Å gå til båten.


Dampen var rutebåten som gjekk mellom Bergen og Mo, med stopp på begge sider av fjorden, nokre stopp på sørsida, nokre stopp på nordsida, og slik kryssa han seg innover.  Dampen var fellesbetegnelsen på Indre Nordhordland dampbåtlag sine båtar, som i mi tid var kolbåtane Haus og Oster, og dampbåtane Hosanger 1 og Bruvik. Dampen var båtane, medan det å gå til båten var det du gjorde når du møtte opp når ein av dei kom kaien på Leiknes.


Det var stans to gonger for dag, som oftast . Eingong på veg til Bergen, og ein gong på veg heimatt. Laudag og sundag var det eit ekstra anløp, på laurdag innover fjorden, på sundag utover fjorden.




Dampbåten hadde ruteplan, og det var ei rute for vinteren, og ei anna for sumaren, og det var viktig å få tak i  ny rute når sesongen var der, for du måtte jo veta når båten kom, både om du skulle reisa med han, men også for å kunna gjera den viktige sysla å gå til båten om ettermiddagen.
Vi søskena kunne krangla litt om kven som skulle gå til båten. Heime hjå oss burde ein ha eit ærend for å gå dit, så ein var snar til å tilby seg å handle det som trongs.

Det var viktig, og du måtte ha god tid. Først skulle du innom den vesle butikken å handla. Han var stor i våre barneaugo, men var det ti menneske inne samtidig, tok han til å bli full. Du sanka varene dine i nettet eller ranselen, gjorde avtale å hente brøda og det andre som kom med båten, og gjekk ut for å sjå litt på folkelivet.  Du såg båten kome fossande frå Tepstad, og dampskipseksekspeditøren gjorde seg klar. Ein bonde var der med hesten for å hente varer han venta,  nokre menn stod og prata og spytta skrå, og ein del ungar venta som du sjølv på brød.  Nokre hadde sykla til kaia fordi båten kom, og nokre kjerringar hadde teke handleturen for å sjå båten og  hadde  seg ein passiar.

Dampen fløytte, og gleid inn mot bryggja, og matrosen ombord stod klar, og sende med øvde hender trossa mot land, der ekspeditøren fanga ho og gjorde  ho fast i eit feste. Var det sterk straum måtte dei ha to, ei foran og ei bak for å halde båten på plass.
Matrosane sette opp landgangen, men held ferdafolket att. Først skulle postopnaren gå ombord med strisekkene sine, prydd med posthorn og striper av norsk flagg, og bunde øverst  med hyssing for å vere sikker på at ingen uvedkommande tok posten.
Passasjerane frå Bergen gjekk på land, etterat dei hadde levert gyldig billett til matrosen, og om nokon skulle innover fjorden gjekk dei  så ombord. Postopnaren kom på land med postsekkene, og gjekk oppover til det vesle posthuset for å sortere brev og aviser.
Brødkassar, mjølsekker, materialar, mjølkespann og alt som den vesle bygda trong, vart heisa på land med vinsjen, og ekspeditøren syrgde for at  varene kom til dei  som skulle ha dei, Folk fekk med fylgjebrev, og kvitterte ut. Det som ingen henta, køyrde han med ei lita handvogn inn i det vesle ekspedisjonsskuret ved enden av kaia, og låste att.  Så fekk folk hente det seinare, neste gong det var dampbåtanløp.
Kapteinen, som hadde stått i huset på brua og overvåka det heile, ringte med klokka, først ein gong, og så ein gong til. Dei siste passasjerane skunda seg ombord og matrosane tok ned landgangen.Det ringte for tredje gong, og ekspeditøren løyste trossa. Båten bakka ut, og sette kursen innover fjorden, til Hjelmås og Eikanger, før han kryssa fjorden. 
Handelsmannen henta inn sine varer,  og vi gjekk for å få  brøda.  Rykande ferskt  henta butikkdama det opp frå den grå trekassa frå Martens bakeri, og pakka det inn i gråpapir. Svoltne ungar tok seg ofte ein brødbit eller to frå langebrøda. Dei var  skapt for små fingrar, ettersom det var skorpelaust på delar av  langsida, og lett å kome til.

  Etterpå gjekk me opp til posthuset, og sat på ein trebenk utan ryggstø for å venta på posten. Olga opna det vesle vindauga, og ropte opp  namna på ein og ein av dei som var tilstades, og  me gjekk fram og henta  brev, aviser og blad.  I den tida kom avisene med båten, og vart utdelt  gjennom posten.  Breva og alle rekningane kom i posten, frankert og adressert. Alle rekningar kom i lange konvoluttar med vindauge på, så du visste kva det var.  Så fekk du alle kristne blad i posten, og like eins alle blad frå interesseorganisasjonar. Det var lite reklame. Han stod i avisa.
 Vi samla saman posten, la det i nettet , fann sykkelen og drog på heimveg. Dagens happening var over. Vi hadde vore til båten, knutepunktet med den store verda.
Bonden løyste hesten, og tok med seg mjølsekken heimover.




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar