Bilprat. Slikt eg hugsar frå 50-talet.

                                                     Ikkje vår bil, men same typen
-
No har eg fylt bensin og peila olja! Glad og stolt kom 9-åringen inn og fortalte om bragda si. Far var heime midt på dagen i dag, og åt middag før han drog på arbeid att. Han hadde køyrt Opel Blitzen inn i garasjen, og eg hadde fått i oppdrag å fylle på tanken.
                                                      Same pumpe, men Shell, ikkje BP
Eg hadde site på stigetrinnet og pumpa bensin fra fatet og  opp i 5 litarsbehaldaren på veggen, før eg sleppte innhaldet ut i slangen som stod i bensininntaket på bilen. Då tanken var full, hadde eg funne ei gamal fille, lyft opp panseret, teke ut oljestaven, turka av han, stappa han nedatti og målt olja, slik eg hadde sett far gjere. Eg  syntes eg hadde gjort karsverk( kvinnesådant var ikkje oppfunne enno).
Far hadde lært meg ein del om bilvedlikehald, og andre ting lærde eg av å gå i hælane på han når han arbeidde heime og ute. Eg kunne setja på lyset og tenninga på bilen, og visste tidleg  kvar gass, klutsj og bremser var plassert.
Stundom fekk eg sitje mellom knærne hans og styre, medan han brukte pedalane. Det var stas, men mor lika det ikkje særleg-. Men dette var i den tida når ungdom kunne lære å køyre bil heime, og så reise til bilsakkyndige å få sertifikat .Så eg skrytte til jamaldringar om at eg kunne køyra bil, sjøl om det var eit stykke frå sanninga.
Nytte av å kunne bremser hadde eg og. Ein gong var bilen plassert på ein topp, og to av oss ungane sat inni.Far var inne i huset og snakka  med ein kar, og bilen tok til å trilla, uvisst av kva grunn. Kanhende hadde bremsa rista laus, eller så stod ikkje bilen skikkeleg i gir. Men eg visste kvar handbrekket var, fekk åla meg dit, og fekk drege det på. Bilen stod fjellstødt då far kom ut att. Han var nok glad han hadde lært opp storejenta si!
På den nye bilen hadde far retningsvisar på båe sider. Skulle han svinge, så brukte han ein pendel på rattet som han flytte opp eller ned for høgre og venstre. Det var heller ikkje uvanleg å bruke armen ut vindauge for å signalisere at du skulle svinge. Vi ungane syntest det var moro å få strekkje ut armen i eit vegkryss. Men det vanlege var å bruke retningsvisaren, og sat du nær sjåføren, så fekk du prøve pendelen, og så var du litt som sjåfør, du også.
Fløyta var flittig i bruk. Far helsa med ho når han køyrde forbi nokon han kjende, brukte ho visst han var sein til ferja og ville at ho skulle vente. Fiskebilen og brødbilen fløytte for å signalisere at dei  kom for selje produkta sine. Folk fløytte  om dei stod ved pumpene og ville kjøpe bensin, og far brukte fløyta for å få kontakt med folk inne i husa han besøkte, om han hadde det travelt.
Når du køyrde i mørket og møtte bilar eller folk, måtte du blende. Billysa var skarpe, då som no, og ubehageleg å få i augo anten du køyrde eller gjekk. Blendingsknappen var på golvet, til venstre for dei andre pedalane.

                                                                 Kjenningssmerke R
Alle bilar hadde kjenningssmerke. Det var fylkesvis, der A var for bilar registrert i Oslo, R var for Hordaland  og S var Sogn og Fjordane. Bilar med med V eller W, var frå Nord-Noreg, Korkje A eller W registrerte bilar såg ein i vårt område i min oppvekst. Men vi skreiv kjennemerke på bil, det gjorde vi. Vi tok bilnummer når vi sat i vegkanten, når vi køyrde og når vi var på ferja. Då fekk vi ein del O merke- bilar frå Bergen. Eg trur eg hadde over tusen nedskrivne bilskilt før eg gav meg, og det var mykje i dei dagar.
Vi tutla jo elles  i helane på far når han vedlikeheldt bilen, og mykje fanga vi opp, i alle fall eg som var eldst.


Batteria måtte ein sjå etter, for dei skulle vera vatn på.  Det gjekk ikkje med vatn frå springen, for då ville alt bli øydelagt. Far hadde ei flaske med destillert vatn, som han tak om til fylte på elementet. Det var artig å vere med, stå på stigbrettet og sjå når han skrudde av korkane og fylte opp.
Det hende at batteri gjekk tomme for straum, då som no, og då måtte ein annan bil køyre bortttil, og så måtte ein bruke ladar, med rett pol mot rett pol medan bilane var igang, for å få opp spenninga på batteriet. Var polane fulle av kvit eller grøn eire eller irr, måtte dei gjerast reine for å få full effekt av batteriet.
 Nipplane måtte smørjast. Far brukte olje på oljekanna der det trengtest, og  smurning eller griis( grease)  som me sa, for å smørje andre stader. Små barneaugo fylgde med på det som vart gjort, snakka vakse om vedlikehald av bil og visste korleis ting skulle gjerast. Men griisen var ekkel, så han villeg ikkje ta i, anten han var i spann eller i griiskoppen.
                                                             Litt nyare kjetting
Piggdekk var det ikkje, så når holka kom, som ofte på Vestlandet,  var det på med kjettingar. Dei måtte måtast og ordnast, og ofte var det ei glose som kom frå den elles så tolmodige far min før han kunne rygge bilen til og festa metallringane, så bilen hadde veigrep.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar