Dagleg liv

 


Far var først oppe. Han kokte kaffi, åt og drog på arbeid. Åsta og Edit var dei neste, og dersom det var at kakao frå kvelden før, var det deira fangst. Litt etter litt stod resten av familien opp, og  me åt frukost. Radioen stod på, og  etterkvart vart klokka åtte, og det var vermelding, om me ikkje såg ut gjennom vindauga korleis stoda var.  Det var dagsnytt, og så kom andakta kvart over åtte. Då var det tid å gjere seg klar for dei som skulle på skulen, medan me andre som var heime, høyrde barnetimen, der Alf Prøysen, Torbjørn Egner og Anne Cath. Vestly  fortalde sine historiar. 



Det var tid for plikter for heinmeverande barn, og det kunne vera å ta av bordet og vaske opp. Oppvaskmaskina kom 20 år seinare. Me hadde ikkje kjøleskap, så mjølk, smør og pålegg måtte i kjellaren når det var varmt.  Golvet skulle vaskast, og ofte var det ein som fekk tur på butikken og meieriet.. 


Når vi ungane var heime, var det sjølvsagt at vi måtte hjelpe til. Vi høyrde til familien, og dermed arbeidsfelleskapet. Syster mi mumla for seg sjølv då ho måtte ta bleiene og kaste dei ned i kjellaren: - Mine ungar skal få bera bleiene sine sjøl!. 



Vel heime att skulle det lagast middag, og som barn kunne du vaske poteter eller steike fiskekaker. Vi dekka på bordet, og setje inn vatn. Far kom ofte heim til middag midt på dagen, og det kunne henda han hadde med ein gjest, som og fekk middag. Me hadde alltid to rettar, fisk eller kjøt, og suppa etterpå, ofte laga av mjølk eller saft. Ungane sat til bords, og måtte eta opp, og eta suppe. Botn i bøtta var sagosuppe, og toppen var saftsuppe.  

Etterpå var det oppvask, der ein unge vaska opp og den andre turka. Mor sov ofte middag, så vi prøvde å vere stille, men det lukkast ikkje alltid.  Det kunne også henda vi fekk vere med far på arbeid, og det var stas. 

Det kom vener på besøk, eller vi gjekk på vitjing til andre. Vi drog på tur i utmarka, vi bada og leika på tomten heime. 



Mor stod opp att, og trekte seg kaffi. Ho leste avisa eller ukeblad, og det var no tid for å spørje om lov til ting som kunne vera  vanskeleg å få lov til, som bygdekino, møter og vere lenge oppe. Mor hadde lettare for å svare ja når ho sat slik.  Kaffi eller nons var elles ikkje så nøye, vi fann oss mat eller kunne ete ute om veret var bra om sumaren. Me fann oss ullteppe å sitje på attmed bærtrea, skar skeive skiver og smurde på syltetøy og kakaorøre, og drakk mjølk frå glas. 

Klokka seks var det kveldsmat for dei yngste, medan dei som var litt eldre åt seinare. Ønskekonserten var frå sju til åtte, og han fekk me største høyre. Det var barnesangar, salmar, evergreens og slagarar. Me høyrde, men  TV var 10-15 år borte, så bilda laga vi sjølv i vårt eige hovud.   I  åtte halv ni tida var det leggetid. Det var innarbeidd, og sjeldan at du kunne pushe klokkeslettet. Du sa god natt, og tusla å¨lemmen. Vi so saman vi fire eldste. Ei taklampe midt i rommet, og etter ei stund kom mor opp og sløkte lyset. Du måtte berre leggja boka bort, om ho var aldri så spanande.  God natt!, 





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar