Fola, fola Blakken

Barnesangen om Blakken fortel om kjærleiken til hesten, og kor nødvendig han var i arbeidet på garden. Det var nok sjeldan han hadde tid til å kvile og gå omkring med veslegut på nakken.
Alle småbrukarar hadde hest då eg var liten. Unntaket var Arthur på Kleiva, som hadde besøkt dotter si i Amerika, Han kom heim att med eit vidunder av ein firhjult traktor. Liten etter målestokken i dag, når bonden skuar ned på deg frå godt over meteren, men stor den gongen. Så kunne han bruke han i onnene, til nydyrking, til å køyre mjølk og hente ved.i utmarka.
Men dei andre dei hadde hest. Det var nok helst gamle fjordingar, slitne etter eit langt liv i teneste på tungvindte gardar, der dei pløygde åkeren, køyrde ut møk og slo gras. Nokre drog høyrive og raka det slegne høyet, og køyrde det inn. Dei køyrde mjølk på meieriet og hjelpte til i vedaskogen. Kom det mykje snø brøytte dei, og ein hende gong vart dei spendt for sleden og køyrde til gjestebod, bryllaup og gravøl. 
Onkelen min fortalde at ein slektning frå Seim kom køyrande til gards med hest og vogn, men det var ikkje så ofte hesten vart brukt som skysshest.

Hesten og sauen beitte saman. Det var noko med måten dei åt på som gjorde at dei beitte saman, ofte på same beite som kua hadde hatt før, fordi dei hadde annleis tannsett. 
Å sti hesten var mannfolkjobb. Hesten stod ofte for seg sjølv i ein liten stall, med krybbe og vart vatna for seg. Han var ein nødvendig tenar, og stellt godt med. 

Seletøyet såg ein etter, og syrgde for at selepinnane var i orden, og at hesten var godt skodd, slik at han kunne gå både på veg og mark. Var han dårleg skodd, kunne han skli i unnabakkane, og då kunne lasset velte. Ikkje alle kunne sko hest, og der det var smed, hadde han den jobben.

Som unge hadde eg eit dårleg forhold til hestar. Eg kunne nok synge Fola, fola Blakken, men han hyrde ikkje til kvardagen min. Ikkje kom eg frå gard, og hestane kom i den same kategorien som kyr, sjøl om hestane heldt tungene sine for seg sjølv, og ikkje sleikte etter ein. At dei hadde hest hjå besteforeldra mine forandra ikke på mitt inntrykk av dei. Best å halde avstand, meinte eg.  Hesten gjekk i utmarka mellom onnene. Vi ungane heldt godt greie på kven som hadde hesten sin på beite, og valde ein annan veg gjennom utmarkene då. Men stundom tok vi feil, og såg ein blakk hest stå foran leet, eller koma luntande mot oss. Då var gode råd dyre, og det steig opp bøner til Vårherre om å verta frelst ut av knipa. Som regel lunta hesten unna, eller vi fann ein annan veg. 
Kanhende var det slik at hesten hadde ein sjette sans som visste når nokon ikkje lika han, og derfor bøygde unna? Hestar er kloke dyr.

Verst var Miggardshesten. Så vidt eg hugsar var det ein dølahest, stor og mørk med mykje faks. Han sprang og fortare, og var derfor ein potesiell fare for småjenter. Det hende fleire gonger at eg snudde når eg såg han, sjølv om dei som kjende han, sa at han var snill. 
No er hesten ikkje lenger arbeidgamp og nødvendig for å få arbeidet unna på ein gard. Han er fritidssyssel, og besteven. Han kan dresserast , og brukast i terapi og som kløvhest. Mange av dei er utruleg vakre. Men eg betraktar dei alltid på avstand : Er du så snill og god som andre seier du er?
Eg vert nok aldri den som klappar Blakken på nakken. Då må eg i hesteterapi fyrst!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar