Take me to the stars.


Heile veggane var dekorert med utklippsbilete av filmstjerner og andre celebriteter. Mor lika det ikkje, men gav opp " Du får vaske ned veggane etter deg," var beskjeden eg fekk.
Me samla på bilete av filmstjerner.  Alle vekeblad hadde bilete og artiklar om desse populære skapnadane, og me las og klypte ut. Dei færraste hadde fjernsyn, men film var det å sjå, både på bygdekinoen og på kino i byen, og me fylgde med på det vekeblada let oss vite om gjøren og laten.




Grace Kelly som hadde ei lysande karriære, men gifta seg med ein monacisk prins og fekk tre søte barn. Gina Lollobrigida som var frå slummen i Italia , og klarde å bli berømt skuespillerinne.  Vi syrgde over Marlyn Monroe som tok livet sitt så altfor tidleg, men vekeblada let klokeleg være å fortelje om den amerikanske storpolitikken ho kunne vore involvert i. Dei mest vågale nemnte vel at ho skulle ha kjent Kennedy.
James Dean med dåreblikket døydde også så alfor tidleg. I ei bilulykke. Med sløra dåreblikk såg han ned på senga mi. Men eg sov søtt, trøytt etter dagane.

Charlie Chaplin var ei fallande stjerne, men det hang eit bilete av han med alle barna borte i ein krok.
Elvis hadde dåresleik, og såg imponerande sensuell ut, syntes eg, og ikkje minst Cliff Richard, den vakre ungkaren med bandet the Shadows, og  Living Doll smilte glad. Han vart jo etterkvart kristen, og kunne vera eit ordentleg idol.

Zsa Zsa Garbor hang der saman med systrene sine, kome fra Ungarn under krigen. Ho  hadde ei lysande karriære, og gifte seg mange gonger. Vekeblada fylgde opp, med kor uheldig ho hadde vore i valg av ektemenn, og kor  lukkeleg ho var no.
Det var i det heile kor uheldige desse skodespelarane og -innene hadde vore med valg av ektemake, og kor lukkelege dei no var med mannen nummer fem eller seks. Borna deira var veloppdragne og velkledde, og såg ut som dei aldri hadde opplevd ein dårleg dag i heile sitt liv. På 70-talet lærde vi litt om baksida av livet deira og borna, men det var enno framtid.
Bileta vart limt opp med nyvinninga tape, og klipt ut av vekeblada. "Det nye" hadde midtsidebilete av skodespelarar, og dei teke ut og vart limt opp på vegger og dører inne på rommet.

Eg nemner i fleng, og kunne tatt med mange fleir: Audrey Hepburn såg på deg med dådyrauga sine og  ho hadde kort, mørkt hår, tjukke øyenbryn og ein slank kropp, og vart snart eit ideal for kvinner over heile verda.
Doris Day spela og song, og hadde fleire filmar som vart store kassasuksessar. " Alle filmer endte med at Doris Day og Rock Hudson vandret hånd i hånd mot solnedgangen. Og naive som vi var, trodde vi det var sånn det kom til å bli.. " skreiv Kristin von Hirsch i Barndom på 50-tallet. Det var så sant, så sant. Vekeblada fortalde om eit liv langt frå oppvask, bleieskift og ungemas, der den utkårede såg på deg med eit vinnande smil, gav deg roser og bar deg på hender. Ingen kvalme, oppkast og pengemangel der i garden!
Brigitte Bardot hadde ein naturleg ynde og eit vinnande smil i den første tida, og romansen med Roger Vadim fekk stor spalteplass, til den gjekk over i historia., og ho fann seg ein annan. 

Den vakre Liz Taylor smilte frå fleire stader i rommet.  Eg lærte at ho var gift med 8 menn i løpet av livet sitt, så også ho levde opp til statistikken bruk og kast.

Den einaste som var eit hederleg unntak var Pat Boone. Han låg som nr. 2 på hitlistene etter Elvis Presley, og spelte inn tallause songar og nokre filmar., April Love er ein av dei mest kjende frå den tidlege karriera si. Men han var tru mot kona si, fekk 4 ungar og engasjerte seg på kristenfronten.  Eit ideal, med andre ord.
.
Nokre svart-kvitt bilete var det og : Hjallis og Per Ivar Moe hang i eit hjørne . Dei måtte vera med, men skein ikkje på same måten som fargebileta av film- og sangstjernene. 
Då eg flytta heimanfrå, måtte eg ta ned herlegdommen. Stjernene vart falda saman. Nokre kasta eg, og eg reknar med andre forsvann i stillheit ein mandagsmorgon etterat  eg hadde reist tilbake til hybelen.. Eg sakna dei aldri. 
Men det var litt av eit arbeid å vaske ned 4 vegger full av taperestar!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar