Med mor og plukka blåbær

Dette er eit minne frå eg var ganske lita, ein 4-5 år.  Far skulle passe veslesyster, og eg skulle vere med mor og plukke blåbær. Eg hadde sannsynlegvis heimesydd kjeledress, og sløyfe i håret, som seg hør og bør, sjøl om ein berre skulle i  utmarka. Me gjekk over bøane,  og opna leet  inn den vesle utmarka som høyrde til garden til bestemor og bestefar. Kyrne såg me ikkje noko til, for dei var vel ein annan stad, lenger nede i  dalen.
Me steig forsiktig over det blaute og opptråkka området attmed skinfloren der bestemor mjølka kyrne, og fann kloppa over den vesle bekken som rann nedover dalsøkket.  Ho var likevel stort og skummelt for ei lita jente, som heldt fast i handa til mor til me var vel over. Det gjekk ein liten køyreveg oppover i lia mot Treet,  den første garden på nedre Mundal. Øvst oppe var det hogt  ved for nokre år sidan, og no var det  mykje blåbærlyng og blåbær å finne.

Ho mor gjekk straks i ferd med å plukke, medan eg tutla omkring, såg på stubbane, plukka blomar som eg var så glad i, og sat på ein stubbe og såg meg omkring. Eg såg heimatt, til det vesle huset vårt, og til bestemorshuset, nett synleg over dei høge tretoppane.  Eg prata med mor, og ho prata med meg. Eg hugsar ikkje kva som vart sagt, men hugsar gleda over at ho prata vakse med meg. Og ikkje minst, denne lukka over at ho hadde tid til meg åleine. Tenk at eg fekk vere åleine med mor, vi hadde uendeleg tid, og vi var der utan nokon andre! Eg kjenner enno følelsen av glede og harmoni som  det skapte.
   Ei yngre utgåve
For kvardagen heime var travel. Far var på arbeid, og mor hadde enno ei lita jente å ta seg av. I tillegg sydde ho for folk, og var dyktig både med mønster og tøy. Etter krigen var det også ein del omsøm av gamle klede, så ho hadde nok å gjere. Ofte fekk eg kjeledress og huve på etter frukost, og vart sendt ut for å leike. Eg minnest den "store" plassen utanfor huset, der eg var åleine, kanhende med den heimelaga dukkevogna eller bøtte og spann. Tikotiko, katten, kom smygande, og strauk seg mot føtene mine. Me tok oss ein tur bort til hønene, som eg av og til  prøvde å krype inn til gjennom gluggen, eller mata  dei gjennom gjerdet.  Mor hadde lært meg at dei lika groblad og hønsegras. Grisen  låg og velte seg i søla attmed garasjen. Han var litt stor og skummel, så han fekk no berre liggje der med gryntinga si.

Eg for og tutla på tomta, var i sanddungen og i hagen, dissa litt, til det var tid å koma innatt og ete middag.
Men no hadde eg mor åleine. Det var ein fin ettermiddag. Eg åt blåbær, og fekk blåbærtrut, som seg hør og bør.  Me fann mykje bær, etter vestlandske forhold, og eg held mor i handa der me tutla same vegen heim att. Lor laga kneka blåbær med sukker som eg fekk på brødskiva til kvelds. Blåbær som rann ned over haka avslutta turen for ei lukkeleg lita jente.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar