Senter i går og i dag.



I serien, det som var og ikkje er, er eg kome til bygdesenter før og nå.
       Like etter ferjekaien kom i Knarvik
Kva var Knarvik i barndommen min? Ei fjøre som du segla forbi, der nokre sauer beitte, og ei einsleg hytte.. Stigen mellom Isdal og Gjervik gjekk langt oppe i fjellet, og ingen svinga nedom.fjøreknausane. Men når sant skal seiast, Knarvik hadde ei fin badevik, og ho vart brukt somarstid Du kom med båt, sjølsagt Folk hadde med mat og bada på den fine stranda  Første huset i Knarvik stod ferdig i 1960. I 1956 vart det ferje og  veg mellom Isdalstø og Knarvik, ferjeforbindelse, så kjøpesenter, tunnell gjennom Mundalsberget i 1973, kommunesenter, og bru til  Bergenshalvøya i 1994 , og no kan vel Knarvik kalle seg by, om dei vil. Strilebyen .

Litt lenger inne ligg Leiknestangen, som i mi tid hadde 3-4 båtanløp, meieri, post, handelslag, kiosk og småindustri, og  4-5 bussar til båtane i helgene.

No er det ein stad du køyrer forbi på veg til noko anna. Alt er lagt ned, og bygda er ei sovebygd til Knarvik. Folketalet har likevel stige dramatisk, og hus er det bygd overalt, og på stader som i mi tid var rekna som ubyggelege.fordi det var så bratt der. No bur det folk, og dei har ei fantastisk utsikt over fjorden. Skulen er bygd ut, og har mange elevar.

Hillesvåg var eit senter på 1800-talet, med sjenkestove, presteovernatting og butikk. Prestane drog den vegen når dei skulle til Seim, etter Prestvegen over Sjauset og Kleivdal. Den vegen er i dag ein smal svingete veg, der ukjente sniglar seg frå møteplass til møteplass når dei køyrer, medan andre susar E39 på veg til og frå Knarvik. til Hjelmås og  Eikangervåg...

Hjelmås hadde butikk, to møbelforretningar, post, telegraf, meieri, bank, skipsbyggeri og skofabrikk, sagbruk, båtanløp 2-3 gonger for dagen. ja kanhende fleire verksemder. Vegen om Sauvågen var ikkje bygd, så du måtte i båt for å koma dit, og E39 ikkje påtenkt.
No er Hjelmås også mest ein soveby, sjølv om dei held liv butikken sin. Kvifor vart det slik? Kva var det som skapte veksten og tilbakegangen?
Svaret må vel ligge i endring av kommunikasjonen, og i betre  teknikk og fleire oppfinningar som fekk innflytelse på samferdsla. Vi reiste med bil meir enn båt, tunellane vart lengre, bruene lengre og dei som bygde gjorde bruk av ny teknologi som flytande komponentar på sjøen.
I tillegg fekk me Mongstad, og det tidlegare så fattige Nordhordland vart ein del av oljeeventyret.
Då tunnellen gjennom Mundalsberget kom i 1973, vart me knytt til indre Osterfjord og til Sogn på ein sterkare måte. E 39, kor smal han enn var, knytte saman  Bergen, Nordhordland og Nordvestlandet.
Så vart Knarvik senter, først for ferja, som då tok kortare tid, så for butikkar og skular, så vart det kommunesenter, og så kom Nordhordlandsbrua, som batt saman halvøyene nord og sør for fjorden.
Ei fantastisk flytebru, med flytepeletongar og plass for større båtar til å gå gjennom.
(Bileta frå Knarvik   teke frå Strilesoga bind 5)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar