Svedl og isjokklar





Det var ikkje alltid så mykje snø i min barndom, men isjokklar var det mykje av. Dei hang frå ufser og tre, frå berg og steinar, og ein vart som barn alltid freista til å ta seg ein tapp og suga på. Mor likte det ikkje, for ein kunne bli sjuk , sa ho.  Men me trudde ikkje heilt på det ho sa, og braut oss ein ny pinne, og saug i veg. Bakteriar kunne det i alle fall ikkje vera ho var redd for, for dei måtte jo vere vel nedfrosne. Men litt kalde i magen vart me nok etter nokre isjokklar.

Svedl var det overalt, små som store. Bortanfor bestemorshuset, på vegen opp til Jærfjellet rann det ein liten bekk ned til den litt større bekken nede i dalen. Der var det ofte svedl. Onklane mine tok me dit for å skreia. Me brukte fjøler, og gamle regnfrakkar. Hu, kor det gjekk!
Hadde det snøa, så var det om å gjere at du var lokalkjent. For svedl med nysnø over var ikkje å spøkjast med. Då  vart det lett knall og fall.  Men me børsta av oss snøen, og merkte oss staden. Neste gong gjekk me utanom.
På svedl kunne du skreia på skorne, og det gjekk så det kvein! Det var vel heller ikkje fritt for at vi sette oss på baken og skreidde nedover, men svedla var ofte våte, så det vart kaldt og vått bak. Om ein ikkje kom seg heim og bytte, så var det fare for blærekatarr. Det var sviande vondt, så det ville ein helst unngå.

Men svedla måtte prøvast, og på vegen heim frå skulen var det svedl både ned til Lona og i Myramarka. Ja, det hende vi tok omvegar til Kleivamarka for å få utnytta svedlkapasiteten. Vi brukte skorne, eller la oss på regnfrakken. Mangla vi anna, kunne vi skreia på baken, eller bruke ranselen. Det gjekk framover, og tida gjekk. Vart me svoltne, fanns det alltid ein isjokkel å suga på.  Det kunne mørkna før me fann heim att, trøytte, våte og lukkelege. Vi hadde brukt kroppen, meistra og hatt det fint.
Ja, Myramarka var full av svedl. Der det no er gråe hus, der var det svedl, så store at det var vanskeleg å gå utanom. Du måtte berre setja utfor, og rekna med at det gjekk bra. Som oftast gjorde det det.  Det var desse blindsvedla som kunne gjera litt skade, særleg om me hadde ski. Men som oftast helt me balansen då og.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar