ute i gangen, eller lurte seg inn på gute/ jenteromma  på besøk. Det forbudte er jo alltid spanande.

Men leirleinga hadde råd. Det var premie for ro og orden på romma, og det kunne jo og vera freistande å få del i den ære og heider det førte med seg. .  Men som hjelpeleiar var eg ofte på besøk på dei romma der folk var mest urolege ,  og  vart sitjande å prata. Me fekk mange fine samtalar, og bygde gode relasjonar i slike kveldstimar. Spørmål om tru og tvil, om framtid og notid diskuterte me.  Det var mykje adrenalin, spenning  og kribling som skulle stilne før John Blund endeleg kom.  Morgonen etter var det verre å kome seg opp når  det var vekking. For ikkje å snakke om morgonen når det var heimreise. 

Men minner var det mange av, nye venner hadde ein fått, livskursen kunne vere endra  og sove kunne ein gjere etterpå, heime. Vi vinka og klemte, tok soveposen under armen og kofferten med leirminneboka i handa.  For oss på nordsida låg  "Slaven" og Magne Angelskår og venta ved Rakneskaien, og tøffa oss sakte men sikkert  tilbake til Leiknes. 

Fint å vere på leir, då som for barn og ungdom i dag! 

For interesserte som vil  vite litt om leirlivet på Tunet   på 20-tallet: 

https://www.facebook.com/raknestunet/photos/a.10153056679851601/10153615526621601/



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar