Gå til hovedinnhold

Trøste og bære: Ingen plastposar!


-Har det ikkje alltid vore plastposar? Spørsmålet kom frå ein ungdom. Svaret er, som me over 50 veit:- Ikke alltid.  Ein har ikke alltid hatt plasbytter heller. Men vi bar mykje, og var ofte sterke i armane.
Her kjem eit lite oversyn over kva me bar i, så langt eg hugsar . Det fanns nok meir.


Kipa har ein tett botn av tre, som det er festa loddrette spiler til. Rundt desse spilene er det fletta tynne sponer eller kløyvde kvistar. 



Kipa var eit bæreredskap som først og fremst blei  brukt der topografien var vanskeleg og jordlappane spredt. Det meste kunne transporterast  i kiper; Nokre kiper var laga for å bære høy, mens andre vart brukt  til frukt og poteter. Ein kunne også frakte fisk  i kiper. Husdyrgjødselen kunne og bærast i kiper ut på jordet. (Store norske leksikon)

Vi ungane hadde ransel, og han vart tømt for innhald, og kunne brukast når me skulle ha med oss leikesaker når me vitja vener, eller skulle på overnatting. Ein måtte vera forsiktig med den, for papplata som gav støde for ryggen, kunne lett få ein knekk.






Mange av oss hadde dokkekoffert som me brukte når me var på venninnebesøk. Han var fin til å frakte dokkeklede, gnav, papirdokker og glans i.

Til  butikken brukte me handlenett, som var sydd eller hekla.  Dei hadde  sterke hanker og tolde vekta av langebrød, sukker og middagsmat.  Dei var fine å bera i, og hadde plass til mykje. Handleveska var og i bruk. og kunne plasserast bakpå sykkelen, og held seg som regel på plass om du ikkje sykla for fort. I sine velmakts dagar var det glidelås på ho, men ikkje alle glidelås vara livet ut, for å sei det slik. 

Dei som ikkje hadde innlagt vatn, henta det i brunnen ute. Dei brukte vasssele, eit slags åk der dei festa ei bøtte på kvar side Det var lettare å bera enn å ta bøttene i hendene og du fekk meir med deg  Når dyra skulle brynast, var det ofte brukt vassele. Bøttene var ikkje av plast, men av sink, sjølvsagt, og var tyngre, dei og.

Koffert brukte ein på reiser, men mange hadde med seg koffert når dei skulle til byen å handle. Han tok mykje, og var grei å ha med seg. Skuledirektøren, som i dei tider var frå Hodnesdal, brukte koffert når han kom til Leiknes i helgane, vert det fortalt.

Ryggsekken  kunne brukast på handletur på bua, på tur til byen, og  byfolk brukte han på turar på landet, og han vart brukt på fjellturar.
Den grå celebriteten var i bruk til mykje, og dei fleste heimar hadde eit eksemplar av Bergans meis. Ein fekk plass til mange ting, og han var lett å bere på ryggen.

Dokumentmappa var det helst lærarar og kontorfolk som hadde. Ho tok ikkje så mykje, men ein kunne frakte bøker og skriv i ho. Å eige ei dokumentmappe var teikn på at du hadde status, i mine barndomsdagar. Det var ikkje for vanlege arbeidsfolk.

Elles hadde ein jo striesekken, som kunne brukast til poteter, høy, fisk og slakt, og sikkert mykje anna. Postsekken var av strie, men då av eit anna og meir forseggjort slag. Papirsekken, ofte brukt til mjøl først, kunne tømast og brukast vidare, til han vart gamal og gjekk sund. Vi hadde papirposar, tiner og tynner, som alle vart brukt til å frakte i.

Men her ein dag såg eg  såg ei ung mor som bar ungen sin i bæresele, ei fin oppfinning for å la ungen oppleve nærleik og kontakt. Då eg var barn, bar du ungen på armen, eller han låg i vogga eller senga. Det var primitive folkeslag i Afrika som bar ungane i fatle medan dei arbeida. Tidene endrar seg, og vi med dei.  Men det fanns altså ei tid utan plastposar!





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar