Kortreist og langreist. Nasjonalt og globalt


Vi var norske. Det lærde vi lenge før vi byrja på skulen.  Vi hadde ein norsk konge, norsk språk, norsk kultur og norsk væremåte. Det galdt å stø opp om det norske, være norrsk, skrive norsk, lese norsk og kjøpe norske varer. Vi måtte jo få oppatt den norske økonomien etter 5 lange krigsår!
 Flagget vårt var norsk. Vi var kry av krossen, og fargane.
FN var eit fjernt organ som arbeidde for verdensfreden, og at det ikkje skulle verte atomkrig, som var ( og er ) noko forferdeleg. Men flagget hadde lite med oss å gjera. Vi visste vel knapt korleis det såg ut, og det var utenkjeleg at nordmenn skulle bera det, korkje konge, statsminister eller mannnen i gata.Trygve Lie bar FNpin  kanhende, den tid han var generalsekretær i FN.

Dei fattige ute i verda fekk hjelp gjennom misjonen og ymse hjelpeorganisasjonar, ulikskap var noko ein sette pris på, og som auka mangfelde, og klimaendringar hadde vi knapt høyrt om. Vår fylgde vinter, og hausten sommaren. Det regna på Vestlandet, snøa på Austlandet og i Nord- Noreg.
I varmare land hadde dei sumar heile året. " Der skulle vi ha vøri, Karl, skreiv Hans Børli, og mange song med når dei høyrde Ønskekonsereten, og Erik Bye song visa.
Ein del av familien min var ein av dei som tidleg fekk seg ein tur til Syden, og var påskebrune i desember, når dei kom heim att. Men dei var unntaket.

Me hadde kortreist mat. Fisken fiska me sjølv, kjøpte på butikken, hjå fiskebilen eller lokale fiskebåtar som la til ved kaien. Naboen vår, Martin  på Flossvika, delte viljug av sitt overflod, og vi fekk mang ei god hank med torsk og flyndre frå han.
Kjøt kjøpte me på hausten, når nokon i nabolaget slakta. Skrotten vart oppdelt på kjøkenbordet, og salta, tørka hermetisert, eller etterkvart som fryseboksane kom, frose ned.
Poteter sette me sjølv, og dyrka ofte kål, gulrot og kålrabi, eller kjøpte dei på butikken, eller når me ein hende gong var til byen. me plukka bær hagen eller i utmarka, og fann blomar i hagen  eller på jordet.

Me kjøpte norsk tøy og sydde klede, eller kjøpte dei som var produsert i Noreg. Noko anna var knapt å få. Det var Viking gummistøvlar og gummisko, Skoa var produsert på  Hjelmås, kom frå  Aurland og den gule sydvesten var og norsk.
No sender vi fisken med fly til Asia, forat han skal bli sløygd og at dei skal sprøyte saltvatn inn i han.
Ikkje har han vel betalt verken flyseteavgift eller klimakvote, stakkaren.
Vi kjøper det meste av lær, sko og dupedittar frå utlandet. Flya ber det hit. Ozonlaget er det  kua og myrene våre som øydelegg.

No er vi ikkje lenger norske, men tilhøyrer det globale samfunnet, og skal ha dårleg samvit for at vi har det betre enn andre, og må  dele med dei som ingen ting har. Denne vesle prikken på kartet som knapt er synleg i verdsmålestokk, skal ta inn over seg all verda naud og elende, hjelpe alle fattige i verda, stoppe alle krigar, og sist men ikkje minst, ta på seg skuld for all verdas forureiningar, og derfor legge ned verdas reinaste oljeproduksjon, vår reine industri, og sende 250000 til å arbeide med fornybar energi, eller som den eminemte MGD- representanten sa: arbeide innan hotell og restaurantbransjen når vi styrka turistbransjen. Ja, ja, det skal noko til å bygge opp 2500- 5000 nye hotell og restaurantar, særleg når vi ikkje har oljebransjen til å subsidiere.
Vi skal slutte å fly, reise kollektivt og vente på utbygginga av tog, som for tida dekkjer 10- 12 % av det vidstrekte landet vårt.  Her hjå oss, på ein relativt bynær stad på Austlandet, går det ein buss inn dit om morgonen, og ein annan tilbake på ettermiddagen. Toga kan vi sjå langt etter, sjølv på flatbygdene på Austlandet..
Men dei som har funne på denne globale agendaen, reiser frå toppmøte til toppmøte med private jetfly, og kjøper seg fri med klimakvotar, akkurat som ozonlaget blir tjukkare av den grunn.
Dei oppmuntrar til frihandel, sjøl om EU nesten  har laga fleire forskrifter om størrelse og lengde på poteter, slaktereglar, import og eksport enn det er stjerner på himmelen, og handelen er meir bunden enn nokon gong. Me får kjøpe norsk frukt og grønsaker til ein viss dato, og då tek utanlandske varer over. Vi sel kraft til utlandet, og bestemmer ikkje lenger over eigen produksjon.

Me hadde kriselager av mat og medisin, medan me no er utan.  Erna og hennar ministre ber FNpins og hyller WHO og gir mykje norske pengar dit, utan å stille spørsmål om bruk og rutiner.  Statsministren  ventar på vaksine for korona frå Bill Gates, som kjem om eit år eller to,og veit tilsynelatande ikkje at dei testar ut ein vaksine i Israel, som etter det Jerusalem Post melder, er klar til utprøving på menneske om nokre veker.

Nei alt er ikkje betre. Noko var betre før.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar