I desse coronatider


Eigentlig hadde eg ikkje tenkt å skrive blogg i kveld. Det vart så mykje som hende, og eg har ikkje fått tid til å tenkje på kva  han skulle handle om.
  Men ein historie eg høyrde om ei engelsk kvinne på 109 år som hadde opplevd spanskesyken, verdskrigane og alt imellom. Ho hadde fortalt barnebarnet om  korleis søstra hennar døydde i spanskesykja som 7-åring, om korleis den sjuke far hennar miste medvitet utanfor huset då dei skulle bera bort den vesle kista. Ei veke etter døydde ho av corona,  åleine på på eit sjukehus i London.

Ein pleiar sat utanfor eit sjukehus og fortalde med gråten i halsen om ein 15 år gamal gut som døydde  av viruset åleine  på sjukehuset.
Så kom eg til å tenkje på barndommen min. Eg hugsar at ein frå bygda var psykisk sjuk, og naboane bytte på å vake over han. Det fortelst at ein kveld kjem han ut frå senga, trekkjer portierane tilsides, og seier til dei som sit der: - Det er greit nok at de kjem og besøkjer meg, men de må jo gå igjen!
Men ingen skulle vera åleine når dei var sjuk. Det var spesielle menn og kvinner som var bedne om å vake over alvorleg sjuke og døyande. Dei kom om kvelden, og sat der til morgons. Onkel til mor, han Arthur var ein av dei. Når nokon låg for døden, eller var alvoreleg sjuk, kalla dei på han. Han bar med seg ein fred inn i situasjonen.

 Mor var 15 år då ho sat vakt over ei sjuk eldre nabokone kvar gong sjølvefolket måtte i fjøset. Kona skulle ikkje vere åleine. Det fortel noko om korleis bygda såg på sine eldre og sjuke. Dei skulle ha nokon saman med seg når livet kunne ebba ut. Som lækjaren på 20-talet sa til eit søskenpar då livet ebba ut hjå mor deira: - Sit her og ver hjå henne den siste stunda. Hjelp henne over.
Derfor er det så vanskeleg , det som skjer no. Folk dør aleine, eller utan sine hjå seg. Eg kan ikkje la vere å tenkje: - Lukkeleg er den som har ei tru på nokon etter døden i ein sin situasjonen. Ei tru på ein som hjelper i døden og tek imot i det neste livet. Som Trygve Bjerkheims seier i ein song: - Vil Jesus dra båten i land. Då er ein ikkje åleine.

Gravferda var og ein dag når bygda møtte. Kunne ein ikkje fylgja kista til grava, så stod ein ved vegen eller oppe på haugen når gravfølgjet for forbi. Ein forlet arbeidet, menn tok av luva, og mora stod der med borna sine. Ein tok farvel, og syrgde saman. Eg minnes enno då eg miste far min 12 år gamal. Mange fylgde til grava. Eg hugsa eg snudde med og såg det store fylgjet som gjekk nedover vegen frå Kleivaløa og mot kaien. Det var ei trøst for meg å sjå at så mange sakna han og fylgde til den siste kvila.

Nå er gravferdene på maks 10 personar. Nokre følgjer den siste ferda på Facebook og Skype. Det er ikkje det same som å vere fysisk saman. , men vitnar om det same: Vi er skapt til felleskap med kvarandre. Vi vil også ta det siste  farvel. Vi vil ta del i sorga.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar