Påske.


Mor tok inn bjørk og selje til påske, og sette dei til spiring. Dei  små knoppane spratt ut, og lysegrøne små lauv og pusekattar pynta bordet. Etterkvart hadde vi også gule små kyllingar i riset. Me ungane syntest det var stas med påskepynt.
Mor pynta med dukar, ikkje alltid gule eller grøne, men broderte løparar og dukar som signaliserte at no var det helg, ikkje kvardag.
Påska var ei kristen høgtid, og sjølve påskedagane var det helg. Men dei fleste arbeidde i den stille veka, og nokre var og på arbeid påskeafta og. Far var sjølstendig næringsdrivande, så det var sjeldan han tok seg fri anna enn helgedagane.  Påskeafta var halv dag, som julafta. Men det måtte arbeidast om det skulle bli inntekt til ein veksande familie!
Det var gudsteneste på Hamre 1. påskedag, og det gjekk motorbåt dit. Det var vakkert og samtidig høgtidssamt . Hamrekyrkja med sitt brunbeisa ytre, med restar av mange måla bilete på veggene og innetrebenker. Det var døypefont frå middelalderen, og eit kor med altertavle frå 1600-talet. Preikestolen hang høgt oppe på veggen, og skapte avstand og ærefrykt når presten stod der.Orgelet var stort og tona i heile kyrkjerommet, og liturgien gjorde det ekstra høgtideleg å sitja der.
Elles var det ofte gudsteneste i bedehuset på Midtgard skjertorsdag eller langfredag: Då heitte huset  interimskyrkje, og bedehuset hadde eit meir høgtidssamt preg. Dørene var slått opp til veslesalen, orgelet var i bruk, det var alter med alterduk, bibel, kalk og nattverdsbrød, og presten brukte preikestolen. Den vesle altarringen hadde  enkeltkalkar til nattverden.
Det var ofte møter i bedehuset på kvelden, og ofte møteseriar på ulike stader som Seim, Vassbygda , Kløvheim eller Eikanger, der folk frå ulike bygdelag reiste. Det var og  leirar for yngre på eit eller anna bedehus i Nordhordland. Det gjekk på omgang år for år, og ungdommen overnatta privat, men hadde møter i bedehuset. Spanande og interessant å møte folk frå andre bygder! Seinare kom Raknestunet på sørsida av Osterfjorden, og vart samlingsplass for ungdom på kristne leirar.
Det var ikkje noko dans denne helga, for det var rekna som heilagdagar, og respekten for det kristne var stor. Eg trur lovgivinga var slik og.
Byfolket kom på påskeferie. Nokre hadde hytter, og andre leigde seg inn hjå slekt og vener.  Dei kom med dampen, og steig i land med mykje pargass, med ryggsekker, koffertar og kassar, og skapte liv og røre på den vesle kaien. Det var viktig å få gå til dampen slike dagar, og få med seg det som hende! Gardbrukarar var det med hest og kjerre og tok med eit lass, andre brukte sykkel eller handkjerre for å frakte det dei trong til påska.
Snøen var som regel borte, og dei ferraste reiste innover fjorden eller til Voss dit snøen var, for kommunikasjonane var meir tungvinte enn i dag. Ein heldt seg heime, og vitja heller slekt og vener.
Mor bad ofte slektningar på middag eller kveldsmat ein av dagane, og me kunne også bli bedne bort til slekta. Det var meir ro, og me hadde tid til å møtast.
Me ungane var glade for fridagane, og brukte dei til leik, til å vitje vener og til å vere med far på arbeid. Vi reiste på overnattingsbesøk til kusiner, og tok oss turar for å leite etter dei første vårteikna. På Vestlandet er det kvitveis, og det var lukke å finne dei første spede knuppane, og bere dei inn og setje dei i eggeglas. Kvar gong du såg på kjøkkenbenken, visste du at våren og sommaren ikkje var langt unna!



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar