Skolevegen- ei oppleving

I desse tider når dei fleste tek buss til opplæringstaden, og står i busskuret og ventar på transport. Dei småsøv på veg til skulen, og går av bussen to minuttar frå skulen, er eg takksam for at eg hadde skuleveg.



 Ha det! Døra slo att, og eg spurta ned trappene. Klokka var 8.15, og andakten hadde nettopp starta i radioen. Salmetonane var teiknet på at det var lov å gå på skulen, for mor var nøye med at du ikkje skulle gje deg i veg  så altfor tidleg.  Ho skulle ikkje ha ungar som rak på bygda!



Eg hadde smurt langebrødskiver med pølse, ost og kaviar, og mjølkeflaska var på plass i ranselen, saman med skulebøkene for dagen.  På veg bortover storvegen til grinda inn til Myramarka repeterte eg salmeverset, som som regel sat spikra, men om ikkje, fekk eg lesa over det eit par gonger når eg kom fram til skulen.  Dei håle bergskrentane opp frå vegen gjekk fort, og om det var svedl, så gjekk ein berre utanom, på stigen.  Mr fylgde ein gamal kjerreveg over marka når me skulle på skulen, og som alltid kunne du fylgje med årstidene, med kvitveis om våren, myrull på sommaren, blåbær og blokkebær på hausten, og rimkledd lyng på vinteren.  Hadde det regna, var det vått, var det kulde var det små islagde pyttar, og det kunne regna på tvers på dei mest vindfulle stadene.  Dei mørke store granene gav livd for ver og vind, medan kasta kjendest betre når du nærma deg  Lona. Lona var ein still og roleg liten bekk med ei klopp du måtte over for å kome vidare. Bekken rann som oftast fint under steinhellene du gjekk over, og hadde ein tid, var det moro å sende nokre strå eller kvistar under brua for å sjå dei att på andre sida. Du kunne av og til høyre eit plask lenger oppe, for oteren heldt i sumpane. 



Kyrne og hesten deira Myrane gjekk i utmarka, og var eit lite uromoment, for dei var store og litt farlege. Men heldigvis var det lite gras attmed vegen, så det var sjeldan me såg dei. 

Men haust og vår kunne den uskuldige Lona sige faretrugande, og vere høg og farleg for små barneføter. Vatnet kunne gå over støvlane, og straumen kunne vera strid for den som var liten. Når veret var slik, kom dei i Myrane, Konrad, Oline og Klara ned til bekken og loste oss småungane trygt over straumen.  Det var ein slik fin gest, eit vitnemål om at dei brydde seg om dei som var små. Dei forlet morgonstiet med kyrne, og kom stigande ned med oljehyre og store støvlar for å hjelpe til.



Skulevegen gjekk attmed heimehusa deira, og småskuleungane gjekk forbi fjøset. Ofte kom ein av dei ut for å sile mjølka når dei gjekk forbi. Eine syster mi fortalde kor kjekt det var å møte dei og prate, for dei brydde seg. Dei vart mest skuffa om ingen kom ut. 



Dei store ungane tok ein annan veg over jorda deira. Vi møtte storvegen, og ofte såg me skulekameratar lengre ned i vegen. Vi stoppa og venta, for å fortelje siste nytt, og høyrde deira historiar. Skulehuset var ope, og der var det varmt og godt, for dei i Midtgarden hadde tent opp i omnen.  Vi sette oss med pulten, småprata, samanlikna lekser, og las stilane til kvarandre. Me repeterte salmeverset, katekisma og bibelsoga. For det var alltid kristendom i første time.  Så kom læraren, og me reiste oss opp ved pulten. Gutane bukka og jentene neia. Skulen kunne ta til. 



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar