Det gjeld å sko seg

 


Tøysko

Det var kjempefint å gå berrføtt om sumaren.  Varmt i trappa, og det var hardt å gå på grusen på storvegen, men mjukt og godt når du tusla omkring i hagen. I utmarka var det orm, så der brukte me sko.
Sommaren var og tida for gummisko. Det var lette sko, med gummisåle og oversåle av tøy, og med snøring av tøylisser. Dei var lette å bruke og du kunne springe og klyve med dei. Sandaler brukte vi og, men dei var ikkje så vanlege. 
Tresko stod det ofte ute i bislaget. Dei var fine å stiga ned i når du skulle ut eit ærend, og brukte du leistar i dei, så var dei varme og gode. Men me bruka ikkje tresko ute blant folk. Det var ingen som bruka det lenger.
                                                   Vkingstøvler

Ut over hausten vart det tid for gummistøvlar. Ungane hadde fargerike støvlar, men det var litt stort å få dei brune Vikingstøvlar med snøring framme.Då var du på veg mot å verta vaksen. Dei var tunge,  men ein kunne vassa og gå i søle og utmark, sjølv om det regna.  Dei kunne få hol, og då måtte lappesakene fram. Bønder sette høygaffelen i dei, og ungar kunne få spikar i støvlane. Dei same lappane som ein lappa sykkelslangar med, dugde også for å lime sjøstøvlar.  Då held dei ei stund til.  Det hende at vatnet gjekk over alle støvleskaft, og dei vart våte på innsida. Då måtte me riva sund aviser, og krølla dei saman forat papiret skulle trekkja ut væta. Ein hadde jo ikkje skotørkarar, må vete.  Dei fleste ungar hadde gummistøvlar. Men eg veit det var heimar som ikkje hadde nok støvlar til borna, og eit barn måtte vera heime frå skulen fordi det regna.

Vi hadde spasersko av lær, og dei var rekna meir som finsko, med snøring. Dei tolde ikkje så mykje regn, då vart dei skrukkete og harde i læret. Aurlandsko kom på 50-talet. Der kunne du plassera ein tiøre som pynt frampå  overlæret
                                           Aurlandssko

Nokre av oss  hadde støvlettar av lær til fine vintersko. Dei var av lær. 
Når snøen kom, var det tid for å bruke skia, og då kom beksaumskoa fram, for dei som hadde det. Det var tunge sko av lær, og dei måtte smørjast inn med fett eller skosmurning for å bli mjuke. Dei  vart ofte våte etter bruk, og me stappa dei fulle avispapir forat dei skulle tørke. Dei som ikkje hadde beksaumsko, bruka støvlar med leistar i. Dei var nok litt kalde.

                                                  Beksaumssko
Til finbruk hadde me finsko, gjerne lakksko som ein brukte i besøk, fødselsdagar og julefestar. Dei hadde me gjerne i ein nett eller skopose, og tok dei på oss i gangen før me gjekk inn til festen.

                                                              Nye lakksko til 17.mai
Høghela sko fekk ein ofte  til konfirmasjonen, og det var om å gjera å få så høge helar som muleg. 
Det var ikkje heilt enkelt å balansere på desse styltene, så det krevde litt øving å gå nokolunde sivilisert 
over golvet. Men det var flott! Du kjende deg stor, høgare og ikkje minst vaksen.
Ein del menn hadde kalosj over finskoa sine for å bevare dei for regn.  Men det var dei færraste.
På Hjelmås laga dei Raffar, eit par sko utan helar, som var gode å bruke både til hussko og til utesko om sumaren. Det var stas å gå på Tøffelen og kjøpe raffar!
                                                          Dette ligna på Raffar

Inne gjekk me med leistar av ull, men vi brukte også hussko. Det var ofte golvkaldt, så ein måtte halde seg varm på føtene. 
                                                                           Skopussesett

Sko av lær skulle pussast.  Ein hadde svart, brun og nøytral  skosmurning, skobørste og ei mjuk fille til å pusse over.  Dei fleste kunne det, men det var likevel opplæring om det på husmorskulen. Ein pussa først av støv, smurde på skosmurning, og børsta han inn, før ein gjekk over med ei mjuk fille. Det var særleg viktig å  få blank tå og hæl. 
Skomakaren kunne laga sko. Men mest halvsåla han, eller sydde saumar som var gått opp. Han sette på hælar og lappa. Ein kjøpte ikkje nye sko om skomakaren kunne reparere. Hjå oss var det skomakar på Hjelmås. Eg var mange gonger dit med sko som skulle reparerast. 

                                                   Skomakar med leist

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar