Blomster er plantenes smil ( Per Hille) Blomar, flora og herbarium.


Eit av dei første minne eg har, er at eg stod på ein vegakant og plukka blomar. Dei var så vakre!  Mor har fortalt at eg plukka ofte blomar som liten, og eit av dei første yrke eg kunne tenke meg, var å bli gartnar.
Eg og Anny, søster mi plukka blomar og gav til bestemor og ein nabo. Som takk fekk me  kvar vår 25-øring, tilsaman ei heil krone, som var  ei heil formue i dei dagar! Du kunne få 20 femøreskaramellar eller ein heil pose drops for ein slik rikdom.  Eg la store planar om å starte bedrift, der me plukka blomar og selde til  alle naboane. Det kunne bli lukrativt, og eg malte opp for Anny om rikdommen me kunne få, omgjord til søt valuta.  Vi kunne vera sjølforsørgde med snop i lange tider!  Uheldigvis høyrde mor fabuleringa, og gav grei beskjed om at det var greit å plukke blomar og gje til naboane, men grensa gjekk ved å selje det einkvar kunne finne i sin eigen grøftekant!  Så der forsvann  den første forretningsideen min ut til høgre..
Men mor lærde meg namnet på blomar, og eg lærte at når katten åt gras vart det regn. Eg lærde mange artige nanm, og skilnad på raud praktstjerne og hanekam, på kvitveis som var giftig, og gauksyre som var etande. Det var viktig å ikkje ta feil.

I småskulen plukka me blomar på skulevegen  og gav til lærarinna. Det stod mang ein bedehuskopp på kateteret fyllt med smørblom, engkarse og hundekjeks gjennom dei tre åra eg gjekk der.
Då eg kom i storskulen,  hadde me ofte  naturfag ute haust og vår. Ei av syslene gjekk ut på å plukke blomar, som lærar Midtgård sa namnet på.  Då me kom inn att, spurde læraren på nytt kva blomane heitte, og me svara. På den måten lærde me mange namn på ulike blomar, og kva familie dei høyrde til, og kjenneteikn på ulike blomefamiliar.  Vi lærte om tveskjegget veronika som hadde skjegg på to sider, om tettegras som åt fluger, at kyrne ikkje åt smørblom, om gras og ugras.  Vi kunne namnet på mange blomar, og dei fleste sit enno. Det er rart med barnelærdommen.





Tetteblom

Vi fekk kunnskap  om den svenske botnanikaren Carl von Linne, som samla plantar, klassifiserte dei i familiar og gav ut ei stor flora.. Sjølvsagt måtte eg og ha ein liten flora, og eg brukte han faktisk mykje. Eg kunne liggja å lese i han, finne ut om blomar eg hadde,  kva jordsmon ulike plantar vaks i, og skilnaden på plantar som voks ved fjorden, i liene og på fjellet. I nord  og på fjellet hadde plantane så sterke fargar. Det var mykje å lære om planteverda.

Soldogg åt og insekt
 Før eg gjekk ut av folkeskulenskulen  skulle eg i naturfag ha eit ha herbarium med 20 plantar. Det var obligatorisk.  Me fekk opplæring på skulen  korleis du for åt : - planta skulle ha rot, stengel blad og blome. Han skulle pressast i avispapir, med noko tungt over for å få press. Når han var turr, skulle  du lime planten på kvit kartong, og skrive namn, latisk nanm, familie, finnestad og dato.

Nokre av medelevane mine, særleg gutar,  som måtte skunda seg å få ferdig herbariet sitt før dei slutta skulen, brukte avispapir og strykejern.  Det var strengt forbudt, men i nøden spiser fanden fluer. Etterkvart fann eg ut at det gjekk for det same, så  etterkvart brukte eg same metoden, eg og.
 Eg syntest det var artig å samle plantar, og hadde nok mellom 30 og 40 då eg gjekk ut av folkeskulen.
Då eg kom på  realskulen, skulle me ha 40 plantar, så eg held fram med samlinga. No vart det litt sport i det å finna sjeldne plantar, så eg var på Myraåsen og klatra meg ned bratthenget  til kusymra, og fann fjellplantar på Gladihaug.
Ramslauk
Enno meir spanande vart det å kome i Husdalen, der det var ramslauk, sjeldne orkidear,  pors, tranebær og andre vekstar eg ikkje hadde funne før.  Herbariet voks, og eg hadde ganske mange plantar til slutt. Ei av dei mindre botanisk interesserte systrene mine sa: - Det var greit å plukke ut dei plantane du trong frå herbariet hennar Britt når du skulle levera plantesamlinga på skulen.
Eg fann vel nokre restar av ho då eg skulle ta med tølene mine heimanfrå, men dei har nok forsvunne i  ei eller anna flytting.
Men interessa for plantar og flora har halde ved heile livet.  Eg kan namnet på dei fleste blomane eg ser på turane mine, og om ikkje, må eg finne namnet i ein flora når eg kjem heim att. Eg lasta opp ein flora til å ha på telefonen, liknande slik du har for å identifisere fuglelydar, men han fungerte ikkje. Det er skilnad på USA og Noreg.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar