Skreia på kjelke


Du kunne skreia på skorne dine. Var det glatt, og du hadde beksaumsko, så gjekk det greitt nedoverbakke, og du fekk øve opp balansen. Me skreidde også på svedl, og brukte både sekker, bru fjøler eller kjelkar, regntøy, men plast var enno ikkje oppfunne.
Men mest av alt brukte me kjelke når me skulle ut å skreia oss.
Frå dei første fjomene av snø var me i farta, og som liten var det ofte ein drog ut kjelken medan det enno var mykje grønt på bakken, og prøvde å få glid.
Så fall snøen, og du kunne hente fram kjelken. Min var lakka, og hadde først plass til to, fordi det var sete på han. Seinare tok far vekk setet, og då vat det plass til tre . Eg hugsar onkelen min skreidde med kjelken, og hadde syster mi på. Ho var så liten at ho sat i pose. Han greidde ikkje svingen nedanfor huset vårt, og dei ramla utfor. Heldigvis ikkje meir enn vel ein meter høgt, så det gjekk bra.
                                                                 (illfoto)
Du brukte kjelken på butikken, men han var ikkje så eigna korkje til mjølkespann eller langebrød, så det beste var å ake i  Hannisdalsbakkane , eller bakkane heimifrå og ned på storvegen. Då fekk ein fart, og det kunne sjoga om øyrene. I Hannisdalbakkane samlast me frå heile Dalebygden, og det var både krybber og kjelkar, både små og store. vi gjekk til toppen, og skreik : - Unna veg , eller det litt meir uhøgtidelege: Fløtt deko, før me sette utfor. Stod nokon i vegen då, var det verst for dei!
Me batt saman kjelkane og krybbene, og sørgde for at dei som gjekk fortast og drog mest var først i rekkja. Då var det berre å halda seg fast, for det gjekk så det susa. Når føret var best, var vi nesten på storvegen.

Så var det å dra kjelken på nytt, og setje utfor ein gong til. Av og til tok me ein pause, sat på kjelkane og  tala om kven sin som var best, om skule og lekser, og om ting som skjedde i bygda. Vi saug på snøklumpane på vottane, og tørka oss under nasen med dei same vottane. Kanhende var det så varmt at vi tok av huva ei stund, men visste vel at ho måtte på hovudet att, for kven ville bli forkjøla når ein hadde slikt herleg vinterver?
Me drog kjelkane oppoveratt, med beksaumsko på føtene og nedbretta leistar i skorne, med strekkbukser og anorakk, og ein god varm ullgensar under. . Det var ingen som fraus, og skulle nokon kjenna ei ising av kulde, var det berre å dra kjelken, så fekk ein varme i seg att.
Kram snø freista til snøballkrig, og det kunne gå hardt for seg ei stund, og dei fleste jentene trekte seg unna. Så var det ikkje artig lenger, og den første ropte av vegen oppe frå toppen.
På vinterdagar og kveldar samlast dei eldre borna seg for å skreie i vegen. Då var det best å bruke Sudmannsbrekka , eller gå heilt til Hopsdal og skreie ned til kaia. Det var om å gjere å kome lengst, så ein sprang litt i byrjinga for å få fart, akkurat som dei profesjonelle akarane gjer i dag. Bilar var det lite av, og du såg som regel både folk og fe i god tid.
Heimatt kom me, snøfulle og avog til våte. raudkinna og svoltne. Snø var herleg, og vonleg vart det ein liknande dag i morgon, om ikkje veret slo om til regn og væte.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar