Alle disse dagene som kom og gikk, ikke visste jeg at de var selve fellesferien.



Endeleg ferie!  Gleda var stor, og ein såg fram til to lange månader utan skule og lekser.
Då eg vaks opp var ferie  å ha  fri frå skulen. Lønstakarar hadde vel 14 dagar, og dei som var sjølvstendig næringsdrivande og bønder, hadde lite og inkje fri på sommaren.
Men for oss ungane betydde det at du kunne sove litt lenger, være oppe lenger, og sleppe skule og lekser.  Pliktene heime var der, med barnepass, oppvask og   golvvask , med litt middagslaging, og gå til båten. Det siste var no helst fritid, sjøl om du måtte handle og hente posten.  På meieriet og kjøpe mjølk måtte ein og. Men me var fleire om pliktene, så ferie var det mykje av. Dei som budde på gard, måtte nok arbeide ekstra i onnene med hesjjing oh høyberging, og hadde vel mest fri til å bade midt på dagen når dei vaksne kvilte middag
Av ein eller annan grunn slutta me skulen i god tid før jonsok, men eg trur det var fordi læraren passa på at me ikkje hadde så mange fridagar undervegs i skuleåret, og kunne rekna dei frå totalen. Resultatet var både me og læraren fornøgde med. Me fekk minst ei ekstra fereveke om sumaren! 

På Wikipeia les ein dette om ferie
"Ferie er flere fridager etter hverandre. Ordet brukes også om ferieopphold eller feriereise.
Ordet ferie kommer opprinnelig fra det latinske flertallsordet feriae som var religiøse festdager da en ikke drev handel og forretninger. Ordet betegnet seinere en periode da undervisning og rettsmøter opphørte. Ferie kom som et fremmedord i norsk på slutten av 1800-tallet." 



Ferien vår var som sagt mest fri frå skule og lekser. Og me hadde syslar som hyrde sommaren til. Den viktigaste var bading, noko som stod på planen når været var til det, og det var det som oftast, mellom bygene.
.Me bada når det var vær til det, derfor  høyrde me  på vermeldingane: Vart det regn, overskya eller sol? Det hadde mykje å sei for kvaliteten på turen. Søster mi fortel om ein gong dei vart overraska av torever og styrtregn, og måtte gøyme seg mellom nausta på Flossvika, utan at det hjelpte så mykje. 
Alle var blaute, badetøyet var blautt, og alt måtte til tørk . Men eg sjølv hugsar ikkje badeturar i regn i det heile. Det var alltid turt.

 Dessutan var det viktig å vite når det var flo og fjøre.  På dei to badeplassane våre, som var i Vågen og på Flossvik, var det greit at det ikkje var full flo, så vi prøvde å legge badeseansane utanom høgvatn. et var langt til sandgrunnen om det var flo, og om det flødde, måtte vi passe på å legge klede og handklede slik at floa ikkje vætte ut plagga våre. Vi lærte tidleg å lese "Flo og fjøre" i Bergens Tidende, og sommardagen vart lagt opp etter tidevatnet.
Å dra på bading var heil vitenskap. Ein måtte ha badedrakter til alle, og handkle. dessutan var det greit å ha med mat, så me hadde med mjølk eller saft på flaske,6 koppar og smurt mat til 6 stykke, eller kanhende fleire, om vener var med på badeturen. 
Det var viktig å vere førstemann uti, og oftast vart det  meg, i kraft av alder og visdom. Av og til måtte eg innatt og hjelpe småsysken med av og påkledningen, men det var rart kor fort dei vart sjølhjelpne, og la kleda høgt oppe på land så floa ikkje tok dei. 

Vi dukka, bada og symde, og hjelpte småsysken til å ta sine spede små symjetak. Målet var å kunne symje før hausten kom.
Blåfrosne kom vi på land, turka oss og sprang litt. Brødskiver med ost, pølse og syltetøy gjekk ned på høykant, før ein tok den siste turen uti før ein måtte heim att. 

På vegen heim fann ein blåbær eller markjordbær, som ein åt, eller tredde på strå og åt når ein kom heim att. Med ein gaffel og litt sukker vart det eit velsmakande syltetøy på nye brødskiver. 
Orm høyrde også med til sumaren. Han kraup fram, saman med avkommet sitt. Han var ein fiende, og vart avretta. Læraren lærde oss korleis me skulle gjera det . Han teikna på tavla og fortalde framgangsmåten. Eit år drap eg 10 hoggormar, og eg søv framleis godt om natta.

Vel heime måtte badetøyet hengjast opp, og alt det andre pakka me opp. Eg syrgde for at alle søsken var med på den prosessen også. Øving gjer meister, og tidleg må kroken krøkast, om han skal verta god krok. Søskena mine kunne henge opp badetøy og pakke ut nettet etter badeturen.
Men alle var einige om at turen hadde vore topp.

Marka var full av blåbær, og me plukka fleire liter i kopp og spann,  nok til å røra syltetøy og kanhende koke litt og.  Sommaren var ei god tid!

Ferietur vart det  sjeldan, men me var så priviligerte at me hadde ein vekes tur til Ålesund og Lillehammer då eg var og til Fyksesund i  Hardanger då eg 7 og 8 år,  var det  minne om noko stort og uvanleg som fåe i heimbygda hadde opplevd..
,https://www.blogger.com/blogger.g?blogID=5145840421804994256#editor/target=post;postID=7107959601118438083;onPublishedMenu=allposts;onClosedMenu=allposts;postNum=247;src=postname
.  https://www.blogger.com/blogger.g?blogID=5145840421804994256#editor/target=post;postID=5698323853842795176;onPublishedMenu=allposts;onClosedMenu=allposts;postNum=248;src=postname .
 Å reise til utlandet var uvanleg, sjølv til Sverige .Den fyrste utanlandsturen eg hadde ar som 25-åring, då eg drog på tur til Tyskland og mellom anna besøkte Mariasøtrene i Darmstadt.
Ferie var frå lekser og skule, ei herleg tid!



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar