Ein tur gjennom Mundalsberget på 50-talet.






Far var entrepenør. Han dreiv med mange ting, og etterkvart fekk han seg kompressor og boremaskin, og bora kjelder, skaut husagrunnar og på slutten av livet tok han på seg  anleggsoppdrag og laga vegar, mellom anna Sauvågvegen som bind saman Hjelmås og Fyllingsnes. Han var av dei som skaffa seg arbeid, og var ikkje redd for å ta i eit tak eller gå ei ekstra mil for å skaffe seg noko å gjera.

I 1955 var det ingen Mundalsbergtunell, og ferja gjekk enno om Isdalstø.
Bestefar hadde slekt på Nepstad, og eg trur det var gjennom dei at far vart hyrt inn for å bore ei kjelde. Men i den tid var Nepstad veglaust, forbunde med Gjervik med veg, men ingen veg til Knarvik, og vel heller ikkje opparbeidd veg til Isdalstø. Skulehuset låg oppunder fjellet, i ei ur utan skuleplass, med berre ein vesal stig, som  krøttera ikkje eingong gjekk,  men som leidde til skulen. Lokale myndigheiter hadde målt opp avstanden til Isdal, Nepstad og Gjervik, og visleg plassert skulehuset midt mellom ytterpunkta!
Så skulle du ha maskiner til Nepstad, måtte du bruke båt! Kompressor, boremaskin, slangar, bor og alt som trengtes, vart transportert til kaia på Leiknes, og heist ombord på lasteskøyta. Var det Nornen, båten til onkel Kåre tru?
Som eldstebarn og farsbarn skulle eg vera med. Dette var spennande, sjøl om eg no ikkje hugsar så mykje av båtreisa. På kaia på Nepstad vart kompressoren, boremaskina og alt det andre far trong, heisa på land, og eg trur det var hest som drog reiskapane oppover dei bratte bakkane frå kaia og opp til garden der arbeidet skulle foregå. Eg trur me vart bedne inn på kaffi, men far hasta litt, for me skulle heim att, og då måtte me gå Mundalsberget.
 Der fans det ein stig, og der det var bratt og ulendt, var det lagt til rette med heller, og det var eit par stader det også var  så bratt at det var slege ned jernstaurar i berget, og trekt kjetting mellom, slik at du kunne halda deg fast. Eg reknar med at jernstaurane var slege inn i ei tid då ein brukte hamar og meisel. Det var i alle fall eit vitnemål om at det hadde vore folk som hadde gått her før, og at det hadde vore samkvem mellom mellom Dalebygden og Nepstad i tidlegare tider, sjøl om mesteparten av hopehavet gjekk via båt.
Far og eg tok vegen gjennom utmarka, og klatra oppover. På dei verste plassane held han meg i handa. Det var svell nokre stader, for det gjekk mot haust, og skyminga seig på. Far hasta på for å kome over dei brattaste og farlegaste stadene før det vart mørkt, og då me var kome over det verste, sette me oss ned og kvilte. Me åt  litt niste også der me sat. Far fortalde om vinden som kunne koma ned gjennom bergskorene i Djupedalen,  og skape kastevindar på fjorden. Det kunne difor vere farleg å reise med robåt når vinden kom frå nordvest, og fleire hadde kolsigla.
Det var fint å sjå på fjorden denne kvelden,  og på andre sida såg me  alle lysa frå husa på Hamre, og skimta også Tepstad. Vi kom nedatt på Mundal, og gjekk utmarka heim til Leiknes. Det var månelyst, så det var  ikkje så mørkt at me ikkje såg kvar me gjekk.

Eg var sliten då me kom heim, men syntest eg hadde opplevd mykje! Det var fåe av venene mine som hadde hatt ein slik tur.
Og far gjekk gjennom Mundalsberget for å arbeide med brunnen på Nepstad.
PS. Då eg gjorde research til dette innlegget, fann eg fylgjande fra 2002: Mellom tunnelåpningane går det ein gammal sti som framleis er godt farbar. ( Naturbase Miljødepartementet). Men er han farbar no, nesten 20 år etterpå?  Kanhende noko har gått stigen i seinare tid?  Hvis du ser på kartet nederst på linken, ser du kor kort veg det er mellom Mundal og Nepstad! 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar