Bilprat. Slikt eg hugsar frå 50-talet.

Ikkje vår bil, men same typen - No har eg fylt bensin og peila olja! Glad og stolt kom 9-åringen inn og fortalte om bragda si. Far var heime midt på dagen i dag, og åt middag før han drog på arbeid att. Han hadde køyrt Opel Blitzen inn i garasjen, og eg hadde fått i oppdrag å fylle på tanken. Same pumpe, men Shell, ikkje BP Eg hadde site på stigetrinnet og pumpa bensin fra fatet og opp i 5 litarsbehaldaren på veggen, før eg sleppte innhaldet ut i slangen som stod i bensininntaket på bilen. Då tanken var full, hadde eg funne ei gamal fille, lyft opp panseret, teke ut oljestaven, turka av han, stappa han...